Gamalnorsk ljodlæra (sjølvljodutgåvo)

Av Falch
April 27, 2023

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • bok Mål

Gamalnorsk var eit moro mål

Urnordisk fonologi

Vokalar
Fremre Bakre
Uppre i iː (y yː) u uː
Midtre e eː (ø øː) (o) ɔː
Nedre (æ æː) ɑ ɑː

/o/ vart nyleg til som allofon av /u/ når /ɑ/ kom i stavingi etterpå og stundum òg av stytta /ɔː/.

Dei fremre sjølvljodi i parentes var på veg til å vaksa fram som allofonar fyre /i/.

Begge av desse tvo gruppone vart seinare tydeleg serskilde fonem etter synkopetidi, etter di at sjølvljodet som utløyste dei allofonane kvarv.

Det var òg seinare at u- og w-ljodbrigde runda nokre sjølvljod som gav oss nye /ɒ ɒː/ fonem som enno ymsa produktivt i gamalnorsken, medan dei tidlege a- og i-ljodbrigdi nemnde rett fyrr ofta vart utjamna - mest når det kjem til a-ljodbrigdet. i-ljodbrigdet i nokon mun grammatilikalisert slikat me systematisk finn det i notid og fleirtal, slik som det enno sest i norsk i dag.

Andre ljodbrigde

Eg må òg kjappt nemna brjotningi som laga um /e/ til /jɑ/ fyre /ɑ/ og /jɒ/ fyre /u/ (/jɑ/ > /jɒ/ av u-ljodbrigde).

Gamalnorsk fonologi

Sjølvljod, ę́ og ǿ vert òg skrivne æ og œ
Fremre urunda Fremre runda Bakre
Høg i iː <i í> y yː <y ý> u uː <u ú>
Høg-midtre e eː <e é> (ø) øː <ø ǿ> o oː <o ó>
Låg ɛ ɛː <ę ę́> ɑ ɑː <a á>, ɔ ɔː <ǫ ǫ́>

Stavemåtane <æ œ> er òg kjende for /ɛː øː/, men truleg heldst av di islandsk no skriv <æ> for begge og uttalar dei som /ai/. Her er valt å gjennomføra bruken av ´ for lange vokalar å undangå for mykje tilnærming til islandsk.

/ø/ er eit veldig avgrensa sjølvljod og vart ofte /e/ eller brote til /jɔ/. Eit anna vanleg tidleg brigde er samanfall av ę og e som er heilt gjennomførd i vestnordisk medan austnordiske mål hadde litt annleis samanblanding av /e ɛ/ og /eː ɛː/ men ofte slik at begge enno finst i dag. Vanleg i alle greiner er at ǫ́ og á òg fall saman ofte mot ǫ́, og gjerna skriven som <á> i normalisert skrift i dag. Detta ser me òg i at alle moderne mål ser leivder av runda á. Ǫ ymsar med A grammatisk, slik at ein enno berre kunde finna ǫ fyre u på gamalnorsk og vart difor òg gjerna bytta ut med A serskildt i Skandinavia. Sjølvljodet er i dag gått til anten o eller ø elles og finst ikkje som eige sjølvljod i noko notidarmål.

Alt i alt

Eg vilde skriva noko om gamalnorsk. Eg likar tabellar. Denne teigen er ikkje veldig nyttig og hev ingenting serleg nytt. Kann vera han skal verta utvida eingong.