Denne artiklen er fyrste part i ein serie av artiklar som skal lysa utviklingi av dansk frå fellesnordisk og samanliknar med norsk. Eg skal draga paralellar til norsk heile vegen igjennom, og eg skal gjeva døme på ljodsamsvar (sound correspondences) mellom norsk, andre norderlendske mål og dansk. Det vert ikkje noko gjennomført og det er ikkje mogleg å skriva noko som fullt lyser alle samsvari mellom norsk og dansk eller gjer det mogleg å skyna all dansk, men eg vonar at det er interessant likevel, og at det kanskje kann hjelpa dykk litt til å skyna dansk betre.
Her er det lenkje til neste artikkel når han er komen ut.
Flestalle er nok godt kjende med omgrepet blaute konsonantar som me òg kjenner i Noreg og Sverike (og til og med færøysk og islandsk, men det er ofte ikkje tala om på same måte - sjå òg Lucas sin artikkel om lenisering i Midt-Helgelandsk). Dette omgrepet handlar om lenisering av stoggljodane (plosivane) p, t og k etter vokal. På norsk, svensk, færøysk og islandsk hev denne leniseringi berre effekten at dei vert ein annan meir stemd stoggljod. Dei misser aspireringi og vert kanskje lutvist eller heilt stemde. Ein plar å merka denne utviklingi som p t k > b d g (/ _V), og det er òg det ein ser i dansk skrift og er noko som folk kjenner til i Noreg pga. norsk-dansken som enno hev blaute konsonantar i nokre ord på bokmål, en om flestalle er vortne harde att.
På dansk gjekk desse eit steg lenger enn berre å verta stemde. Dei gjekk vidare til å verta frikativar/approksimantar. Dette hende òg på dei vestromanske måli som t.d. spansk og fransk (der fransk ofte heilt miste desse nye ljodi) agua [aɣwa] og eau [o] som kjem frå latin aqua [akʷa]. Dansk hadde altso som vestromansk p t k > β ð ɣ etter vokalar, men desse [β ð ɣ] er ikkje kva me finn i moderne rigsdansk og ei helder i målføri i motsetnad til spansk. I staden er *β reflektert som [b̥] og stundom [w] på rigsdansk og *ɣ som [j w Ø] medan *ð er den kjende danske sereigne blaute D-en. Eldre rigsdansk hadde faktisk [ɣ] som i dei jyske målføri, men øymåli (som inneheld dei på Sjælland) hadde tidleg lenisert [ɣ] vidare til [j w Ø] som moderne rigsdansk.
Altso hev me p t k > b/w ð w/j/Ø på moderne rigsdansk og dette gjev jo kjempegod meining med [β ð ɣ] som mellomsteg og liknar veldig på utviklingar me ser på t.d. finniske mål. Dette med at *β er reflektert som [b̥] på rigsdansk er derimot litt rart. Øymåli hadde gjennomført *β som [w] og dette forklårar kvifor ein stundom hev [w] i nokre ord, men kvar kjem [b̥] då av? Ja, det er truleg berre leseuttale (!!!). Dette fenomenet er ikkje so ukjent i standardmål rundt i verdi. Fonem hev fenge ein heilt i målføri ukjend realisering som berre er påverka av korleis me skreiv og truleg korleis dei som lærde oss skrifti uttala dei bokstavene. Noko liknande som hev hendt er at finsk [ð] vart [d] av svensk påverknad. Noko ein til dømes ikkje finn på kvensk[citation needed].
For å gjera samsvaret litt klårare skal eg visa nokre døme på ord der ein ser desse blaute konsonantar på dansk med det tilsvarande norske ordet. Ljodsamsvari som me bør sjå er b - p, t - d, k - g etter vokalar medan me ser p - p, t - t, k - k i framljod og i samband med andre konsonantar (òg seg sjølv):
Dansk | Norsk | Note |
---|---|---|
sæbe | såpe | Dansk hev æ-en ifrå lågtysk |
kat | katt | Dansk stavnad skriv ikkje tvifelde konsonantar i slutten av ord, men det tyder ikkje vokalen er lang. |
tag | tak | |
stav | stav | |
skat | skatt | |
flad | flat | |
spøg | spøk | spøg er uttala som var det skrive spøj |
No veit eg (om du er litt som eg) at du lurer på korleis desse ljodi då er reflekterte i dialektene ikring i landet. Eg skal freista å gjeva eit godt overblikk på dette ved bruk ein av favorittverkyi mine: nemleg tabellen! Her kann det vera greidt med litt viten om dansk geografi so her er det eit kart av Danmark med grove inndelingar i dialektgruppor.
Når eg segjer nordjysk, meiner eg det som på kartet er Nordvest- og Nordjylland, men det er tydelege skilnader i dei to målføreområde, med austjysk meiner eg Nordøstjylland, Midtøstjylland og Djursland, men desse hev sjølvsagt òg store skilnader seg imillom. vestjysk femner om Midtvest- og Sydjylland og sønderjysk om Sønderjylland Sydslesvig nedi det moderne Tyskland. Med "sydøsk" meiner eg dei sydfynske og sydsjællandske øyane som òg hev kvar sine serlege drag.
Målførenamn* \ Ljod | β | ð | ɣ |
---|---|---|---|
Bornholmsk | v | ð ~ d | g (ɣ i gamalt yngre mål), j |
Sjællandsk | w | ð | w, j, Ø |
"Sydøsk" | w | Ø | w, j, Ø |
Fynsk | w | Ø | w, j, Ø |
Sjællandsk | w | ð | w, j, Ø |
Sørleg sønderjysk | f | r | x |
Sønderjysk | v, f | r | ɣ, x |
Vestjysk | v | ð, r, Ø | ɣ |
Nordjysk | β | Ø, ð | ɣ |
Østjysk | β, v | j, r | ɣ |
Det er altso svært fåe dialekter som hev alle [β ð ɣ], men ein finn det i det vestleg nordjysk og difor gjev det god meining å bruka symboli /β ð ɣ/ i ein fleirdialektal fonemisk analyse av Danmark - serleg med tanke på at dei andre ljodi i andre dialekter lett kann ha koma ifrå dei (og truleg hev det med unntak av bornholmsk [d g] som truleg held på eit eldre steg). Med dette hev me no gått gjennnom det trulegt viktigste målmerket for dansk utan trykklaus vokalsamanfall. Seinare skal eg koma med ei lengre skildring av korleis dansk mål hev utvikla seg.
Diverre snakkar svært fåe målføre i Danmark i dag og dei snakkar helst ein variant av rigsdansken. Difor tykkjer eg det er greidt stutt å forklåra korleis desse er reflekterte i ulike regiolektar. Generelt er uttala [v β] ganske sjeldan for /β/ i dag og ein høyrer helst berre [w] og [b̥] òg av folk som snakkar dialekt enno. Trekki frå øymåli hev altso spreitt seg.
Jysk regiolekt er oftast ganske påverka av østjysk (truleg for di mange store byar ligg der). Slik er ð > j ofte noko ein høyrer enno frå jydar i dag frå alle stader medan ð > r er ganske sjeldan. I tillegg er fullkomen bortfall av blaut D òg ganske vanleg men å ha blaut D er ikkje uvanleg helder og spyrst for nokre av stoda i ordet eller situasjonen. På Fyn er det som i målføri bortfall ein høyrer i regiolekti, men nokre òg lært seg den blaute D-en og stundom kann ð > j hava spreitt seg dit òg. På Sjælland høyrer ein blaut D akkurat som i riksdansken og det er ganske venta sidan det er det me hev i målføri òg.
Med /ɣ/ er det ikkje mykje ymsing i regiolektene, alle regiolekter hev teke til seg det nye riksdanske systemet og uttala [ɣ] er sjeldan òg i moderne jysk dialekt. På sønderjysk dialekt (ikkje regiolekt) held [x] seg enno godt og er det mest velkjente merket for sønderjysk. Det same gjeld òg [f] for /β/.
Den germansk-kunnige lesar hev nok tenkt på at frumgermansk òg hadde [β ð ɣ] som på norrønt er reflekrte som [v ð ɣ] (stava f ð/þ g) etter vokalar, og dette er viktig og tala om. På "standardskandinavisk" (eit omgrep eg nettopp no fann på) er [ð ɣ] helst reflektert som [d g] som på SAN og rikssvensk, der dei ofte kann falla bort (serleg D på SAN). Eg treng nok ikkje segja at ð > d oftast er leseuttale (!!!!) på norsk (og visst rikssvensk òg opprinneleg), men nok om ikkje-dansk. De vil vita kva som hende med desse på dansk.
På dansk vart [v]-vokalen ein [w]-ljod akkurat som den øymålske refleksen av *β, medan [ð] heldt seg og fall saman med ny dansk blaut d frå t (ð). Stundom hev det vore burtfall av ð, men det er ikkje so vanleg. Viktigst av alt vart gamal [ɣ] lenisert vidare til [w j Ø] i gamaldansk tid òg. [w] etter runda (bakre) vokalar, [j] etter fremre vokalar og bortfall etter høge vokalar (truleg gjennom [w j] som gjekk saman i det at slike høge vokalar alt hadde (og ofte i dag hev) eit off-glide). Denne utviklingi ymsar òg litt alt etter dialekt. Til dømes er ordet for 'auga' øje på riksdansk med ɣ > j medan ein finn former som øwe på jysk og iva på bornholmsk. Altso er det mest dei fremre runda vokalane som kann ymsa. Detta er veldig likt den seinare utviklingi av k > ɣ på øymåli og moderne riksdansk.
Noko som gjer detta meir vandt er at rigsdansk hev g frå gamaldansk [ɣ] i nokre ord likevel. Årsaki til det er litt ukjent for meg og kann kanskje vera påverkand frå nærliggjande språk som svensk og lågtysk og skrift då rigsdansken byrja å taka form. Nokre døme på slike ord er dag og lag. På målføri og i nokre uttrykk i rigsdansken hev desse uttalone dav og lav, so eg hev størst grunn til å tru at det var den heimlege formi. Når me no skal sjå på ei liste av ord, er det difor greidt å ha med målføreformer òg som syner dei ulike utfalli av yvergangen frå [ɣ].
Før me går til ljodsamsvari må me òg snakka om gamalnordisk og frumgermansk [w] som vart skriven <v>. Detta finn me fyrst og fremst i framljod - og etter h (hv- var nok [xʷ], [xw] eller berre [ʍ]), men me det fanst òg til dels inni ord, men då ofte omforma. Til dømes hadde me syngva på norrønt (sjungwa på austnordisk) som seinare vart syngja. Denne [w]-ljoden hadde vanleg ein yvergang til [v] eller [ʋ] i norderlendske mål. Denne utviklingi er ganske gjennomført i vestnordiske mål og alle nordgermanske standardspråk, men ho er ikkje like gjennomført i austnordiske målføre som ofte hev [w] enno. I Danmark er detta eit tydeleg målmerke for jysk og når folk skal lata som at dei talar jysk, bytter dei ut [ʋ] for [w]. På målføri er det sjølvsagt litt meir komplisert, men ikkje mykje. Fyrst og fremst må eg presisera at eg berre skal snakka om v i framljod då v (òg frå fellesnordisk [v] <f>) etter vokalar er [w] i alle danske mål. Sønderjysk hev aldri [w] i framljod og hev berre [v] som øymåli og riksdansk. Elles hev alle hine jyske målføre [w] når det kjem ein annan konsonant etterpå, og detta gjeld òg hv- (nynorsk kv-) som berre er v- på sønderjysk og andre målføre i landet. Dei segjer altso hval med [hw-] ([ʍ-]) og svin med [sw-]. På nordjysk og det ytterste austjysk er v- alltid [w], men i resten i størsteparten av Jylland gjeld reglen at v- er [w] fyre baktungevokalar (a tel med her) og [ʋ~v] fyre framtunge vokalar. Altso vi [vi], vand 'vatn' [wanʲ] (med fleire) og hvid 'kvit' [hwiˀ(ð/j)].
Okay, gredit! Då kann me setja opp ljodsamsvar og sjå på nokre fleire orddøme. Me hev fyrst og fremst dei trivielle samsvari: b - b, d - d, g - g, v - v. Desse finne me i framljod og i nokre serlege ord og avheng litt av målføre. Dernest hev me d - d [Ø], g [ɣ, j, w, Ø] - g [Ø, g], v - g, j - g, Ø - g, w - v. Desse ser veldig forvirrande ut, men bør gjeva meining med tanke på kor like ljod er og teksten oppover.
Dansk | Norsk | Note |
---|---|---|
dag [dɛˀj], (dial.) dav | dag (often utan g) | unntakvis g > g |
blad [b̥læð] | blad | |
sav [sæw] | sag | |
øje, (dial) øwe, (born.) iva | auga (ofte utan g) | |
mave | mage | |
sejr (eldre skrive sejer òg) | siger | |
hav [haw] | hav | |
hval [vɛˀl] [hwaˀl] | kval | |
vise [ʋiːsə], [ʋijs], [wijs] | visa | |
vand [ʋænˀ], [vanˀ(ʲ)], [wanʲˀ], [waˀj] | vatn | -tn > -nd ([n]) er vanleg utvikling |
svin [sʋiˀn], [swiˀjn] | svin | |
gøg [gøˀj] | gauk | au > ø |
Denne artiklen vart litt rotut og ljodsamsvari vart litt mindre klåre enn eg kunne ha tenkt meg, men eg meiner at detta greider ut dei viktigste skilnadene mellom dansk og norsk konsonantisme. Seinare skal eg skriva meir om vokalar og grammatikk og eg skal freista å setja opp ljodendringar i nokorlunde kronologisk rekkjefylgje. Eg vonar detta var interessant å lesa. Detta er iallfall noko eg hev vilja skriva om lenge og som eg ofta hev snakka om.