No som hen stend i ordbøkene som ukyna varaord med offisiel autoritet frå språkrådet, kann mange teke seg i å tru og meina at detta ordskiftet um pronomen på norsk er yver.
I denna teigen skal eg prova kor dei tek i mis alle saman!
Um han vert for lang for deg er det ei svært stutt uppsummering um korleis ein skal nytta pronomenet he heilt i botnen.
He er pronomenvalet eg likar. Eg tykkjer det løyser alle problemi eit slikt ord treng løysa, og det einaste det hev i mot seg er at det er uvant (men slik er det alltid med slike løysingar!). Um du skal tala um meg, må du gjerne nytta detta ordet um du vil.
Ordet er laga etter mynstri åt andre pronomen-like ord som det og me/de. Uttala kann altso fylgja me (eller vi) og de - segjer du [deə̆] og [meə̆] lyt du nog segja [heə̆], og segjer du [diː] og [miː] lyt du nog segja [hiː]. Slik opnar ein for naturtru ymsing millom målføre etter mynstrer ein finn andre stader. Men dessa er pronomen, og pronomen ymsar mykje, so ein lyt ikkje vera so streng på slikt.
Eigeformi er hess, etter dess av det, og skal talast ut likt. Dativformi er sameleis hi etter di av det.
Skal ein bøygja adjektiv etter he, eller nokon som nyttar he, lyt ein velja inkjekynsformi der det stend millom hankyn, hokyn og inkjekyn.
Der det stend millom samkyn og inkjekyn (t.d. i dømd mot dømt) lyt ein velja samkyn. Det er altso berre når ein må velja millom hankyn, hokyn, og inkjekyn at ein helst lyt velja inkjekyn. Eg er ope for at ein skal kunna velja inkjekyn her òg so det vert heilt fylgjerett, men skiljet millom samkyn og inkjekyn her finst ikkje på bokmål, og eg vil ikkje styrkja den bokmålske innverknaden - på bokmål er både han, ho og det dømt, men på ikkje-bokmål skil me.
Pronomen hev ofte reduserte former, som t.d. 'n for han eller 'a for ho. Um ein vil gjera noko slikt med he, lyt det nog verta berre 'e, med same vokal som i det fult uttala pronomenet. Det skil det greidt frå alle andre pronomen, kann henda utanum det um ein ikkje segjer det med klår [d] eller [r] i byrjingi.
Um ein vil, kann ein vera fylgjerett i å nytta he når ein talar um ukjende der ein elles på norsk nyttar han. Til dømes kann ein segja Det var ingen der inne, men um eg fann nokon, hadde eg snakka med he.
Ei meir radikal løysing her hadde vore å nytta inkjekynsformi av alle ord her, soleis: Det var inkje der inne, men um eg fann noko, hadde eg snakka med he. Det er nog i grunn ei god løysing, men ho fell nog òg hakket meir unaturleg for folk, so eg tek ikkje stelling til nett det.
Detta er altso korleis he funkar. Eg tykkjer det verkar bra, men det som talar sterkast for he er eigenleg det som talar imot hen. I næste deild skal eg skriva um kva som gjer hen til eit dåleg val, og so på slutten skal eg koma attende til he og gå litt meir i djupna um kva som gjer det so høvande at det nog er vorte funne på fleire gonger av målvitarar.
Hen er vorte so vanleg på all norsk at det no hev kome inn i ordbøkene. Det kjem gjenom svensk, som tok det frå finsk hän, som tyder han eller ho eller he (finnane hev ikkje grammatisk hankyn og hokyn i målet).
Det er fint at ordet finst, men det hev mange manglar, mest di Språkrådet er litt for pinglutte til å koma med gode framlegg sjølve. Ordet er teke frå svensk og inn i norsk (bokmål) utan serleg gjenomtenkjing, og serleg utan å tenkja på kor det verkar med dei norske (ikkje-bokmålske) målføri. Her er nokre av dessa problemi:
Truleg av engelsk innverknad (som nog råder litt hardare i det skeive måldomenet en andre stader :p ) hev mange teke til å bruka dei um gjevne einskiltfolk på norsk med. Detta er helder ikkje so bra:
He løyser problemi med både hen og dei - det læt ikkje som noko anna pronomen (men kann henda litt som det i snøgg tale), og det er klårt definert som grammatisk inkjekyn der ein må velja millom dei tri kyni.
I prinsippet kunde ein hatt mange andre løysingar for detta pronomenet - eg hev t.d. set hy - men eg tykkjer he høver best. Norske pronomen hev berre sjeldan andre vokalar en dei grunnleggjande a e i o u (med undantak av ø der det kjem frå o, som i øss eller døkke), og det finst alt fleire andre pronomen som sluttar på -e - t.d. me, de, og det.
I tillegg fær ein då ein slags vokaltriklang med dei tri kyna pronomeni han, ho, og he. Denna vokaltriklangen er den ein kjenner frå klassisk nynorsk (i fleirtalsendingane -ar, -or, og -er), og nett dessa tri vokalane skil seg ut fordi dei var dei einaste tri som kunde vera i trykklett stelling på gamalnorsk (men då i form av a i u i staden for a e o). At dessa tri skal vera dei ein finn i pronomeni er soleis ein slags fin symmetri som ein finn elles i målet.
At det er nett -e ordet skal enda på finn òg studnad i at -e eller -et er dei vanlege inkjekynsmerki på norsk. Ein finn det att i eit skote dyr, og i det huset, og i inkje m.m.. I alle slike endingar skulde det eigenleg vore ein etymologisk stum -t, so um ein vil føra den -t-en inn i pronomenet og skriva het hev eg inkje i mot det utan at det kann få folk til å tru at -t-en skal med i uttala, som er uheppe.
-e(t) som inkjekynsmerke hev godt målsogeleg grunnlag - men noko målsogeleg grunnlag hev ikkje he. Men um ein skulde funne på noko, kann ein tenkja seg at det kunde kome frå den proto-geirmanske forfaderformi åt det engelske pronomenet he. He på engelsk kjem nemleg frå proto-geirmanske *hiz, og detta ordet hadde ei inkjekynsform som var nett *hit, nett kva ein kunde venta som forfader for eit norskt inkjekynspronomen he!
Tabellen for det proto-geirmanske *hiz ser slik ut, og lenkja er her:
Alt detta er kvifor eg tykkjer den naturlegaste formi for eit inkjekynspronomen for menneske på norsk er he, men det opnar sjølvsagt òg for små avbrigde av same tanken som t.d. het, hed, hi, hit, hid og kann henda ha eller hat. Det viktigaste, tykkjer eg, er at det er klårt skilt frå han og frå ho, at det er bøygt med inkjekynsbøygjing på adjektiv, og at det verkar bra i so mange målføre som råd.
Eg hev funne på he, men eg er nog ikkje den einaste som hev gjort det. Eg trur at mange målfolk hev merka at noko ikkje er heilt so godt som det kunde vore med hen, og når dei byrjar å leita etter andre mogleikar, finn dei fram til mykje av den same grunngjevingi og kravi for eit pronomen som eg hev funne fram til her, og då er det berre so og so mange moglege løysingar på problemet.
Det er synd at det norske språkrådet tek ei so passiv rolla i målrøkti som dei gjer. Hadde dei vore litt meir frampå, kunde dei fått inn ei betre løysing en hen, grunngjeve ho godt, og gjort at folk kjende seg trygge og uppmoda i å bruka ho. Men det hev dei ikkje gjort - dei hev berre venta til at hen vart vanleg av seg sjølv, og so stadfest at jepp, no er det vanleg. Hadde dei teke litt meir andsvar, kunde dei funne ei løysing som verkar for nynorsk og for munnleg norsk i alle former, og dei kunde kome inn med det so tidleg at det kann henda hadde fått fotfeste fyrr hen.
Det er merkande at mange av problemi med hen er verst for folk som ikkje talar bokmål, eller som talar mindre bokmålspåverka mål. Um detta pronomenet vert vanleg, vil det framskunda bokmålspåverknaden endå meir - hankynsbøygjingi av adjektiv vil verta styrkt som vanleg um alle menneske, og det vil verta vanskelegare å vera fylgjerett med trykklette pronomen som 'n og 'a. Dativsbøygjing av pronomen er framleis livande for mange, og detta finst det sjølvsagt ingi løysing på for hen. Å ta målføre- og nynorskvern på ålvor hadde vore å koma slike ting som detta i fyrekaupet.
Nominativ | Akkusativ | Genitiv | Dativ |
---|---|---|---|
he | he | hess | (hi) |