Ofte blandar eg saman sardinsk og sisilliansk og no hev eg funne ut litt meir om kvifor - anna enn at begge er mål som er snakka på øyar som byrjar med S. Eg skal spesifikt snakka om korleis vokalane frå latin utvilka seg til vokalane i dei moderne måli serleg i sardinsk og sisilliansk.
Den vanlege utviklingi av dei latinske vokalane på (standard) italiensk og flestalle romanske språk var at dei stutte vokalen vart søkkte slik at stutt i og u fall saman med e og o respektive medan stutt e og o gjorde ein ny låg vokal (som norsk è og ò) medan dei lange vokalane berre miste lengd. Altso hadde me samanfall av i og ē, u og ō og a og ā. Desse nye låge vokalane vart ofte diftongerte i trykklaus stoda, men detaljar etter dette spyrst om det spesfikke målet.
Sardinsk er ofte sét som det mest konservative romanske målet i fonologi. Dette for di målet ikkje palataliserte /k g/ fyre fremre vokalar, men no nyleg fann eg ut at dette ikkje stemmer for all sardinsk. Nemleg på campidanesisk som er tala på sørdelen av øyi finn ein faktisk historisk palatalisering. Denne idéen av at målet er veldig konservativt spelde inn når eg fleire gonger hev blanda ihop sardinsk med sisilliansk, men eg trur den største grunnen er at dei begge hev ulik vokalutvikling.
Sardinsk hev noko ein kann kalla eit veldig konservativt vokalsystem i di at stutte vokalar ikkje vart søkkte men i staden so misste ein berre vokallengd: dei stutte og lange vokalane fall saman. At ē og e og ō og o vart /ɛ ɔ/ er ikkje so viktig her sidan det ikkje er noko /e o/.
Den sisillianske vokalvoksteren minte meg veldig om detta, og då eg såg på dette diagramet for sisiliansk, trudde eg berre at eg hugsa voksteren feil. Men nei, det var sjølvsagt for di sisilliansk og sardinsk var heilt ulike mål! Utviklingi her minner mykje meir om den vanlege og kann eigenleg sjåst gjennom den vanlege. Altso her hev me òg samanfall av i med ē og u med ō, men sisilliansk tok det eit steg vidare og hadde eit samanfall av desse med ī og ū òg til /i u/. Dette gjev oss eit liknande vokalsystem til sardinsk men med ein heilt anna distribusjon.
Sisiliansk hadde òg den vanlege palataliseringi men utfallet er visst ein frikativ i staden for ein affrikat som på italiensk. Til dømes er <ci ce> uttala som /ʃi ʃɛ/ medan italiensk her hev /tʃ-/.
Denne artiklen var ikkje meint å gjeva noko komplett bilæte av utviklingi til desse fantastiske italienske øymåli, men vart laga for å kartleggja forvirringi mi og visa litt fram av desse veldig kule målbrigdi som kanskje kann vera inspirasjon til vår kløngjing òg.
Det er sjølvsagt òg nokre detaljar om utviklingane i vokalen som ikkje kjem fram av diagrami eller det eg skreiv - viktigst av alt trykk som påverka kva for vokalar som kann vera i ulike stodor på måli - til dømes finst ikkje /ɛ ɔ/ i trykklaus stoda på sisilliansk.
Eg vonar at dette var litt interessant og kanskje hjelper det òg dykk å hugsa at sisiliansk og sardinsk er ulike mål og at sardinsk er kjempekult!
Kart med Sisilia og Sardinia