Lenge yvertydd hev eg vore um at funksjonalismen er den målvitskapsgreini eg sit på utan å nokon gong ha lese noko skikkeleg um det eller teke eit emne i det.
I denna teigen vil eg leggja fram det eg hev tenkt rundt emnet likevel. Kann henda vert eg ein gong kjend med bokheimen kring detta og vert flau yver det eg skriv no :)
Funksjonalisme, tykkjer eg, er ei tilnæring til målvitskapen der ein gjeng utifrå ingi ibuande målemne i mannahugen. Det er klårt at menneske er dei einaste som hev mål, og soleis er det noko serskilt med oss, men me hev ingen universell grammatikk som me er fødde med og som me nøyter til å læra å mæla, og dei mynstrene ein ser i verdarmåli kjem frå andre ting en det. Dessa tingi er dei som er sams for alle menneske i alle kulturar - me hugsar ikkje alt på ein gong, me uppliver verdi gjenom augo og øyro og kropp og alt det andre, me kann berre segja ein ting av gongen, me må øva oss for å verta gode og er gode på det me hev øvt på, me er kreative og flinke, og me møter livet og dauden og tid og ætt og viner og kjærleik og fåre og mat og so burtetter. Alt i alt gjeng det på kva som gjer mål lette å nøyta, og lette å læra, og i stand til å gjera alt me vil dei skal gjera.
Eit svært viktig attåtverkende uppå detta er at mål hev soga. Dei hev brigt seg, og alt i målet må koma frå noko som var i eit tidlegare mål, og det må ikkje vera for store sprang millom målstigi.
Dessa to typane orsaker er alt ein treng, meiner eg, for å greida ut alt det me målvitarar hev peika ut um mannamåli.
I deildene under vil eg gå nøggrant inn på sume slike orsaker og fortelja litt um kva eg tykkjer dei kann liggja bak av det som hev vorte kalla universalt i verdi.
Mål likar å ha gamal informasjon (emne) fyrst, og ny informasjon (åtsegn) seinare. Eg vil ikkje grunngi denna påstanden i denna teigen - ein finn slikt andre stader - so ein må ta det for god fisk.
Kunnefylgdi hev nog kognitivt upphav - folk likar å vita kva det er snakk um når noko vert sagt, og difor byrjar ein segner med å setja deim i samanheng. Detta verkar kann henda litt sjølvsagt, men tenk kor vandt det hadde vorte um det var hin vegen - um kvar gong nokon skulde sladra åt deg um alle medarbeidarane sine, sa dei fyrst alt sladderet, og so på slutten av kvar sladderlut kven det galdt. Då hadde ein måtta venta til slutten av utsegni for å setja alt i samanheng, og for å kopla alt sladdret upp mot det ein veit um mennet det er snakk um frå fyrr, og for å tenkja på noko vitugt å segja attende!
Det at gamal informasjon kjem sist er nog ikkje like viktig. Det er heldst det at ny informasjon skal vera fyrst som gjer at gamal informasjon må vera sist.
Kunnefylgdi greider ut:
Kunnefylgdi slit kann henda litt med:
Øving handlar um at menneske kann øva seg på ting og so verta flinke på deim. For mål tyder detta at me øver oss på visse måtar å gjera ting på, og so nøyter me dei måtane for alt dei er verde. Me likar å ha so fåe måtar som råd å gjera ting på, for då vert me kjempeflinke på dei måtane og det vert lettare å snakka. Men samstundes må ein ha litt ymsing i målet, elles vert det for mykje som kjem umatt til at det er fyremålstenleg - det tek for lang tid å gjera ting.
Øving grieder ut:
Konstituentar er svært vanlege å ha. På fåe mål er det like greidt å ha eit substantiv og eit adjektiv som segjer noko um det på heilt tilfellelege stader i setningi - ein likar å ha ting som hev med kvarandre å gjera ved sida av kvarandre.
Detta trur eg både er fordi det gjer det lettare å tolka, men det er ei onnor orsak her. Um ein ser fyre seg eit tullemål med heilt fri ordrekkjefylgd, som kann ha adjektiv og substantiv kvar enn det vil og som alltid vel heilt på slump kvar dei skal vera, so vil det likevel verta vanlegare å ha deim ved sida av kvarandre. Detta er fordi at når ein vert spurd um noko, so svarar ein med ein konstituent. Sjølv um den gule hunden som åt eplet finst ikkje på detta tullemålet kunde vorte hunden åt som ikkje gule den finst eplet, so må ein likevel svara på spursmålet 'Kva åt eplet?' med den gule hunden (eller hunden den gule, gule den hunden, hunden gule den osb.). Det vil difor alltid vera vanleg å setja skylde ord nær kvarandre, og når det fyrst vert vanlegare, kjem øving inn i bilæte, og då vil ein gjera det på same visi allstad.
Konstituentar greider ut:
Mål hev soga. Alt som finst i målet må ha kome frå eit mål som var tidlegare. Me hev ikkje sjangs på å vita noko um korleis dei aller fyrste måli var bygde upp, men alle måli som finst i dag, og alle mål som hev funnest på maaaange tusund år hev kome frå tidlegare mål.
Måtane mål brigder seg vert difor ei utruleg viktig og heilt universell orsak til mynstrene ein ser i måli i verdi.
Det er ikkje so mykje meir å segja um målsoga som universalvaldar ålment, for det utruleg mykje å segja um måtane mål brigder seg på, og eg veit ikkje so mykje um det. Det er klårt at grensone for kva målbrigde som kann finnast sjølve truleg kjem frå det same som dei andre universalane eg hev teke upp her - målbrigde hev òg funksjonalistiskt upphav.
Soga i måli greider ut:
Menneske hev same øyro og munnar og hjernar (men hjernen tek eg upp i dei andre deildene). Sume studiar ser ut til å syna at me er trena til å høyra visse formantar, t.d., og at detta gjer at me er serleg rusta ut til å høyra visse vokalar. I tillegg er det visse ting munnane våre gjer betre en andre. Dessa tingi ser eg på som ganske sjølvsagt, og eg trur ikkje det er meir som lyt segjast her.
Menneskekroppen greider ut:
Maksimane hans Grice gjeng på at alle vil samarbeida med den ein snakkar med for å skyna mest mogleg. Ein vil snakka på ein måte som er relevant og stutt, men som fær fram mest mogleg på same tidi utan å segja meir en det som høver. Måli våre er bygde upp slik at det er lett å fylgja dessa prinsippi.
Ei viktig fylgja frå Grice er at ein alltid vil ha ein umerkt måte å gjera ting på (øving spelar nog òg inn her), soleis at ein kann uttrykkja ekstra informasjon ved å vika frå den umerkte måten. Detta prinsippet, med merkt og umerkt, kjem fyre allstad i alle mål - nett kva verknad den merkte måten å gjera ting på hev spyrst målet, men det er næstan alltid noko.
Oki, det var tankane mine :)
Det er truleg mykje eg kunde tenkt på eller teke upp som ikkje er her. Når det kjem kommentarfelt tek eg gjerne imot tankane dykkar.