Både arabisk og arameisk er semittiske mål. I dag er det lite att av arameisk i millomausten, men det liver enno arameiske mål i sume syriske og irakiske bygder. Visstnog finst det tilflutte talarar i Jordan òg. Men tidlegare i soga var arameisk mykje vidare bruka. Heilt frå arabisk fyrst vart skriftfest, hev arameisk påverka det på ymse måtar. Ikring 600-talet var arameisk attpåtil det vidaste tala tungemålet sør i Levanten. Då er det neppe til undring at måli utveksla både ord og måldrag.
Detta stykket er ein stutt gjennomgang av umråde der arabisk hev vorte påverka av arameisk. Dei tvo arabiske måli eg skal tala um i høve til det, er høgarabisk (al-fuṣḥā) og levantisk arabisk (aš-šāmī).
Arameisk er eit nordvest-semittisk mål, medan arabisk er sentral-semittisk. Tidlegare var det mykje umstridt korleis den semittiske målætta hekk saman. Men den sigrande uppfatningi kann synast fram slik som i tavla under:
Det er ein utbreidd tanke at arabisk breiddest frå den arabiske halvøyi og ut i resten av Millomausten. Det høver òg med seinare mynster i soga, der arabisk vert knytt til imperiell ekspansjon. Men målgranskarane i dag er stort sétt samde um at arabisk hadde frumheimen sin ein stad i Sørlevanten. Jf. bilætet nedanfyre, henta frå Ahmad Al-Jallad si klasseromshandbok i arabisk målsoga:

Grunnen til at fleire no meiner at arabisk må ha breidt seg ut frå Levanten, er at dei eldste innskriftene på arabisk er frå detta umkvervet. So er det fyrste arabiskskrivande kongedømet å finna her, nemleg nabatearane. Dei skal me tala meir um i dei komande bolkane
Som nemnt var arameisk det rådande målet i Levanten frå gamalt. Arabisk voks altso fram umringa av arameisk, og det gjorde at påverknaden var der heilt frå fyrstningi. Det fyrste folket som tok til å nytta arabisk i skrift var nabatearane, dei som bygde steinbyen Petra. Petra var eit handelskongedøme som sokna til den breidare arameisk-talande kulturen i gamal-Levanten, men morsmålet deira var fyrst og fremst arabisk. Det veit me med di arameisken deira var tydeleg arabisk-påverka. Det kjem t.d. fram i sjølvljodsmynster som vert lånte beinleis frå arabisk, t.d. mdkwr (maðkūr, passiv partisipp av ðakara 'hugsa') i staden for det heimlege arameiske dkyr (dakīr? uviss korleides det skal vokaliserast, men det er i alle fall ein passiv partisipp). Elles er det ei stor mengd lånord som fær sleppa til i innskriftene deira, t.d. lʿn, ʿyr og ḥlyqh frå arabisk laʿana, 'forbanna', ghayr 'anna en' og ḥalīqah 'sed, skikk'.

I tillegg er mange religiøse ord frå arameisk. I dag er dei sterkt tilknytte koranen og islam, men som med mykje anna, er nog detta endå eit døme på at islam i stor mun bygde på tidlegare abrahamiske tradisjonar som allereide fanst i på den arabiske halvøyi. Døme på koranske ord av arameisk upphav er synte fram i tavla under:
| Arabisk | Arameisk | Tyding |
|---|---|---|
| /ʾaslam/ | /ʾaʃlem/ | Å kasta seg under, taka til seg den nye trui |
| /baːb/ | /vaːvaː/ | Inngang, dyrr, dyrrgota |
| /rabː/ | /rabː/ | Herre |
| /sabiːl/ | /ʃviːlaː/ | Veg, stig, leid |
| /sabt/ | /ʃabθaː/ | Sabbat |
| /safiːnah/ | /sfi(n)taː/ | Skip, skuta |
| /ʿaːlam/ | /ʿaːlmaː/ | Verd, jordi |
| /ʿiːd/ | /ʿiːðaː/ | Fest, feiring |
| /madiːnah/ | /mdi(n)taː/ | By |
| /malakuːt/ | /malkuːθaː/ | Kongerike, kongedøme |
| /masiːħ/ | /mʃiːħaː/ | Kristus, messias |
Ein ser her at ljodrett er dei arameiske formene sers ulike dei arabiske. Det er for di dei kom frå eit sers gamalvore arameisk målstìg som vanta begadkefat-ljodbrigdet, som gjorde stogg til frikativar i seinare arameiske målstìg. Attåt det, er det òg ei ā-ending på dei fleste substantivi her. Det kjem av at arameisk seinare gjorde den bundne artikkelen -ā til ei generell substantivending.
Måten ein veit med vissa at desse ordi må vera arameiske lån som er vortne tilmåta det arabiske målet, er at dei tilsvarande arabiske konsonantrøterne ikkje hev same tydingi. T.d. tydde kataba og darasa sogeleg 'sy/setja saman' og 'utsletta' på arabisk, men dei vanlege ordtydingane i dag er 'skriva' og 'studera' etter tydingane åt dei arameisk skyldordi. So er dei eldste arameiske lånordi jamt yver vortne so sterkt tilmåta og bygde inn i arabisk, at det finst mange avleidingar frå deim som dỳl at dei er lån i heilo. I norsk samanheng, liknar det på at me hev mange ordformer som ser heilt norske ut, men som i røyndi er frå austnorderlendsk. (jf. me ~ vi, hå(g) ~ høg, veter ~ vinter og kreppa ~ krympa).
Den gamle arameiske påverknaden hev, so vidt eg veit, hovudsakleg å gjera med ordtilfanget. Men upp mot nyare tid var arameisk tala i mykjee større umfang en i dag, og mange landsbyar var tvomælte heilt fram nyleg. Detta tette sambandet hev gjort so at nokre grammatiske strukturar hev sige inn i dei levantiske målføri.
Preposisjonen la
Preposisjonen lā (standardarabisk ilā 'til, åt' eller li-/la- 'for, til') kunde brukast til å merkja det direkte objektet i nyarameiske mål, dvs. som eit slags akkusativmerke. Det same finn me i levantiske målføre. I slike høve er det direkte objektet spegla med objektsklitikon på verbet. Den same setningi kann òg lagast utan denne konstruksjonen: ʃift Aħmad.n
| ʃif-t-o | l-Aħmad |
| sjå-PST.1SG-3SG.M | ACC-Aħmad |
So er det òg ein jamn tendens til å skifta ut preposisjonen ʾilā 'til' med l- 'for' og ʿalā 'på' i både arameisk og levantinsk.
Hinne for tridjeperson fleirtal hum
Klassisk arabisk skil millom hum 'dei (hank.)' og hunna 'dei (hok.)'. I Nordlevanten hev ein ymse former som likjest hokynsformi, men med yvervekt av /i/; den vanlegaste formi er hinne. I målføri er det vanlegt med u > i, men former som hinne er å finna på stader som ikkje hev nokon slik yvergang. Serleg uppljosande er det at nokre syriske bygder hev hinnon (hank.) og hinnen (hok.), som rimelegast må vera lånte frå vestleg nyarameisk hinnun og hinnin med same tyding.
| Tridjeperson fleirtal 'dei' | Hankyn | Hokyn |
|---|---|---|
| Høgarabisk | hum | hunna |
| Syrisk (Hama) | hinnon | hinnen |
| Nyarameisk (vest) | hinnun | hinnin |
| Libanesisk (Beirut) | hinne | hinne |
| Jordansk (Amman) | homme | homme |
Sørlevantiske mål, som bymålet i Amman i Jordan, hev formi homme med eit e-etterfeste. Truleg kjem detta frå analogi med huwwe 'han' og hiyye 'ho'.
Nyarameiske lånord
I heile Levanten finn ein ei rad lånord som ålment vert rekna som reine "målføreord". Fleire av desse er i røyndi arameiske lånord. Det som er løgje med deim er at sume av dei er sers ålgjengde ord i talemålet. Døme på slike er:
| Høgarabisk | Levantisk | Nyarameisk |
|---|---|---|
| /radʒul/ 'mann' | /zalam(e)/ 'mann, kar' | zaləmθā 'mann, kar' |
| /ħarː/ 'varm, heit' | /ʃawb/, /ʃoːb/ 'varm, heit' | /ʃawbā/ 'sumarsverme' |
| /intaðˠara/ 'venta' | /natˠar/ 'venta, verna' | /ntˠar/ 'verna' |
| /libs/ 'klæde' | /labʃe/ 'klæde' | /lvaːʃaː/ 'klæde' |
| /salax/ 'draga av, taka burt' | /ʃaleħ/ 'kleda av seg' | /ʃlaħ/ 'kleda av seg' |
Ulikt dei retteleg gamle lånordi som me dryfte tidlegare, hev dei nyarameiske lånordi halde betre på den arameiske uttalen. Til dømes er arameisk /ʃ/ vedhalden i /labʃe/ og /ʃawb/, der arabisk hev /s/ i skyldordi (jf. høgarabisk /libs/). So er /ħ/ vedhalden i /ʃaleħ/, som er /salax/ på arabisk, di frumsemittisk *x vart /ħ/ i nyarameisk (då serleg syriakisk).
Som me hev sétt i detta stykket, gjeng den arameiske påverknaden djupt i arabisk. Påverknaden gjeng heilt attende til dei fyrste nedskrivne arabiske ordi, og heilt fram til dei nyarabiske talemåli i Levanten i dag.
Då eg var på utveksling i Jordan, tykte eg alltid det var spennande når eg fann ut at ord me hadde lært ute på gata, kunde sporast attende til detta ørgamle semittiske syskenmålet som ein gong var stormålet i Millomausten. Og når ein verkeleg røkjer etter, ser ein at det ikkje berre er tale um eitt og anna småord, men eit røynlegt arameisk underlag gøymt i dei tradisjonelle levantiske målføri.
Jan Retsö: Aramaic (Syriac) Loanwords i Encyclopaedia of Arabic Language and Linguistics. s. 178-182.
Monferrer-Sala, J. P: Influences of Aramaic on dialectal Arabic i Archaism and innovation in the Semitic languages: Selected papers. s. 129-136
Ahmad Al-Jallad: A Manual of the Historical Grammar of Arabic.
(før upp kjeldo for nabetansk arabisk/arameisk seinare)