Færøyske varaord

Av Falch
Sept. 18, 2023

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • bok Mål

Færøysk hev ikkje like stor mangfald i varaord som norsk. I skrift finst det òg litt valfridom i varaord på norsk (einn kann velja imillom å skriva me eller vi), men på færøysk brukar ein i praksis berre éitt set med varaord, trass i at dei ikkje eigenleg femner um alle dei målførelege former.

Kort yver Færøyane med relevante plassar markerte

Fyrst litt um uttala

På færøysk finst det nokre vokalbokstaver som ikkje hev ein eigen ljod. Fyrst og fremst er det ý og y som hev same ljod som í og i (dvs. [ʊiː]/[ʊi] og [iː]/[ɪ]). Desse brukar ein av sogelege grunnar. Fyr norsk tyder det t.d. at det svarar til vår y når ein brukar y og ý.

I tillegg er det òg bokstaven Æ som ein kallar seinna A dvs. den seinare/andre A-en. Han svarar til norsk É og Æ og er på nordleg færøysk ljodleg fallen i hop med A. A er på færøysk [ɛaː]/[a] som skil seg ut noko frå norsk a. Detta ser altso ut som ein sogleg bokstav akkurat som Y og Ý, men det er det serlege ved nett denne at han er ikkje er lik A-ljoden på målføri på Suderøy (Suðuroy). I staden er han der ein E, seinna E. Æ kann ein då kalla ein diafonemisk bokstav som stend fyr E på suderøymål og A i alle andre mål.

Eg skal fyr å gjera eit klårt skilje millom ulike dialektformer ikkje bruka bokstaven Æ men i staden skriva E i former frå suderøymål og A [ɛaː] i former frå andre mål. Sidan i og y hev lik uttala i alle målføre vil eg likevel enno skilja dei som ein gjer i færøysk skrift i dag, men hugs at begge hev [iː]-ljod.

Varaord i eintal

Fyrst skal me sjå på varaord i eintal. Her er formene ikkje veldig varierte (fæ. fjølbroyt). På norsk er skilnaden òg mest i korleis e er uttala (som e, æ, ...) og kva som er hendt med G-en (stundum hard, stundum burtfallen, stundum gjord til J). På færøysk ser ein berre ulike former her i suderøymålet. Sumpart pga. ulik uttala av Æ men sumpart og meir tydande at suderøymålet hadde eit j-innskot fyre E som tok seg fyre veldig mykje. Vel å merka er den utljodande g-en på færøysk alltid stum og skal ikkje uttalast. Detta av at gamalnorsk [ɣ] gjennomført er burtfallen på færøysk, medan han på norsk oftare er vardveitt som hard g [g], men stundum òg burtfallen.

Færøyske varaord i 1. og 2. person, eintal
1. person, Suderøy 1. person, elles 2. person, Suderøy 2. person, elles
nominativ jeg [jeː] eg [eəː] tú [tʰʉuː] -||-
akkusativ mjeg [mjeː] meg [meəː] tjeg [tʰjeː] teg [tʰeəː]
dativ mer [meːɹ] mar [mɛaːɹ] ter [tʰeːɹ] tar [tʰɛaːɹ]
genitiv mín [mʊiːn] -||- tín [tʰʊiːn] -||-

Suderøymålet hev altso same vokal i både akkusativ og dativ men skildt ved at den upprinnelege e-en hev eit j-innskot medan Æ ikkje hev det. I resten av Færøyane er det i staden same vokal i dativ som ein A hev. På standard skriven færøysk skriv ein då sjølsvagt i dativ mær og tær medan nominativ og akkusativ er skrivne som på færøysk elles. Detta valet er næstan heilt målførenøytralt og minner veldig um dei nynorske vali. På norsk finst òg former med j- men berre fyre varaordet eg, men det finst ikkje tilhøyrande mjeg. Den norske former med j- ættar nok i den austlege variant jak som ein finn i gamalsvensk og austgamaldansk. På suderøymål tyder det på at jeg ikkje ættar i nokon slik gamalfærøysk form men i staden er eit mykje seinare j-innskot fyre E ålment. Detta av di at me ser det gjennomført i systemet. Det er (fyr meg) uvisst um detta j-innskot er gjennomført i alle ord på målføret, men i so fall er det nok mesta kvorve no. Det finst iallfall døme um slikt i andre ord. Um det er eit ålment fyrebrigde er det lett å segja at det skriftlege systemet femner um all færøysk samstundes på fylgjande vis:

  • 〈e〉 er /jeː/ på suderøymål, /eː/ elles (iallfall i varaord)
  • 〈æ〉 er /eː/ på suderøymål, /ɛaː/ elles

Varaord i fleirtal

Verre vert det når det kjem til fleirtalet. Her er det meir enn berre ulike uttalor av vokalar som speler inn. Eg skal i denne tabellen òg berre lysa 1. og 2. person. Eg skal her skriva dei i same cella med ein - imillom. Her ser me òg at Sandøyi skil seg ut. Suderøy er (som namnet tyder på) den øyi som ligg lengst sudyver. Sandøy ligg litt lenger nord med den mykje mindre Skuvøy sudfyre og dei vesle øyane Stóra Dímun og Lítla Dímun lenger sud mot Suderøy. Skuvøy talar stort sét sandøymål og dei vesle øyane hev so lite folk (Lítla Dímun heilt folketom) at dei ikkje hev noko eige mål.

Færøyske varaord i 1. og 2. person, fleirtal
Sumba, Suderøy Suderøy elles Sandøy Færøyane elles Gamle fleirtalsformer i nordøymål
nominativ okur [ˈoːg̊øɹ] - tykur [ˈtʰiːg̊øɹ] okur [ˈoːg̊øɹ] - tykur [ˈtʰiːg̊øɹ] vit [ˈviːd̥] - tit [ˈtʰiːd̥] vit [ˈviːt] - tit [ˈtʰiːt] vær - tær
akkusativ okur [ˈoːg̊øɹ] - tykur [ˈtʰiːg̊øɹ] okum [ˈoːg̊ʊn] - tykum [ˈtʰiːg̊ʊn] okum [ˈoːg̊ʊn] - tykum [ˈtiːg̊ʊn] okkum [ˈɔʰkːʊn] - tykkum [ˈtʰɪʰkːʊn] os(s) - (tygur)
dativ okur [ˈoːg̊øɹ] - tykur [ˈtʰiːg̊øɹ] okum [ˈoːg̊ʊn] - tykum [ˈtʰiːg̊ʊn] okum [ˈoːg̊ʊn] - tykum [ˈtʰiːg̊ʊn] okkum [ˈɔʰkːʊn] - tykkum [ˈtʰɪʰkːʊn] osum - (tygur/tygum)
genitiv okra [ˈɔg̊ɹa] - tykra [ˈtʰɪg̊ɹa] okra [ˈɔg̊ɹa] - tykra [ˈtʰɪg̊ɹa] ok(a)ra [ˈoːg̊(a)ɹa] - tyk(a)ra [ˈtʰiːg̊(a)ɹa] okkara [ˈɔʰkːaɹa] - tykkara [ˈtʰɪʰkːaɹa] osara(/vár) - (tygara)

Som ein kunde venta geografisk so ser sandøyformene ut som ein millomting millom formene på Suderøy og formene i resten av landet. Sandøy hev til felags med Suderøy at akkusativ og dativ hev lang vokal og stutt K medan færøysk elles hev lang K. På Skuvøy hev ein òg brukt okur og tykur i nominativ. Suderøy, Skuvøy og Sandøy ligg alle sunnanfyre Skoponarfjord (Skopunarfjørður) og difor vert målet der kalla sunnanfjordsmål medan målet nordanfyre fjorden vert kalla nordanfjordsmål. Generelt verkar det som at det var eit skilje millom akkusativ og dativ på sunnanfjordsmålet med at former på -r var brukt i akkusativ (og nominativ) og former på -m ([-n]) var brukt i dativ. Detta systemet er det Hammershaimb hev i sitt verk Færøsk Anthologi fyre sunnanfjordsmål, men seinare kjeldor hev ikkje det systemet. Han nemner òg skilde fleirtalsformer (der dei hine er tvotalsformer) i nordøyane (øyane nordaust fyre Straumøy og Austerøy). Desse døydde nok ut tidleg etter hans verk og alt i hans tid var det ikkje oblikke former av tær i bruk lenger, men dei er å finna i kvædemål. Den oblikke formi tygum vart brukt i heile Færøyane i høfleg tiltale i lang tid (som dansk(-norsk) De etter tysk Sie). Hammershaimb skriv dei gamle formene som ydur, ydrum, ydrun, men dei finn eg ingenstads elles.

Standardfærøysk i skrift hev no berre det nordanfjordske systemet, men ein finn formene okum, okur, tykum, tykur, okra, okara, tykra, tykara i ordbøker òg med merknad som målførelege.

Stavnaden med G i tygur og tygum er faktisk eit mistak. Dei burde vore tyður og tyðum men hev fenge G pga. misforstått samband til tykkum som hev K. Skilnaden er einast i stavnad og hev ingen konsekvens fyr uttala.

Fyr å få litt betre greida på systemet skal me sjå på det gamalnorske (og derav gamalfærøyske) systemet og korleis det (truleg) såg ut i eldre færøysk.

Varaord i fleirtal 1. og 2. p på gamalnorsk og eldre færøysk
g.no. tvotal g.no. fleirtal eldre færøysk høfleg tiltale eldre nordleg distinkt fleirtalsform
nominativ vit - (þ)it vér - (þ)ér vit (okur) - tit (tykur) tær, > tygum vær
akkusativ ok(k)r - (þ)yk(k)r oss - (þ)yðr ok(k)ur - tyk(k)ur yður > tygur, tygum os(s)
dativ ok(k)r - (þ)yk(k)r oss - (þ)yðr ok(k)um - tyk(k)um yðum > tygum osum
genitiv okkar - (þ)ykkar vár - (þ)yð(v)ar ok(k(a))ra - tyk(k(a))ra yðara > tygara osara

Þ- i framljod av andre person kjem frå -uð-endingi brukt i fleirtal andre person. Detta er på islandsk berre hendt i nominativ, men på færøysk og norsk er det heilt igjennom heile paradigmet. Þ- blei då på norsk d- i varaord men på færøysk t-.

Ein kunde truleg ikkje høyra skilnad på okkr og okr i gamalnorsk (jf. med nǫ́tt - nætr). Den venta utvikling av slik form er okur på færøysk med u-innskot (sokalla svarabhakti). Tvofeld K er nok analogisk med genitivformi som tydeleg hev tvofeld K. Detta er altso orsaki til at det finst tvo system på færøysk: eitt med gjennomført tvofeld K og eitt med gjennomført einfeld K. I nord analogiserte ein -kk- i heile paradigmet og i sud analogiserte ein -k- i heile paradigmet.

Tvotalsformene vart allstad dei nye fleirtalsformene utan på dei mest nordlege målføre der den gamle fleirtalsformi i 1. person enno var skild tvotalsformi og den gamle fleirtalsformi i 2. person vart høflegheitsvaraord med distinkt nominativ tær berre brukt i nordlege målføre men tygum lånt som ubøygjande inni i hine målføri. Brigdet ð > g der er einast staving.

Eit serkjenne ved færøysk er her innovasjonen av distinkte dativformer på -um (> [-n]) laga i analogi med alle andre ord i dativ fleirtal som endar på -um. Seinare vilde denne formi òg taka yver i akkusativ (utan i Sumba der den gamle akkusativformi tok yver i både nominativ og dativ). Denne -um endingi vart òg brukt på oss som gjev den veldig løgjelege formi osum som diverre ikkje finst i nolìvande mål. Einfeld S her kann ikkje forklårast men hev kanskje samanheng paradigmet i fleirtal generelt hadde (sein) lang vokal.

Det er trist at det vanlege "midfærøyske" systemet er det som vart valt som standard. Hadde du spurt meg um å laga eit standardsystem til skriftleg færøysk, hadde eg nok funne på noko som fylgjande.

Mitt fyreslag til varaord i fleirtal på skriftfærøysk

Fyreslag til færøyske varaord i fleirtal 1. og 2. person.
1. person 2. person
nominativ vit tit
akkusativ okur tykur
dativ okum tykum
genitiv okkara tykkara

Detta er eit system som ligg nærme det som er venta av ljodlover frå gamalnorsk men òg med det serfærøyske kjenneteikn at -um er brukt i dativ. Det viser former både med -k- og -kk-. Nordanfjordsmålstalarar hadde då måtte læra seg at formene i akkusativ og dativ skal uttalast med -kk- som i genitiv og at -ur-formi ikkje finst i deira målføre men skal skiljast i skrift (ved t.d. å byta ut med meg el. mær i hovudet fyr å testa). Sunnanfjordsmålstalarar hadde lært seg ikkje at fyrste a-en i genitiv er burtfallen på Suderøy og stundum på Sandøy og med lang vokal på Sandøy (-kr er alltid lang på Suderøy med stutt alle andre stader). På Suderøy hadde dei (akkurat som i dag) òg måtte kjenna til at nominativ skal skrivast med dei der frammande formene vit og tit, men i talemål brukar ein okur og tykur. Trulegt hadde dei bevart deira skilje millom akkusativ og dativ (som Hammershaimb lyser det) pga. skrift og det er eigenleg òg ynskjande.

I kvardagsleg skrift hadde sideformene okkum og tykkum vore lov i akkusativ og dativ på nordfærøysk og likeleis hadde okur og tykur vore lov i nominativ på Suderøy. Detta kann vera gagnleg til m.a. skald, sms og onnor mindre formleg skriving.

Kva med tridje person?

Det er stort sét ingen skilnad i formi av varaordi i tridje person på nokon målføre av færøysk. I eldre suderøymål hadde ein ein serskild akkusativform i fleirtal hankyn som gamalnorsk (þá), som i alle andre målføre vart avløyst av nominativen teir. Detta brigdet er no òg gjennomført i suderøymålet. Den andre skilnaden er at nordlege (ikkje Vágar) målføre hev samanfall av EI med OY slik at ordi med EI altso er uttala annleis der.

I det demonstrative varaordet tann ('den') finst det litt målføreleg ymsing, men det er trulegt nyare. I hokyn het det tradisjonelt teirri men det er på veg ut til fordel fyr (hankyn og inkjekyn) i færøysk utanfyre Suderøy. På Austerøy tek det òg yver i akkusativ hokyn (elles ta < gno. þá). På Suderøy tek teirri yver fyr akkusativ i hokyn og tann kann verta brukt i staden fyr i hankyn dativ.

Kjeldor

  • Færøsk Anthologi (1891) eftir V.U. Hammershaimb
  • Faroese: An Overview and Reference Grammar (2012 3.utg., uppr. utg.2004) eftir Höskuldur Þráinsson, Hjalmar P. Petersen, Jógvan í Lon Jacobsen & Zakaris Svabo Hansen
  • ein draum eg hadde
Kort yver Færøyane med relevante plassar markerte

Kort yver Færøyane med relevante plassar markerte