Avløysarar for 'conlang' på norsk

Av Lucas
Nov. 8, 2025

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • gil_icon Kløngjing
  • dirtsekk (sekk med drit) Drit

På engelsk hev det vakset fram eit sers fint og nøytande umgrip for menneskjeskapade tungemål: conlang, etter constructed language. Etter same mynsteret hev ein fenget ei rad med slike umgrip for andre slag conlangs, som engelang for engineered language, artlang for artistic language, og auxlang for auxiliary language. Med detta, kjem og verbet to conlang (t.d. he conlangs), og avleidd frå det att fær ein a conlanger. Som eit skjemteord hev ein a clong, som kann nøytast um det ein elles kallar a jokelang, men det vert òg nøytt som eit ålment ord for conlang.

Som vanen er elles i dag, tek nordmenner ofta dei engelske umgripi beinleides inn i norsken deira. Det hev eg lyst å bøta på. Me her på Gil hev funnet på nokre flotte avløysarar, so her skal eg leggja dei bert fram :]

Klong, å klyngja, klyngd

Detta ordet er lagat i mynster etter engelsk clong, skjemtesamandraging av conlang, men sett i system. I mynster etter andre norske ord som syngja - song og tyngja - tyngd, hev me fenget desse formerna: klyngd, (å) klyngja, og klong.

Klong er ei uppnorskad utgåva av clong. So vart verbet kløngja (klǿngja) avleidd or det att, og på same visi d-namnordet kløngd. Men so fann me ut at detta mynsteret ikkje gjev heilt meining når ein ser på framvoksteren i andre norske ord og ljodskifti og ljodbrigdi i dei. Eg hev i alle fall ikkje greidt å finna eitt gjerningsord med lang ǿ og ei etterfylgjande ngj-klyngja.

Løysingi vart, som de ser, å skifta ut ǿ-vokalen med ỳ (stutt y). Det tok litt tid fyre denne formi feste seg, men i dag er ho vorti meir eller mindre einerådande hjå oss. Likefullt ser eg ikkje store vanden med formi kløngja, som ein helder kann tenkja på som ei målføreleg form med ỳ > ø.

Men, er denne klyngja-formi sogelega rimeleg? Kunde ho hava ovrat seg soleides i norsk målsoga? Ja. Det kann ho. Ein kann tenkja seg ein sovoren framvoskter frå frumtydversk til gamalnorsk og so nynorsk:

Tenkt framvokster av avløysararne
Frumtydversk Gamalnorsk Nynorsk
Namnord *klunga *klong klong
Gjerningsord *klungjaną *klyngja klyngja
iþō-avleiding *klungiþō *klyngd klyngd

Dei gjerningsordavleidde formerna byggjer på tyngja, som hev roti *þung-. Namnordsformi byggjer på ord som horn og korn, som kjem frå *hurna og *kurna. Detta inneber sjølvsagt at klong er inkjekyn (pga. -a, jf. horn og korn), og klyngd er hokyn, som med alle andre tilsvarande namnord på -d.

Sams for alle desse er at dei hev rotvokalen -u-, som kjem frå frumindoeuropeisk inkje-stig (zero grade). Ei løgjeleg fylgja av det, er at roti då fær ein tydeleg samanheng med namnordet klang. Endå um ordet trulega er nyare, anten eit nylagat ljodord eller eit tyskt lån, kann ein tenkja seg at det kjem av eit frumtydverskt *klangaz. Denne a-en er sogelega det frumindoeuropeiske o-stiget til *klung-!

Med det, hev altso desse avløysararne den fyremunen at han fyreset ein samanheng klang, altso 'ljod, ljom', som er sers høvande for eit ord fyre menneskjeskapade mål.

Andre avløysarar

Her legg eg fram nokre andre avløysarar for kjende klyngjarord i engelsk.

Engelsk Norsk Utdjuping
Engelang gognarmål? Me hev kje eit verb nett som 'to engineer' på norsk. Tydingi her er noko som 'tillagat' eller 'til utrøyning'. Vanlege typar er logiske og filofiske klyngder.
Artlang kunstmål, vænmål, (el. -klyngd) Kunstmål er allereide nøytt som ålment ord for 'conlang' på bokmål, so her er mistenkjer at 'vænmål' eller dilikt er betre.
Auxlang brumål, yrkesmål (el. -klyngd) Bru-, di det byggjer bruer! Jf. engelsk 'bridge language', onnor nemning fyre auxlang.
Jokelang skjemtemål (el. -klyngd) Her kann ein vera meir kreativ men eg kjem kje på nokot betre

Fortel meg gjerna um de kjem på nokon betre framlegg!