Fjerrstudiar i Cherokee-handskrift

Av tlidugi
Oct. 7, 2022

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • bok Mål

Eg hev lenge vore svært glad i Cherokee som mål og skrifti som fylgjer med det, men eg hev alltid tenkt at dei fleste datafontane ein ser av Cherokee ikkje eigenleg er so fine som dei kunde vore, og at det må vera finare i naturleg handskrift.

Men det er ikkje lett å finna naturleg handskrift på Cherokee! Mykje skrift i dag er veldig blokkbokstavutt. Til alt hell finst det meste på internetet, og eg hev funne fleire gamle tekstkorpus som syner skrift frå då målet var i betre helsa (og god betring til det i framtidi, for all del!)

I denna teigen vil eg trekkja fram nokre fine døme frå røkjingi mi og leggja fram nokre tankar um deim. Det vert jamt yver turre typografiske samandrag frå eit som ikkje eigenleg kann målet :)

Cherokeeskrifti

Slik ser Cherokeeskrifti ut, meir eller mindre, her frå menneskerettsmeldingi:


ᎠᏯᏙᎸ 1 ᏂᎦᏓ ᎠᏂᏴᏫ ᎤᎾᏕᏅᎢ ᎤᎾᏚᏓᎴᏓ ᎠᎴ ᎡᏧᎳᎭᏉ ᎾᎢ ᎠᏢᏉᏙᏗ ᎠᎴ ᎤᏂᎲ ᎢᏳᎾᏛᏗᎢ. ᎾᏍᎩᎾᏃ ᎤᎵᏍᎪᎸᏔᏅᎩ ᎤᏠᏯᏍᏗ ᏅᏰᎵᏛᎩ ᎠᎴ ᎠᏓᏅᏖᏟᏓᏍᏗ ᎠᎴ ᎡᎵᏍᏗ ᏏᏴᏫᎭ ᏂᏚᎾᏓᏛᎾᏕᎬᎩ Ꮎ ᏗᎾᏓᏅᏟ ᎠᏓᏅᏙ ᎬᏗ.

Her er alle stavingane i eit bilæte stole or wikipedia:

Cherokee_Syllabary.svg.png

Cherokee er, som mange veit og sikkert kann sjå her, grunna på latinskrift. Det var ikkje slik i fyrstingi - han Sequoyah som laga skrifti hadde fyrst ei form som var svært krussedullutt og kursiv. Det var fyrst då han skulde prenta skrifti at dei høvde ho til det latinske designmålet og attpåtil nytta att eller nytta att med små brigde latinske prentetol. Difor ser ho ut som ho gjer.

Mange hævdar at den upphavlege krussedullskrifti hev verka som ei handskriftutgåva, men eg hev ikkje funne døme på det.

Det ein i staden finn døme på er ei handskrift som tek litt frå latinske blokkstavar, men ikkje so mykje som ein kann henda skulde tru. Ein finn òg mykje ymsing frå skrivar til skrivar. No er det nog innleiding.

Døme 1: Ukjent Brev frå Wikimedia

Detta dømet fann eg på wikimedia. Det er truleg gamalt, men eg veit ikkje heilt når det er frå. Det er gjenomgåande og uheppe at eg ikkje skynar kva som stend i nokon av dessa brevi, men det må me liva med :(

cherokeebrev1

Detta er veldig fint! Det er det fyrste gode dømet på Cherokee-skrift eg hev funne, so eg er kann henda litt partisk her.

Fyrst nokre ting som kjem til å koma att: me hev ascenderar ((stav-)huvor?) og descenderar ((stav-)halar?)! Stavhuvone gjeng mykje att i all handskrifti eg hev set, og dei hev alltid den same formi - ei ganske flatt lykkja. Teikn som hev det her er t.d. Ꭴ 'u' tvo gonger på fyrste lina, og Ꮝ 's' heilt i byrjingi på fyrste lina. Der prenteskrifti hev ein liten arm som strekkjer seg uppetter, hev ein visst fridom til å laga ei slik huva i handskrift.

Ein annan type hovud ser ein i næst siste teikn på næst siste lina - der hev Ꭳ 'o' fenge eit lutrett strik beint upp yver topplina.

Til sist for huvone hev me det eg trur er Ꮈ 'nv' i ei ganske fråvikande form. Teiknet er laga litt som ein lykje-L på latin, og det hev huva - ein ser det heilt i midtet i andre lina, og mot slutten på tridje lina.

Halar er noko meir sjeldsynte en huvor, men ein ser deim i alle fall ofte i y-liknande teikn (truleg latinsk innverknad), t.d. Ꭹ 'gi' og Ꮍ 'mu'. Ein ser eit par 'gi'-ar her, t.d. i andre ordet, tridje lina (igjen utanum yverskrifti). Onnor handskrift hev fleire halar.

Anna småplukk er at ein ikkje tek seg tidi til å skriva på serifar - prentecherokee hev svært mange serifar, og stundom nyttar ein det som ser ut som serifar til å skilja teikn, men i handskrift er dei skilnadene ofsa til på andre måtar so ein ikkje treng deim so mykje. T.d. hev Ꭹ fenge seg eitt rett strik som gjeng yver heile toppen og ein klår runding nede (sjå igjen på andre ordet på tridje lina), medan Ꮍ truleg ikkje hev det (men eg trur ikkje ein kann sjå det i denna teksti).

Men noko av det kulaste og mest kjenneteiknande for Cherokee-handskrift syner seg her: sterke vassrette linor i fleire høgder! For meg er detta noko av det som gjer at Cherokee-handskrifti skil seg so ut - ho hev svært klåre, tydelege vassrette linor på 3 høgder som giv heile bilætet samanheng.

For å sjå litt kva eg snakkar um her, jamfør detta bilætet med originalen. Her hev eg teikna på grønt for dei vassrette striki, raudt for huvor og raudblått for halar. Hadde eg vore rausare kunde eg hatt endå fleire, t.d. på toppen av Ꭱ 'e', men la gå:

Brev1påteikna

cherokeebrev1

Ein lyt med ein gong sjå kor gjenomførde dei vassrette striki er. Dei gjeng gjenom svært mykje av teksti, og dei finst alltid på um lag tri høgder - noko tilsvarande dei tri striki i E - eit uppe, eit i midet, og eit nede. Stundom, som t.d. i Ꮨ 'ti' (sjå på slutten av yverskrifti), so er eit strik på toppen næstan som ein diakritt - det kjem liksom uppå heile teiknet utan å vera nær det, men utan at det ser noko styggt ut av den grunnen.

Detta, trur eg, er ein av lyklane til fin Cherokee-handskrift, og noko fontar lyt sjå til som fyredøme. Det gjeng att i alle dei flinke skrivarane eg hev set i større eller mindre mun.

Elles er det merkande å sjå store fyrebokstavar i yverskrifti her.

Døme 2: Letter about treatment of Cherokees (east)

Detta brevet er teke herfrå, er frå 1931, og ser slik ut:

brev 2 mindre

Det er mykje å setja pris på her. Skrivaren hev klårt teke umsyn til utsjånaden åt brevet og skrive med umhug og fridom. Mange av bokstavane skil seg både frå onnor handskrift og frå prenteskrift, det er få huvor og ingi halar, og stavane er mykje høgre og tunnare en ein elles er van med.

Skrifti hev langt færre huvor en døme 1, men ho er ikkje heilt utan. Ein ser ikkje huvor i alle stavar med armar som strekkjer uppetter, slik som i døme 1, men Ꭾ 'he' og 'Ꮈ' gjeng framleis litegrand yver topplina:

h huva

lv huva

Eit anna gjenomgåande sertrekk i denna skrifti er at stavar med ringar, som t.d. Ꭳ 'o', Ꮝ 's', og Ꭽ 'ha', og kann henda fleire, skriv dessa ringane usamanhengande som var dei diakrittar. Detta ser ein tydeleg i ordet under, som byrjar og endar på Ꮝ 's', men nedst i deildi um detta dømet ser ein langt fleire:

s ord s

Eg kunde nog fint ha skrive fleire tusund ord um berre deteta brevet, og trekt ut kvar einaste form som er nøytt i det, men det vert litt for mykje. I stadan kann eg trekkja fram t.d. den fine formi på Ꭹ 'gi':

gi

Heile brevet, og alle stavane i det, er liksom dytta og forma for å gjera alt samanhengande og fint. Um ein skulde laga éin font av Cherokee-handskrifti, lyt det vera denna som ligg til grunn - ho er rett og slett utruleg velgjord.

Til sist legg eg fram eit bilæte der eg hev teikna på i same stil som i døme 1. Legg merke til at dei same vassrette striki kjem fyre her òg, kann henda endå sterkare - serleg vegtlagd er toppstriket, som er svært gjenomgåande. På sume stavar hev serifar vorte ofsa eller lagt på for å få ein toppstrik:

brev 2 påteikna

brev 2 jamføring

Døme 3: Fragment of a note

Døme 3 er herfrå og er eit avslappa skrive lite notat.

døme 3

Eg hev ikkje alt for mykje å segja um det, utanum at det er veldig grunnleggjande i stil og stavformer, men framleis fint og fylgjerett skrive. Det kann soleis verta rekna som heilt avslappa og uforseggjord skrift, og i so fall er det fint å sjå nokre av mynstrene eg hev peika ut yver: skrifti hev huvor og halar der ein ventar det, t.d. på Ꮝ 's' og Ꮪ 'du' (som hev fått ein hale nede til vinstre), og huvone hev same formi som i døme 1 - ein breid krusseull som endar i eit vassrett strik. Ꭶ 'ga' er òg ofte skrive med rumpa under botnstriket, so ofte at det kann henda kann telja som hale.

Her òg ser ein at vassrette strik er vegtlagde som i dei andre dømi.

Som elles hev eg merkt ut alt detta i bilætet under:

døme 3 påteikna

døme 3

Døme 4: Echota Sunday School notes

Her er dømet frå.

døme 4

Detta dømet hev mykje til sams med døme 3, i at det er tydeleg avslappa og snøggt skrive og attpåtil litt kursivt, og i at ein likevel ser dei kjenneteikna me ventar frå Cherokee-handskrift.

Det som skil seg ut her er at i mange høve gjeng toppstrik saman yver to eller likeintil tre bokstavar. Det er mange døme på detta. Serleg spanande er òg eit ord som er heilt på botnen av brevet. Detta ordet er skrive heilt samanhengande - nokre døme på slik samanhengande skriving er her:

kursive former

Um detta kann kallast kursiv veit eg ikkje, for det er klårt gjort ganske på rappen og utan mykje planleggjing, men det er kult å sjå likevel. Um ein nokon gong skulde laga ei gjenomtenkt kursivutgåva av stavingane, kunde ein set til ting som detta.

For detta dømet hev eg ikkje merkt huvor, di ein no lytt kjenna deim att og det er lite nytt her, men eg hev merkt vassrette strik og halar. Ein ser serleg godt dei vassrette striki, og at dei ofte vert strekte ut når skrivaren hev gjort ting samanhengande og kursivt.

døme 4 påteikna

døme 4

Attåt: nokre fine teikningar på toppen av sida 1 av detta brevet :D

attåt

Ende

nokre kule former

Nokre kule former - i rekkjefylgja Ꭹ 'gi', Ꮈ 'lv', Ꮎ 'na' (?), Ꭳ 'o', og Ꮬ 'dla' (? kann vera Ꮤ 'ta').

Det var alt eg hadde å segja no. Det er mykje meir eg kunde gjort her, t.d. kunde eg samla alle formene i ein tabell, men det vert for mykje arbeid. Eg vil og leggja vegt på at eg ikkje kann detta målet, og eg er ikkje serleg flink å lesa det helder, so det er truleg nokre feil her, og det tek eg fullt andsvar for. Um ein skal trekkja fram nokre lykelpoeng um Cherokee-handskrift frå denna teksti lyt det vera:

  1. Huvor og halar finst. Huvor er ofte flate, breide krussedullar som endar ei eit vassrett strik, eller so er dei lutrette uppstikkarar, stundom med lykjor som leider inn i deim. Halar er anten rett ned, som i Ꮏ 'nah', eller skrått ned, som i Ꭹ 'gi' eller Ꮍ 'mu'.
  2. Det som gjer at Cherokee-handskrift ser fint og samanhengande ut er at det plar leggja ovende mykje vegt på lange, tunge vassrette strik. Um ein skriv snøggt kann vasrette strik frå éin bokstav fljota yver i den næste.
  3. Handskrifti brigder ofte formene på bokstavane ganske mykje, og det er noko fontar kunde brukt. Skrivarane ofsar på sume skilnader for å sleppa å gjera andre, og dei gjer vanskelege teikn lettare å skriva. Me hev set svært sereigne former av t.d. Ꮈ 'lv' og Ꭹ 'gi', men brevi er sjølvsagt fulle av slike ting, og det hadde vore nyttigt å kartleggja deim betre.

Til sist vil eg segja at det som hev gjort latinskrifti vår so fin og samanhengande som ho er no er medvitne val og utvikling yver mange år. Tidlege prenteformer hev vore bytte ut etter kvart som teknologien hev vorte betre, og bokstavformene hev teke etter måten fritt frå handskrifti for å skilja bokstavar, skapa samanheng og gjera alt finare. Cherokee-skrifti er truga og lite brukt, so sjølvsagt er stoda vanskeleg, og det er ikkje eigenleg noko eg hev noko med å gjera helder, men eg tykkjer det er ei skam um Cherokee-skrifti i notidi set seg fast i formene ho hev ervt frå den gamle slitne prentefonten utan å leika seg med all den fridomen og ymsingi ein hev funne i skriftbunaden på målet.