Her er ei snøgg undersøking av dativbrukarar i "Norske dialektar"-tenaren, laga ved hjelp av google forms. Tie folk tok undersøkingi :D
Fyrste spursmål var ganske enkelt "brukar du dativ"? Her sette eg upp fire svaralternativ: eit klårt "ja", eit halvvegs "ja" for dei som ikkje brukar det heilt fylgjerett, eit mindre tydelegt "nei" for dei som berre hev nokre restar av det, og til sist eit klårt "nei" for dei som ikkje hev nokon serskild dativbruk. Her er resultati:
Som de ser i diagrammet, var det berre ein som gav eit tydelegt "nei" her. Fleirtalet av deltakarane hev soleis dativ, endå um det er i ulik mun. Fem stykk svara "ja", og av desse var det tvo som meinte dei ikkje brukar det fylgjerett.
Næste spursmål var for dei som svara "ja" på fyrste spursmål, men her er det nog fleire av dei som svara "nei" som hev gjeve frå seg eit svar. Eg skulde nog ha gjort det slik at spursmålet berre kom fram for dei som svara "ja" på det fyrste. Men svari er likevel spennande.
Her vart eg yverraska av at ikkje fleire målføre hev dativ av verb. Eg trudde målføri der dativbruk berre er avgrensa til preposisjonar var i mindretal, men for dei tie deltakarane i undersøkingi vår er visst ikkje det tilfellet. I målføri hjå fem av deltakarane er det berre slik dativbruk ein finn. Tri av målføri hev òg dativ etter verb, og berre tvo hev det etter adjektiv.
Det var alt eg hadde å syna fram. Resultati fortel oss altso at dativ er ganske vanlegt i gruppa vår, men då fyrst og fremst etter preposisjonar, og ikkje like ofta etter verb og adjektiv. Takk for at de tok undersøkingi! :D