Både arabisk og arameisk er semittiske mål. I dag er det litet att av arameisk i millomausten, men det liver enno arameiske mål i sume syriske og irakiske landsbygder. Visstnog finst det tilflutte talarar i Jordan òg. Men tidlegare i sogo var arameisk myket vidare brukad, og heilt frå då arabisk fyrst vart skriftfest, hev arameisk verkat på målet på ymsa viser. Kring 600-talet var arameisk attpåtil det vidaste talade tungemålet sør i Levanten. Då er det inkje til undring at måli vekslat ord og måldrag.
Detta stykket er ei stutt samling av døme på kor arameisk hev sett spor i arabisk. Det gjeld både fyre høgarabisk (al-fuṣḥā) og levantisk arabisk (aš-šāmī).
Arameisk er eit nordvest-semittisk mål, medan arabisk er eit sentral-semittisk eit. Tidlegare var det myket umstridt korleides dei semittiske måli var skylde, men den sigrande meiningi i dag byggjer på store kløyvingar i segnordbygnaden, og fører til ættartreet synt under:
Det er ein utbreidd tanke at arabisk breiddest frå den arabiske halvøyi og ut i resten av Millomausten. Det høver òg med seinare mynster i sogo, der arabisk når heilt til Spania. Men målgranskarane i dag er stort sét samde um at arabisk hadde frumheimen sin ein stad i Sørlevanten. Jf. bilætet nedanfyre, henta frå Ahmad Al-Jallad si klasseromshandbok i arabisk målsoga:

Grunnen til at ein meiner det, er at dei eldsta innskrifterna på arabisk er frå detta umkvervet. So er det fyrsta arabiskskrivande kongedømet å finna her, nemlega nabateararne. Dei skal me tala meir um i dei komande bolkarne
Som nemnt var arameisk det dominerande målet i detta umrådet frå gamalt. Arabisk vaks altso fram kringsett av arameisk, og det gjorde at påverknaden var der heilt frå fyrstningi. Det fyrste folket som tok til å nøyta arabisk i skrift var nabateararne, dei som bygde steinbyen Petra. Petra var eit handelskongedøme som soknade til den breidare arameisk-talande kulturen i Levanten på den tidi, men modersmålet deira var fyrst og fremst arabisk. Det veit me med di arameisken deira var tydelega arabisk-påverkad. Det kjem t.d. fram med sjølvljodsmynster som vert lånte beinleides frå arabisk, t.d. mdkwr (maðkūr, passiv partisipp av dhakara 'hugsa') i staden for det heimlege arameiske dkyr (uviss korleides det skal vokaliserast, men det er i alle fall ein passiv partisipp). Elles er det ei stor mengd lånord som fær sleppa til i innskrifterna deira, t.d. lʿn, ʿyr og ḥlyqh frå arabisk laʿana, 'forbanna', ghayr 'anna en' og ḥalīqah 'sed, skikk'.

I tillegg er mange serlega religiøse ord frå arameisk. I dag er dei sterkt tilknytte koranen og islam, men som med myket annat, er nog detta endå eit døme på at islam i stor mun bygde på tidlegare abrahamiske tradisjonar som allereide fanst i på den arabiske halvøyi. Døme på koranske ord av arameisk upphav er synte fram i tavlo under:
| Arabisk | Arameisk | Tyding |
|---|---|---|
| /ʾaslam/ | /ʾaʃlem/ | Å kasta seg under, taka til seg den nye trui |
| /baːb/ | /vaːvaː/ | Inngang, dyrr, dyrrgota |
| /rabː/ | /rabː/ | Herre |
| /sabiːl/ | /ʃviːlaː/ | Veg, stig, leid |
| /sabt/ | /ʃabθaː/ | Sabbat |
| /safiːnah/ | /sfi(n)taː/ | Skip, skuta |
| /ʿaːlam/ | /ʿaːlmaː/ | Verd, jordi |
| /ʿiːd/ | /ʿiːðaː/ | Fest, feiring |
| /madiːnah/ | /mdi(n)taː/ | By |
| /malakuːt/ | /malkuːθaː/ | Kongerike, kongedøme |
| /masiːħ/ | /mʃiːħaː/ | Kristus, messias |
Ein ser her at ljodrett er dei arameiske formerna sers ulike dei arabiske. Det er for di dei kom frå eit sers gamalvoret arameisk målstig som vantade begadkefat-ljodbrigdet, som gjorde stogg til frikativar i seinare arameiske målstig. Attåt det, er det òg ei ā-ending dei fleste substantivi her. Det kjem av at arameisk seinare gjorde den bundne artikkelen -ā til ei generell substantivending.
Måten ein veit med vissa at dei må vera arameiske lån som er vortne tilmåtade det arabiske målet, er at dei tilsvarande arabiske konsonantrøterna ikkje hev same tydingi. T.d. tydde kataba og darasa sogelega 'sy/setja saman' og 'utsletta' på arabisk, men dei vanlege tydingarne av ordi i dag er 'skriva' og 'studera' etter tydingarne til dei arameisk skyldordi. So er lånordi jamt yver vortne sterkt innbygde i arabisk, slik at det finst mange avleidingar av dei som døl at dei er serlega gamle lån. I norsk samanheng, liknar det på at me hev mange ordformer som ser heilt norske ut, men som i røyndi er frå aust. (jf. me ~ vi, hå(g) ~ høg, veter ~ vinter og kreppa ~ krympa).
Den gamle arameiske påverknaden hev, so vidt eg veit, hovudsaklega å gjera med ordtilfanget. Men upp mot nyare tid var arameisk talad i myket større umfang en i dag, og mange landsbyar var tvomælte heilt fram nylega. Detta tette sambandet hev gjort so at nokre grammatiske strukturar er vortne lånte inn i dei levantiske målføri.
Preposisjonen la
Preposisjonen lā (standardarabisk ilā 'til, åt' eller li-/la- 'for, til') kunde brukast til å merkja det direkte objektet i nyarameiske mål, dvs. som eit slags akkusativmerke. Det same finn me i levantiske mål. I slike høve er det direkte objektet speglat med objektsklitikon på verbet. Den same setningi kann òg lagast utan denne konstruksjonen: ʃift Aħmad.n
| ʃif-t-o | l-Aħmad |
| sjå-PST.1SG-3SG.M | ACC-Aħmad |
So er det òg ein jamn tendens til å skifta ut preposisjonen ʾilā 'til' med l- 'for' og ʿalā 'på' i både arameisk og levantinsk.
Hinne for tridjepersons fleirtal hum
Klassisk arabisk skil millom hum 'dei (hank.)' og hunna 'dei (hok.)'. I Nordlevanten hev ein ymse former som likjest hokynsformi, men med yvervegt av /i/; den vanlegaste formi er hinne. I målføri er det vanlegt med u > i, men former som hinne er å finna på stader som ikkje hev nokon slik yvergang. Serlega uppljosande er det at nokre syriske landsbygder hev hinnon (hank.) og hinnen (hok.), som rimelegast må vera lånte frå vestleg nyarameisk hinnun og hinnin med same tyding.
| Tridjeperson fleirtal 'dei' | Hankyn | Hokyn |
|---|---|---|
| Høgarabisk | hum | hunna |
| Syrisk (Hama) | hinnon | hinnen |
| Nyarameisk (vest) | hinnun | hinnin |
| Libanesisk (Beirut) | hinne | hinne |
| Jordansk (Amman) | homme | homme |
Sørlevantiske mål, som det Amman-bymålet i Jordan, hev formi homme med eit e-etterfeste. Trulega kjem detta frå analogi med huwwe 'han' og hiyye 'ho'.
Nyarameiske lånord
I heile Levanten finn ein ei rad lånord som ålment er sett som berre "målføreord", som i røyndi gjeng attende til arameisk. Det som er løgjet med deim er at dei er sers ålgjengde ord i talo. Døme på slike i tavlo nedanfyre:
| Høgarabisk | Levantisk | Nyarameisk |
|---|---|---|
| /radʒul/ 'mann' | /zalam(e)/ 'mann, kar' | zaləmθā 'mann, kar' |
| /ħarː/ 'varm, heit' | /ʃawb/, /ʃoːb/ 'varm, heit' | /ʃawbā/ 'sumarsverme' |
| /intaðˠara/ 'venta' | /natˠar/ 'venta, verna' | /ntˠar/ 'verna' |
| /libs/ 'klæde' | /labʃe/ 'klæde' | /lvaːʃaː/ 'klæde' |
| /salax/ 'draga av, taka burt' | /ʃaleħ/ 'kleda av seg' | /ʃlaħ/ 'kleda av seg' |
Ulikt dei rettelega gamle lånordi som me dryfta tidlegare, hev dei nyarameiske lånordi haldet betre på den arameiske uttalen. Til dømes er arameisk /ʃ/ vedhalden i /labʃe/ og /ʃawb/, endå um arabisk hev /s/ i skyldordi (jf. høgarabisk /libs/). So er /ħ/ vedhalden i /ʃaleħ/, som er /salax/ på arabisk, di frumsemittisk *x vart /ħ/ i nyarameisk (då serlega syriak).
Som me hev sett i detta stykket, gjeng den arameiske påverknaden djupt i det arabiske tungemålet. Påverknaden gjeng heilt attende til dei fyrste nedskrivne arabiske ordi, og heilt fram til dei nyarabiske talemåli i Levanten i dag.
Då eg var på utveksling i Jordan, tykte eg alltid det var spennande når eg fann ut at ord me hadde lært ute på gato, kunde sporast attende til detta ørgamle semittiske syskenmålet som ein gong var stormålet i Millomausten. Og når ein verkelega røkjer etter, ser ein at det ikkje berre er tale um eitt og annat småord, men eit røynlegt arameisk substrat gøymt inni den arabiske målbunaden.
Jan Retsö: Aramaic (Syriac) Loanwords i Encyclopaedia of Arabic Language and Linguistics. s. 178-182.
Monferrer-Sala, J. P: Influences of Aramaic on dialectal Arabic i Archaism and innovation in the Semitic languages: Selected papers. s. 129-136
Ahmad Al-Jallad: A Manual of the Historical Grammar of Arabic.
(før upp kjeldo for nabetansk arabisk/arameisk seinare)