EIGI (NY)NORSK LJODLÆRA

Av tlidugi
Oct. 14, 2022

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • bok Mål

Denna teigen er ein uhøgtidleg og fyrebils uprova freistnad på å setja upp ei ljodlæra med fullkomne reglar for kor nett eg talar norsk (både ålment, men serleg når eg talar nynorsk). Ho skal vera serleg grunna på skrift og skal syna litt til diafonem. Det er mest for gøy, men teigen kann vera til nytte for målvitarar som ynskjer å læra norsk. So vidt eg veit finst det ingen annan god heilskapleg freistnad på detta (som ikkje berre handlar um Standard Austnorsk). Her er inkje som er reint preskriptivt, men eg hev klårt teke nokre val i leid av ting eg gjer som eg heldst vil gjera i staden for ting eg gjer som eg eigenleg ikkje vil gjera.

Mykji analysa her er nog svært uvanleg, og det er litt med vilje, men eg tykkjer òg heilt ærleg at vanleg analysa av norsk misser mykje og tek rare val. I nokon mun er det nog fordi fonologisk analysa av norsk plar ta fyre seg Standard Austnorsk, som på mange måtar er eit svært blanda mål, og som difor er litt som fleire ulike fonologiar lagde uppå kvarandre. Målet i denna teigen er difor i staden ein slags idealisert norsk som eg talar (eller i minsto vil tala) når eg talar nynorsk (noko eg no i grunnen gjer ofte, so heilt kunstig er det ikkje). Eg hævdar sjølvsagt ikkje at detta er den einaste måten å tala nynorsk på, og eg hævdar helder ikkje at han er den beste moglege - i grunnen trur eg han ikkje er det - men det er slik eg talar likevel. Eit anna namn på teigen kunde altso vore LJODLÆRA FOR BYAUSTLEG NYNORSK NORMTALEMÅL eller noko dilikt.

Etter all von vert detta ein teig eg kjem til å koma litt attende til og betra ut med bilæte, grafar, og betre analysa og døme, for slik ho er no er ho litt rotutt og uferdig. Me fær sjå kor det vert :D

Stutt um Stavnaden

I denna teigen vil eg i dømeord skriva v́ og v̀ for gamle lange og stutte vokalar, og vokalar utan noko strik der skilnaden er uviss eller ikkje relevant. Eg kjem òg til å nytta teiknet · til å skriva tonelag 1 der detta er relevant - soleis er bundi form av ein leik skrive leik·en, medan det å vera leiken, som i at ein likar å leika, er leiken. Detta er berre for at det skal vera ekstra klårt kva ord og uttale det er snakk um :)

Innhaldslista

  • 1 LJODFANGET
    • 1.1 Medljodi
    • 1.2 Sjølvljodi
  • 2 TONELAG
  • 3 LJODSAMBAND OG ORDBYGGNAD
    • 3.1 Medljodssamband
    • 3.2 Sjølvljodslengd
    • 3.3 Ordbyggnad
  • 4 FRÅ SKRIFT TIL TALE OG HIN VEGEN
    • 4.1 Ljodi Stavnaden
    • 4.2 Uregelrette Munnlege Former
  • 5 DØMETEKST
  • 6 TING SOM STEND ATT

1 LJODFANGET

Her kjem fjore tabellar: ein fonemisk konsonanttabell, ein fonetisk konsonanttabell, og so det same for vokalane.

1.1 Medljodi

Fonemiske Medljod
Labial Alveolar Dorsal
Nasal m n
Klanglaust stogg p t
Klangført stogg b d
Frikativ f s h
Resonant ʋ l ɾ j

Detta er ei med vilje veldig minimal analysa. Mange norske tabellar hev med retrofleksane som eigne fonem, og [ɕ] eller [ç], og serleg [ʂ] eller [ʃ], men eg tykkjer ikkje dei trengst.

Fonetiske Medljod
Labial Alveolar Postalveolar Dorsal Attåt
Nasal m n
Klanglaust stogg p(ʰ) t(ʰ) *ʈ(ʰ) kʲ(ʰ)
Klangført stogg b d gʲ *ɟ͡ʑ
Frikativ f s h
Resonant ʋ l *ɫ ɾ *ɽ *ɭ j

1.1.1 Nøggrant um uttala av visse kategoriar og ljod

  • Alle medljodi kann ein finna både lange og stutte.
  • Med /ʲ/-en etter /kʲ/ og /gʲ/ er det berre meint at dessa ljodi er prevelare, og soleis merkande meir framme en det IPA-teikni typisk vil segja. Dei er ikkje uttala med noko offglide, men serleg i utljod er det høyrande at dei er meir palatale en i andre mål: takk /tɑkʲkʲ/ vert næstan [tʰɑkʲːç] med palatal aspirasjon.
  • Alle alveolarane er alveolare, ikkje dentale, med undantak av [ɫ] som nærmar seg dental. På hi sida er [l] meir post-alveolar en dei andre alveolarane, men skil seg likevel frå [ɭ], som kann henda er serleg retrofleks jamført med dei andre retrofleksane.
  • /ʋ/ og /j/ og /ɾ/ kann verta frikitiverte til [v] og [ʝ] og [ɹ̝] i emfatisk tala.
  • /ɾ/ er [ɾ ɹ ɻ Ø] eller [+retrofleks], og alle allofoni kann vere klanglause. [ɾ] er vanlegast fyre eller millom vokalar, [ɹ] er vanlegast etter vokalar eller når ljodet er gjeminert, [ɻ] kjem fyre etter retroflekse ljod, og ljodet kverv til [Ø] når det stend i utljod fyre ein konsonant som ikkje kann verta retrofleks.
  • Klanglause stogg er truleg mest skilde ved aspirasjon. Dei er aldri klangføre. Når /ɾ/ eller /l/ kjem etter eit klanglaust stogg, vert aspirasjonen sagd som klangløysa på /ɾ/-en eller /l/-en same kva allofon dei hev og inkje anna. Dei er minst halvt klangføre når dei kjem etter eit klanglaust frikativ, som ein ser i spektrogrammi for slå [ʂɽo̞ə̆] flå [fɽo̞ə̆] i motsetnad til klatt [kʲɽ̥ɑtːʰ] her:
slå flå klatt

  • Klangføre stogg kann vera klanglause. Dei er aldri serleg aspirerte. Gjeminert er dei oftast heilt klangføre, i nærleiken av andre klanglause ljod er dei klanglause, og på slutten av ord er dei halvt klangføre (t.d. skadd [skʲɑd͡t]).

Døme på gjeminert klanglaust medljod i utljod er under, der blogg [bɽɔgʲː] er sett upp mot blakk [bɽɑkʲːʰ]:

blogg blakk

Her ser ein at /gʲ/ er klangført stort set gjenom heile seg, medan /kʲ/ ikkje er det, og attpåtil er sterkt aspirert.

Spektrografisk døme på gjeminerte /gʲgʲ/ og /kʲkʲ/ finn ein her, med tagga [tʰɑ̂gʲːɑ] og takka [tʰɑ̂kʲːʰɑ]. Ein ser at /kʲ/ er aspirert sjølv i denna stoda:

tagga takka

Gjenomgåande i spektrogrammi lyt ein sjå nett kor lange dei gjeminerte medljodi er. Dei er i reglen lengre en vokalen som kjem fyre. som ein ser serleg klårt i dømet under, igjen for takka [tʰɑ̂kʲːʰɑ]:

takka lengd

1.1.2 Allofoni, eller frå den eine til den andre tak eit ljod og lat det vandra

Retrofleksraden er den lettaste å greida ut. Retrofleksane hev tvo kjeldor, og det er ein aktiv og obligatorisk regel som lagar deim. Eit retroflekst ljod kjem fyre når eit alveolart ljod kjem etter anten /ɾ/ eller [ɽ]. Inne i røter er detta påbode, men millom ord kann ein ofte velja å ikkje fylgja reglen um ein skal leggja vegt på noko. Døme er kart /kʲɑɾtʰ/ [kʲʰɑʈʰ], kastar du /kʲɑ̂stɑɾ dʉᵝ/ [kʲɑ̂stɐ ɖʉᵝː], and gult /gʲʉᵝlt/ [gʲʉᵝːʈ]

Eit undantak er at /ɾd/ eller /ɽd/ inne i røter vert tjukk l - detta stend det meir um under. Døme her er ord [uᵝːɽ]. På tvers av morfem vert det [ɖ] som venta, slik at t.d. spurde er [spʉ̂ᵝːɖə].

[ʂ] kjem frå /sj/, /ɾs/, /ɽs/, /skʲj/, og /ɾskʲj/ um det i det heile er noko ein finn.
[ɕ] kjem frå /kʲj/, òg frå /kʲ/ fyre fremre sjølvljod - her må ein nemne visse undantak i spyrjeord og lån, som kven [kʲʰɛnː] og kebab [kʲʰè̞ə̆bɑb͡p]. Kor dessa undantaki lyt analyserast tek eg ikkje stelling til - kann henda med eit slags brjotarelement som ikkje er uttala, som ein kann skriva t.d. som /·/, som berre hindrar vanleg ymsing i ljodet. kven er då /kʲ·e̞ə̆nn/ og [kʲʰɛnː]

[ŋ] er frå /ngʲ/, og /n/ vert òg [ŋ] fyre /kʲ/.

/l/ hev tri allofon - myrk l, ljos l, og tjukk l.

Myrk l er [ɫ], og kjem fyre når /l/ er fonemiskt gjeminert /ll/ etter bakre sjølvljod, t.d. i ball /bɑll/ [bɑɫː].

Ljos l er [l], og kjem fyr med gjeminert /l/ etter fremre sjølvljod, t.d. i fjell [fjɛlː], eller alltid etter /i/ og /yʷ/, som i bil /bil/ [biːl].

Tjukk l kjem fyre når /l/ ikkje er gjeminert og kjem etter eit sjølvljod anna en /i/ og /yʷ/, t.d. i hol, kål, skål [ho̞ə̆ɽ] [kʲʰo̞ə̆ɽ] [skʲo̞ə̆ɽ]. Tjukk l er òg det allofonet ein fær når l kjem etter eit anna medljod i same klyngja, t.d. i klå, slær, blå, flagg [kʲɽ̥o̞ə̆] [ʂɽæːɾ] [bɽo̞ə̆] [fɽɑgʲ͡kʲ]. Det er ikkje heilt visst um l-allofonet etter /s/ er retteleg tjukt eller berre retroflekst - det er mogleg det ymsar - men sambandet /sl/ er i alle fall noko slikt som [ʂɭ̥͡ɭ] eller [ʂɭ̥͡ɽ]. Å kalla det tjukt hadde vore kjekt, for då hadde retroflekteringi i l-en kunna smitta beint yver til s-en, som òg er retrofleks her. Elles må ljodbrigdet kallast sporadisk.

1.2 Sjølvljodi

Fonemiske Sjølvljod
Monoftongar Fremre Sentrale Bakre
Høge i yʷ ʉᵝ uᵝ
Midre e̞ə̆ ø̞ə̆ é o̞ə̆ᵝ
Låge ɑ
Diftongar æɪ̆ œʏ̆ʷ æʉ̆ᵝ
Fonetiske Sjølvljod
Monoftongar Fremre Sentrale Bakre
Høge i yʷ iː yʷː ʉᵝ ʉᵝː ʊᵝ uᵝː
Midre ɛ œʷ e̞ə̆ ø̞ə̆ʷ ə ɔᵝ o̞ə̆ᵝ
Låge æ æː ɐ ɑ ɑː
Diftongar æɪ̆ œʏ̆ʷ æːɪ̆ œːʏ̆ʷ æʉ̆ᵝ æːʉ̆ᵝ/æʋ

1.2.1 Nøggrant um sjølvljodsuttala

/ʉᵝ/ er retteleg meir sentral en /i/, og det veit ein di diftongen /ʉᵝɪ̆/ er mogleg i ideofonar. Tunga flyt seg tydeleg fram der.

Tviljodsuttala av /e̞ə̆ ø̞ə̆ʷ o̞ə̆ᵝ/ er noko uvanleg å ta med, men det er tydeleg sant, i alle fall for /e̞ə̆ ø̞ə̆ʷ/. Ein kann sjå på spektrogrammi under at formantane flyt seg etter diftongen i ordi te, (tøyseord) og her:

tviljod

1.2.2 Sjølvljodsallofon

Som det stend under ljodsamband, er sjølvljod lange og stutte etter medljodi etter. Det lyt vera klårt kva stutte og lange sjølvljod som høyrer saman, med mogleg undantak av at [ɛ œʷ ɔᵝ] er stutte utgåvor av [e̞ə̆ ø̞ə̆ʷ o̞ə̆ᵝ].

Vokalane /ɑ/, /e̞ə̆/, og /o̞ə̆ᵝ/ hev sentraliserte allofon i trykklette og lukka stavingar. Dessa allofoni er truleg moglege i trykklette og opne stavingar òg, men det hev eg ikkje sjekka. Ein kann sjå detta på spektrogrammet under, for bakar [bɑ̂ːkʲɐɾ], end·er [ɛ̀nːəɾ], og kråkor [kʲɾ̥ô̝əkʲɔ̟ɾ]:

a e o


/ɑ/ og /e̞ə̆/ er tydeleg sentraliserte og ulike sine vanlege utgåvor, men med /o̞ə̆ᵝ/ er det vandare å sjå og høyra. Eg hev skrive ein fremja [ɔ̟] her, men eg veit ikkje um eg berre vil ha han der for symmetrien skuld.

Av nemneverdig allofoni elles er [æ æː] allofon av /e̞ə̆/ fyre /ɾ/ eller /ɽ/. Det raraste her er nog /é/ - detta fonemet læt eigenleg som [e̞ə̆], men skil seg frå /e̞ə̆/ i at det held seg slik sjølv fyre /ɾ/ eller /ɽ/ - ein fær altso rare minimale par som ser av sjå [se̞ə̆ɾ] og ser frå sermerkt [sæːɾ]. Det finst nokre fåe andre undantak. Detta er ikkje ei fin løysing, so um du hev ei betre ei, kann du berre fylla ho inn her.

2 TONELAG

Norsken min hev tvo tonelag: tonelag 1 og tonelag 2. Dei kjem fyre på ord med fleire en ei staving - i ord med berre ei staving finst det inkje skilje.

I denna teigen skriv eg tonelag 1 som v̀ på fyrste vokalen i ordet, og tonelag 2 som v̂ på fyrste vokalen. Det fær med det viktigaste i deim, men når eg talar deim ut hev dei visse konturar som gjeng yver heile ordet som ikkje er lett å få fram med IPA. Dessa konturane kann du sjå i bilæti her, der tå·i av ei tå stend attmed tåi som i eikor som er ikkje-frosi:

tåi

I verb med partikkel kann tonelagi takast i bruk til å skilja verb med rettelege partiklar og verb med adverb eller preposisjonar som høyrer til eit substantiv etter. Skilnaden på:

Ta på klædi (rør klædi)

og

Ta på klædi (klæd på deg)

Kann vera grunna i tonelag.

Det finst mange slike par, t.d.:

slå upp [ʂɭ̥ò̞ə̆ᵝ ʊpː] og slå upp [ʂɭ̥ô̞ə̆ᵝ ʊpː]
køyra upp
[çœ̀ʏ̆ʷɾ(ɐ) ʊpː] og køyra upp [çœ̂ʏ̆ʷɾ(ɐ) ʊpː]
skru på [skʲɾ̥ʉ̀ᵝː pʰo̞ə̆ʷ] og skru på [skʲɾ̥ʉ̂ᵝː pʰo̞ə̆ʷ]

Partikkel-verbi hev frosne tydingar som ein må læra inn for kvart verb, men verb med adverb eller preposisjonar hev meir audsynte tydingar. Det er uvisst kor godt dei verkar med lengre verb som hev tvo eller fleire klåre stavingar. På andre målføre gjer ein skil på dessa med trykksterke og trykkveike partiklar; det er mogleg den løysingi vert brukt med lengre ord her òg.

3 LJODSAMBAND OG ORDBYGGNAD

3.1 Medljodssamband

Ord på norsk byrjar på upp til tri konsonantar, og sluttar på so mange dei vil, men i ubøygde røter finn ein sjeldan meir en tvo.

Alle fonemiske konsonantar kann byrja ord. Ein finn klyngjor på upp til 4 medljod, men dei må fylgja eit visst mynster:

  • /s/ kann koma fyrst i alle klyngjor.
  • /j/ kann koma sist i dei fleste.
  • /ɾ/ og /l/ kann fritt koma på tridje plass.
  • I midten kann alle klanglause stogg koma fyre. Um /s/ ikkje er fyrst kann dei vera klangføre med.

Døme på ord med ei so lang medljodsklyngja er strjúka, skrjóna, og sprjóna.

Ein finn ikkje faktisk nokon klyngjor av formi /sClj/, men detta er truleg berre på slump, sidan ein finn ord som sljó òg kljå. Andre samband som truleg kann finnast, men som ikkje gjer det, er t.d. /skn/, /sknj/ - gjenomgåande for deim er det at dei er gjorde upp av mindre klyngjor som i seg sjølv er svært uvanlege. /knj/ finst knapt, og difor er det ikkje so rart at ein ikkje hev nokon ord med /sknj/.

Alle ljod ein finn i byrjingi av ord kann ha /j/ etter seg. /tl/ /dl/ er ikkje moglege, men elles kann alle ha /r/ og /l/ etter seg òg, utanum /r/ og /l/ sjølve.

Dessa er ikkje alle ljodsambandi. Serleg til høgre kann ein få langt fleire medljod på rad når ein set saman morfem, men detta er svært sjeldan - det mest ekstreme dømet eg kann tenkja meg er noko som eit donetskskt ord [æɪ̆tʰ tʊᵝˈnɛtskʲskʲtʰ uᵝːɽ], men slike tilfelle finn ein mest berre i lånord og er i alle høve svært sjeldhøyrde.

Eit skjema som syner dei moglege fonemiske ljodsambandi inni ei rotstaving kann sjå slikt ut:

ljodsamband

Allofoni og ljodreglar (skildra i 1.2) verkar etter detta skjemaet. Dei blåe linone syner moglege vegar ein kann ta gjenom stavingi, og P T K med store bokstavar stend for /p/ og /b/, /t/ og /d/, og /k/ og /g/. Med lengdarteiknet ː fær skjemaet fram at ei rotstaving må vera lang.

I bilætet under hev eg teikna upp vegane ymse dømeord tek gjenom detta skjemaet:

sambandsdøme

3.2 Sjølvljodslengd

Sjølvljodslengd i trykktunge stavingar spyrst på kor mange medljod det er etter sjølvljodet i same staving. I stavingar med éi eller ingi medljod etter sjølvljodet, vert det langt, og elles vert det stutt. Um sjølvljodet er trykklett er det aldri langt.
Detta skaper lengdarveksling som t.d.:

søkja [sø̞̂ə̆ʷɕɐ] søkjer [sø̞̂ə̆ʷɕəɾ] søkte [sœ̂ʷkʲtʰɐ] søkt [sœʷkʲtʰ]

Eit ord hev alltid anten langt koda eller langt sjølvljod. teit /tæɪ̆t/ [tæːɪ̆t] hev langt sjølvljod, medan teitt /tæɪ̆tt/ [tæɪ̆tː] hev stutt sjølvljod og langt medljod.

Fyre alle samband som skaper retroflekse konsonantar yver morfemgrensor, det vil segja fyre /rd/ i spurde men ikkje fyre /rt/ i kart, er sjølvljod lange. Soleis:

spurde /spʉ̂ᵝɾ-de̞ə̆/ [spʉ̂ᵝːɖə], gult /gʲʉᵝl-t/ [gʲʉᵝːʈ], talt (telja) /tɑl-t/ [tʰɑːʈʰ]

Detta vil segja at ein treng ei morfemgrensa i fonologien som kann stogga eller valda visse ljodbrigde. Denna morfemgrensa hev eg her skrive som /-/.

3.3 Ordbyggnad

Det meste um kor ord vert bygde upp hev vore sagt andre stader, men det kann vera kjekt å samla det her.

Ord er bygde upp slik at dei alltid hev minst éi trykksterk staving (med mindre dei er grammatiske ord), og den trykktunge stavingi er i reglen den fyrste. Rotnorske ord som ikkje er samansette treng ikkje trykk på meir en ei staving.

Berre i den fyrste, trykktunge stavingi på rotnorske ord finn ein alle vokalar. I trykklette stavingar er det mykje meir avgrensa kva ein finn - sjølvljod i trykklett staving er aldri lange, og dei kann vera [ɑ~ɐ ɛ~ə ɪ ʉᵝ ʊʷ] (detta lyt sjekkast).

3.4 Stutt um større fonologiske einingar

Den minste moglege einingi ein kann segja på norsk er ei stutt staving. Dei finn ein berre i interjeksjonar og pronomen og andre småord. Alle leksikalske ord hev rotbyggnad, og då hev dei minst éi lang staving (som i rotnorske ord alltid er den fyrste og trykksterke). Stavingi vera lang, men ho kann verta det anten gjenom langt koda eller lang vokal. Seinare i ordet kann ein ha fleire trykklause stavingar på rad.

Ein treng å skilja millom røter og endingar, for inne i roti hender det visse ljodbrigde, og millom røter og andre ting hender det andre. Det beste dømet på detta er at ein berre finn [ɖ] på tvers av morfem.

Sidan tonelag kann nyttast til å skilja verb-partikkel-konstruksjonar frå andre konstruksjonar (som dryft i andre bolk), treng ein at verb og partiklar på eikor vis òg til saman er ei fonologisk eining. Denna einingi kann ein kalla for toneeining.

Det er inkje som tyder på at det ein kallar ord på folkemunne og det som svarar til det ein finn millom millomrum i skrift finst som eigi fonemisk eining.

Dei fonemiske einingane kann ein setja upp og syna fram slik:

einingar

Her er lange stavingar raude, stutte stavingar grøne, toneeiningar blåe og intonasjonsgruppor gule.

Lengre munnlege tekstar er bygde upp av fleire slike intonasjonsgruppor. Ein kann leggja fokustrykk på toneeiningar for å få fram ymse fokustydingar.

4 FRÅ SKRIFT TIL TALE OG HIN VEGEN

Til næst sist vil eg leggja ved noko um tilhøvet millom tale og skrift. Fyrst kjem det tvo tabellar som syner kor dei fonetiske ljodi mine vert stavnaden, so kjem det ei stutt dryfting av "munnlege former" av ord som ikkje fylgjer beint frå korleis dei vert skrivne.

Her kjem tabellane - der stavnaden skil seg frå IPA, hev eg sett IPA-teiknet i [klombrer] til vinstre for stavnaden, og der det er fleire moglege stavemåtar, er det dei fyrste som er å rekna for vanlegast:

4.1 Ljodi i Stavnaden

Medljod i Stavnaden
Labial Alveolar Postalveolar Dorsal Attåt
Nasal m n [ɳ] rn, ln [ŋ] ng
Klanglaust stogg p t [ʈ] rt, lt, rdt [kʲ] k
Klangført stogg b d [ɖ] rd, ld, rd-d [gʲ] g [ɟ͡ʑ] ggj
Frikativ [f] v, f s [ʂ] sk(j), rs, stj [ɕ] k(j), tj h
Resonant [ʋ] v [l] ll, l [ɫ] ll [ɾ] r [ɽ] l, rd [ɭ] rl [j] j, gj
Sjølvljod i Stavnaden
Monoftongar Fremre Sentrale Bakre
Høge i /yʷ/ y /ʉᵝ/ u /ʊᵝ/ o, u(N)
Midre /e̞ə̆/ e, æ, i /ø̞ə̆ʷ/ ø, y /ə/ e /o̞ə̆ᵝ/ o, å
Låge /æ/ e(r/l), æ(r/l) /ɐ/ a /ɑ/ a
Diftongar /æɪ̆/ ei /œʏ̆ʷ/ øy /æʉ̆ᵝ/ au

4.2 Uregelrette Munnlege former

Denna luten er litt ugjenomtenkt, men eg vil skriva litt stutt um ting som ikkje er regelrett frå skrifti likevel. Det som stend her høver kann henda i ein annan teig um einast nynorsk standardmål.

ein er ofte berre [n] eller [n̩]. Det same gjeld det meste av trykkveikt [e̞ə̆n].

Spyrjeordi kven, kvar, og kva er uttala utan v, og utan palatalisering i kven.

Hokynsendingi -i er konsekvent fonemisk berre /ɑ/.

5 DØMETEKST

[hæː ɕe̞ə̆m nûᵝːɽɐʋɪ̀nn̩ ɔ sùᵝɽɑ]

[nûʷːɽɑʋɪ̀nn̩ ɔ sùʷɽɑ kʲɾ̥ɑŋɽɑ ʊm kʲʰɛnː ɑ dæɪ̆m sʊʷm ʋɑ ɳ stæɾkʲɑstə]

[de̞ə̆ ʋɑ ɫtʰ e̞ə̆gʲ ɔ̂ɾkʲʰɑ | dɛ̂tːʰɑ ʋæʈːʰ jʊ ɑ̂ɫdɾɪ ʊ̂bjɛkʲtʰiːʋtʰ ˈʉ̂ːɑnsɛtːʰ]

6 TING SOM STEND ATT

Heile denna teigen er etter måten uformell og lite utarbeidd. Det er mange ting som er litt usagde og som det er venta at folk berre skal skyna, og det lyt det no i grunnen ikkje vera, men det gjeng nog fint sidan teigen er meint for målvitarar.

Her er nokre ting eg hadde likt å ha med, men som eg ikkje hev enno:

  • Nøggranne mål på voice onset time, vokallengd, og konsonantlengd i ymse stodor.
  • Vokalformantar i ymse stodor, og litt etterproving av det eg hev hævda.
  • Retteleg kvalitetssjekking. Um eg fær attertolor um teigen vil eg freista å skriva han um etter kvart. Eg hev freista å ha med spektrogram og dilikt so ein kann sjå feil eg hev gjort, og det er heilt sikkert nokre. Eg er t.d. ikkje heilt viss på um vokalrundingi er slik eg hævdar her, og eg veit at andre hævdar andre ting um skylde mål. Kann henda hadde lippebilæte vore noko å ha med, men det vert fort litt uobjektivt når det einast er eg som sit og styrer med det.
  • Det er ikkje umogleg at tonelag verkar inn på vokalallofonien litt. Detta kann sjekkast, men det er truleg litt vanskeleg.