Målet med denne teigen er å syna at ei rad norske målføre ikkje hev det som bokheimen kallar dativ, men helder preposisjonalis: ei bøygingsform av substantivet som serskilt kjem fyre etter preposisjonar.
Ei stor leiva etter det gamalnorske kasussystemet i norske målføre er dativ. I alle måli med dativ er det i den bundne formi at dativ hev halde seg, men elles fungerer kasuset meir eller mindre som på gamalnorsk i fleirtalet av dativmåli. Kasuset merkjer:
Serleg trønderske målføre held godt ved alle desse bruksumrådi. Men dei målføri som ligg i grenselandet yver til dativlause umråde, hev ofte redusert bruk. Mitt eige mål, vefsnmålet, er eit slikt eitt, men det eg skal dryfta her er minst like gjeldande for andre målføre med liknande framvokster.
Dativburtfallet i vefsnmålet
Av alle dei umtala bruksumrådi i bolken yver, hev vefsnmålet berre 2. og 3. Det er altso berre mogeleg å ha dativform etter preposisjonar. Samstundes hev fleirtalsendingi -o (-om) falle heilt or bruk burtsett frå einskilde faste stadnamnsuttrykk og segjemåtar. Jamført med dei andre målføri på Helgeland, hamnar vefsnmålet ein stad imillom; ranværingsmålet lenger nord hev endå mindre bruk frå gamalt, og då einast i nokre stadnamn og faste uttrykk; brønnøymålet hev umlag like mykje som vefsnmålet, berre at dei òg hadde fleirtalsformi i livande bruk. Med andre ord er det ein slags stigvis yvergang frå "mykje dativ" i trøndelag, til mindre og mindre di lengre nord ein fer upp i landet.
Målføra med "lite dativ"
Alle måli eg kjenner til som hev "lite dativ" er som vefsnmålet på den måten at dei berre hev eigi bøygingsform etter preposisjonar. Soleis er namnet 'dativ', som syner til bruk 1. (indirekte objekt), lite å gjera med korleis desse bøygingsformene i røyndi vert bruka i desse målføri.
Umgripet 'dativ' på gamalnorsk var allereide nogo utydelegt og er ofte umtala som eit 'sekkekasus' (sidan mange ulike funksjonar er samla under ei og same bøygingsform). Millom desse funksjonane er:
Samstundes nøyter ein det for komitativ med preposisjonar som hjá, nǽr og mót. Fylgja av detta bruksmangfaldet er at upphavleg dativ (indirekte objekt) er sjeldnare enn mange av dei andre bruksmåtane. Då er det ikkje til undring at utkantsmåli i dativland misser desse sjeldnare måtane å nøyta dativformene på.
Sidan ordet 'dativ' på tvers av mål skal syna til merking av indirekte objekt, tykkjer eg det er misvisande at me held fram å nøyta detta umgripet i målføre der formene berre finst etter preposisjonar. At me kallar det for 'dativ' er serleg uheppe, i og med at det allereide finst eit kasus som fungerer just på denne visi: preposisjonalis (eller postposisjonalis i måli med etterstelde styreord, med adposisjonalis som samnemnar for både). Som namnet røper, er detta eit kasus ein nøyter med preposisjonar. Mål som hev detta kasuset er t.d. irsk, skotsk-gælisk, mange slaviske mål, pasjto og truleg mange fleire. I alle desse høvi er ofte kasuset kalla noko anna, t.d. er mykje av det som vert kalla lokativ i slaviske mål i grunn berre preposisjonalis. Grunnen til at ein ofte nøyter ei onnor nemning er at formene kjem frå eit anna kasus i målsoga, t.d. kjem preposisjonalis i slaviske mål frå gamal lokativ.
Argument for 'preposisjonalis'
Her er det eg ser på som hovudargumenti for å nøyta nemningi 'preposisjonalis' i staden for dativ:
Argument mot 'preposisjonalis'
Av alle desse argumenti, er det berre det siste eg synest er rimelegt. Når det er sagt, kann ein lett stytta det ned til 'PREP' i skrift (og tale um du er modug nog), slik ein gjerer med 'NOM' og 'AKK' for nominativ og akkusativ. Dei andre argumenti peikar på at det er best å halda seg tru til tradisjonen. Det synest ikkje eg er noko argument; eldre (utdaterte) nemningar lyt vika for nye (meir presise) nemningar. Det er ingenting med namnet 'dativ' som syner oss at eit skilje millom påstadnemning og tilstadnemning er involvert (anna en at me kjenner til at dativ gjer slikt i germanske mål), og um so me ikkje fær preposisjonalis-formi etter i og på når det er rørsle med i bilætet, er det endå sant at ein einast fær formi etter preposisjonar.
Berre som eit løglegt sidestykke, tenkte eg å nemna at just same striden finst for irsk og skotsk-gælisk. I dei eldste grammatiske avhandlingane av desse måli, kalla ein det for 'dativ', endå um det er bøygingsformer nøytte einast med preposisjonar det er tale um. Når eg hev sytt fyre nemningi 'preposisjonalis' til vener, men då i norsk samanheng, hev me støytt på same argumenti både fyre og imot.
So meiner eg òg det er lettare å tala um dei brigdi som er hendt i målsoga um me kallar det for noko anna, for då kann me leggja tyngd på nett det at dei gamle dativformene berre er bruka etter preposisjonar i nyare norsk. Og i ein typologisk samanheng, kann ein kannhenda tala um eit slags 'livslaup' for store kasussystem som gjeng gjenom analytisk umvelting (men detta dekkjer vel berre IE-mål, so det er nog ikkje serleg nyttigt i røyndi)
| Stig 1 - Mangfald av oblike kasus (døme: Indo-europeisk) | Stig 2 - oblike funksjonar samna i færre kasus (døme: germansk) | Stig 3: Eitt kasus stend for hovudbolki av oblik-merking | Stig 4: Kasuset vert tilknytt preposisjonsbruk |
| Dativ, lokativ, instrumentalis, ablativ | Dativ, lokativ, ablativ -> Dativ, instrumentalis (men dativ dekkjer funksjonane til lok. og abl.) | Dativ, instrumentalis -> Dativ (siste attverande oblik-kasus slukt av dativ) | Dativ -> preposisjonalis |
I alle fall: poenget med å byta ut 'dativ' med 'preposisjonalis' her er å vera litt tydelegare når ein skildrar norskt mål, slik at ein slepp å nøgja seg med å segja at det og det målet hev 'lite dativ' eller berre 'leivor frå dativ'; ein kann segja at det målet hev fullkome dativ, medan hitt hev preposisjonalis.
I denne teigen hev eg lyfta fram umgripet 'preposisjonalis' og rådt til at me tek til å nøyta det i norsk målkunna. Soleis kann ein lettare lyfta fram skilnadene i korleis gamalnorsk dativ hev ovra seg i målføri. Nemningi syner betre korleis bøygingsformene det gjeld er bruka i målføri som ikkje lenger hev dativ etter verb, adjektiv og for indirekte objekt. Seinare hev eg teke fyre meg nokre av motargumenti og kvifor eg synest dei er dålege. Til sist, vil eg moda alle som granskar norskt mål og norsk målsoga å taka i bruk denne nemningi, minder de ikkje semst i tankefylgdi mi. Um so, vil eg gjerna høyra kvifor!