Detta er ei mållæra yver korleis eg (og lutvist andre eg kjenner) skriv (høg)norsk. Denne normi blir ikkje fylgt heilt gjennomført alltid, men det er mest pga. press frå den offisielle normi. Sjå sidste avsnit for meir um detta. Denne artiklen reknar med at du alt hev eit godt innsyn i nynorsk grammatikk og er litt laust presentert. Ordtilfange er ikkje relevant for denne artiklen.
Detta er det punktet min skriftlege norsk skil seg mest ut ifrå den offisielle normi.
Bøygjingsklasse | sterkt a-bøygt (hankyn; hokyn) | sterkt e-bøygt (hokyn; hankyn) | sterkt med ljodbrigde (hokyn) | sterkt e-bøygt med ljodbrigde (hankyn) | linnt bøygt (hokyn) | linnt bøygt (hankyn) | linnt bøygt (inkjekyn) |
---|---|---|---|---|---|---|---|
eintal, ubunde | stol; øy | seng; stad | bok | son, mann | trusa | time | auga |
eintal, bunde | stolen; øyi | sengi; staden | boki | sonen, mannen | truso | timen | augat |
fleirtal, ubunde | stolar; øyar | sengjer; stader | bøker | søner, menn(er) | trusor | timar | augo |
fleirtal, bunde | stolane; øyane | sengjene, stadene | bøke(r)ne | sønene, mennene | trusone | timane | augo |
(døme på ord bøygde slik) | hest, katt, ...; elv, myr, -ing, ... | bru, bygd, ...; gjest, -nad, veg, vìn, ... | stong, mus, gås, (geit), ... | vìka, kona, hylla, ... | hjarta, øyra, eista (òg hok.), ... |
O-en i -o-endingi i linnt hokyn skil seg ut ut frå trykklaus o elles. Han ættar frå gamal norsk nasalisert a eller u. Linne hokynsord enda på gamalnorsk på -an i nominativ og -un* i hine kasusi. Nokre målføre fekk sin vokal frå a-en og andre frå u-en, utan det er lett å skilja dei ifrå kvarandre idi nasalisert a kann vera vorten runda. Denne endingi kann altso ha mange ulike uttalor (mest vanlege er [u ɔ ɑ]). Fyr mange dialekter er denne endingi fallen saman med -i med det eine att at -i palataliserer fyrestandande K eller G (t.d. Karmøy boki som "bokjo" men vika som "veko").
-i ættar som -o frå ein nasalisert vokal og hev difor òg veldig mange ulike målførelege variantar. Beinast er dei som uttalar han som í elles (som tviljod mot ei i t.d. Vallemålet), og ofte òg søkkt litt til -e. Mest vanleg er at han er vorten søkkt heilt ned til ein a eller æ, som i nokre målføre er skildt frå -o og i andre ikkje som fyrr nemnt.
Klassisk nynorsk skil ikkje bundi og ubundi form av linne hokynsord. Detta tykkjer eg er leidt når det er veldig vanlegt mesteparten av landet å skilja (mest kjent det moderne statsnormerte system -e | -a som ein kjenner det i austnorsk). Nokre austnorske målføre skil i fleire klassor i fylgje jamvektsregelen. Detta vil eg ikkje tala meir om i denne artiklen.
Endingi -er i ord med ljodbrigde (ikkje den i t.d. søner) skil seg frå -er i e-bøygjingar (òg -er i søner) i di at ho på gamalnorsk var -r. Detta høyrer ein ved at fleirtalet hev tonem 1. I nokre målføre (t.d. Nordhordaland) er denne -r-en kvorven i uttala (soleis bok - bøk). I andre namnord kverv R-en frå fleirtalsendingi i bundi form. I denne bøygjingi er det valfritt, av di R-en i mange målføre enno er uttala i nett dei ordi. R-en i mann høyrer nok òg til denne gruppo, men det ufylgerett.
Desse ordi hev kule former. Tabellen er litt rotut. Skal fiksa seinare.
hankyn og hokyn | denne (-a) | den (dan) | all | heil | same | slik | ingen (hk.), ingi (hok.) |
---|---|---|---|---|---|---|---|
inkjekyn | detta | det (dat) | alt | heilt | same | slikt | inkje |
fleirtal | desse | dei | alle | heile | same | slike | ingi (-en) |
Pronomen!
1. person, eintal | 2. person, eintal | 3. person hankyn, eintal | 3. person hokyn, eintal | 3. person, inkjekyn, eintal | 1. person, fleirtal | 2. person, fleirtal | 3. person, fleirtal | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
subjekt | eg | du | han ('n) | ho | det (dat) | me, vi | de | dei |
objekt | meg | deg | han ('n), honom ('nom) | ho ((n)a), henne ('ne) | det (dat) | oss (okker) | dykk | dei, deim |
eigande, hankyn | min | din | hans | hennar | (dess) | vår | dykkar | deira |
eigande, hokyn | mi | di | hans | hennar | (dess) | vår | dykkar | deira |
eigande, inkjekyn | mitt | ditt | hans | hennar | (dess) | vårt | dykkar | deira |
eigande, fleirtal | mine | dine | hans | hennar | (dess) | våre | dykkar | deira |
I tridje person er det vanlegt (mange målføre men ikkje alle) å bruka subjektsformi òg i objektsform i mange målføre. Eg tilråder å vera konsekvent i bruken her. Nokre vel å bruka den serlege formi berre i dativ, men dativ er ikkje part av denne normi. Mange målføre brukar former av deim i både subjekt og objekt i staden for dei, men det verkar ikkje til å vera nokon målføre lenger som skil mellom begge. Det finst òg målføre som hev oss i subjektsform, og berre i Arendal vert du brukt i staden for deg. Eigeformi dess av det er ikkje vanleg og bør sjeldan vert brukt. Ei dativform di av det finn ein i mange faste uttrykk (t.d. av di, for di, etter di, ...). Ho står ikkje i tabellen sidan ho ikkje vert brukt som objektsform av det lenger.
Fåe talord kann bøygjast i kyn, men nokre er enno. Former i firkanta parentes [] er sideformer som eg ikkja tilråd, men kann brukast. Eg skriv formene i formatet: hankyn - hokyn - inkjekyn, med jamstilte former millom skråstrek
Bøygjing etter kyn er i målføri berre vanlegt fyr 1 og "vestanfjeldsk" fyr 2 berre med serskildt inkjekynsform. Fyr 3 er det nokre som hev same skilje som med 2. Berre Sætesdalen skil alle tri kyn i 1-4. Um me ser på grannemåli er det kjent i med serskilde inkjekynsformer fyr 2 og 3 i dansk og svensk òg, men ikkje fyr 4. På færøysk er det serskilde former i alle kyn i 1-3 men ikkje i 4.
Verbbøygjingi er um lag den same som på høgnorsk som òg skil seg lite ut ifrå statsnormera nynorsk. Eg skal utvida detta seinare for å gjera skilnadene klåre.
(Denne seksjonen skal gjerast klårare seinare)
/i y ʉ/ <í ý ú>
/ɪ ʏ ʊ/ <ì ỳ ù>
/e ø u/ <é ǿ ó>
/ɛ (œ) ɔ/ <è ø` ò>
/æ a ɒ/ <æ a å>
Dei diakritiske teikni ´ og ` vert berre brukte fyr å skilja ordpar som elles hadde vore like eller for å tydeleggjera vokalkvaliteten av andre grundar. Vokalane med ´ svarar i hovudsak til vokalar som på gamalnorsk var lange, medan med ` var stutte.
Å vart tidlegare òg skriven Á og Aa, og ein skriv difor aldri <à> etter di A alt er den vokalen. /œ/ er tvilsamt og eg trur ikkje det hev vore til og difor står <ø> òg alltid fyr /ø/. Det er likevel teknisk vanskeleg fyr mange å skriva diakritisk teikn på denne vokalen. Æ er som Å òg alltid ´-varianten, i di at `-varianten tidleg i gamalnorsk fall saman med è.
I dag er /ɒ ɔ/ heldst same fonem, men målføre finst etter som hev (part av) skiljet att: /ɒ/ er tviljod (t.d. [au] i Sogn) i nokre partar av landet og /ɔ/ er fremja (til ø eller eit eige ljod) i mange partar av landet, som til dømes er serleg kjent i austnorsk (høl for hòl, ...).
/ɪ ʏ ʊ/ er sjeldan særleg tydeleg skilde frå /i y ʉ/ og /e ø u/. Skiljet er tydlegst der /i y ʉ/ er tydelegt diftongerte, der /ɪ ʏ ʊ/ då heldst høyrest ut som [i y u] i staden. Likeleis er /e ɛ æ/ ofte helder ikkje tydelegt skilde, men måtane desse ero falne saman på er ulike rundt landet og ofte veldig blanda og di for lyt me vera varsame med å skilja dei rett i skrift. Eit litt uintuitivt døme er at mange partar hev /æ/ som /e/, medan /ɛ/ elles (i nokon grad) held seg åtskild. Detta er ei fyresetjing av samanfallet av gamalt è og æ̀ slik at é og ǽ òg fall saman.
Den offisielt normera nynorsken skil seg ut ifrå tradisjonell nynorsk i fleire høve (ikkje berre ordtilfange). Det er vanlegt at me skriv i variantar som ligg på eit spektrum mellom høgnorsk eller den her framlagte normi og den offisielle normi. Her under er ei lista av tilnærmingar som eg (og andre eg kjenner) ofte brukar:
Rekkjefylgjo svarar um lag til kor stort lynde eg hev til å bruka dei.