Midthelgelandsk ljodlæra

Av Lucas
April 17, 2023

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • bok Mål

Denne teigen er inspirert av den he Tlidugi skreiv um sitt eige talemål. Her tenkjer eg å skildra, i grove drag, slik eg trur midthelgelandsk fonologi heng i hop, både etter tradisjonell og nyare målvokster. Tanken er at denne analysen skal femna vidt, dvs. stort sett dekkja slik eg pratar og slik det eldre målet hang i hop. Mykje (les: det meste) i denne teigen er uprova og grunna på gamal dialektlitteratur, so ver merksam på det når de les teigen. :]

Bokheimen

Den fyrste som skreiv um "det ljodlege" i Vefsnmålet var nog Vilhjelm Riksheim med avhandlingi si Ljodvokstren i Vefsn-målet frå 1921. Materialet vart innsamla året 1917 og vart henta frå det han kalla "Ner-Vefsn", dvs. nedetter vefsna-dalføret og ikkje nord mot Drevja eller uti fjorden mot Leirfjord. Ein skal vera varsam med å generalisera funni hans Riksheim til all midthelgelandsk, for det er er ymsing i målføret i desse umrådi. Til dømes lèt det til at leniseringi fungerer noko annleis i Leirfjord en elles i midt-Helgeland (dette kjem eg innum seinare i teigen), og Drevja hadde oftare /o/ frå gn. o der midt-Helgeland elles hev /ø/.

Riksheim var ikkje uppteken av den tydingsskiljande funksjonen til ljodi i Vefsnmålet då han skreiv avhandlingi si. Soleis fær ein ei rad skildringar um kvaliteten til ymse vokoidar og kontoidar, men liti eller ingi utgreiding um breidsla dei hev i målet. Likevel , på grunn av kor presise skildringane er hev eg prøvt å byggja på dei der eg kann. Fonemumgrìpet hadde ikkje slege rot i Noreg då Riksheim skreiv avhandlingi si, men 50 år seinare skreiv Kjell Øksendal hovuduppgåva si Fonemikken i Vefsnmålet som ser just på dette eine kriteriet; kva ljod er det som er reine "variantar" (allofonar), og kva ljod er det som hev fonemstatus. Eg fekk låna uppgåva hans Kjell no i påska, men eg fekk kje mykje tid til å finlesa ho :( eg fekk berre tid til skumma smått gjenom ho... So etter kvart som eg fær lese ho grannare kjem eg sikkert til å uppdatera denne teigen.

Konsonantismen

Konsonantfonemi
FONEM Labial Alveolar Post-alveolar Dorsal
Nasal /m/ /n/ /ɲ/ /ŋ/
Klanglaust stogg /p/ /t/ /c/ /k/
Klangført stogg /b/ /d/ /ɟ/ /g/
Frikativ /f/ /s/ /ç/ /h/
Lateral /l/ /ʎ/
Slag /ɾ/ /ɽ/
Approksimant /ʋ/ /j/
Konsonantallofonane
ALLOFONAR Labial Alveolar laminal Alveolar apikal Post-alveolar laminal Post-alveolar apikal Dorsal
Nasal [m] [n̪] [n̺] [ɲ] [ɳ] [ŋ]
Aspirert stogg [pʰ] [t̪ʰ] [t̺ʰ] [cʰ] [ʈʰ] [kʰ]
Lenisert stogg [b̥~p] [d̪̥~t̪] [d̺̥~t̺] [ɟ̊~c] [ɖ̥~ʈ] [g̊~k]
Klangført stogg [b] [d̪] [d̺] [ɟ] [ɖ] [g]
Frikativ [f] [s̪] [s̺] [ç~c͡ç] [ʂ] [h]
Lateral [l̪], [l̪̥] [l̺] [ʎ], [ʎ̥] [ɭ]
Slag [ɾ], [ɾ̥] [ɽ], [ɽ̊]
Approksimant [ʋ] [j]

Utgreiding av konsonantane

  • Alveolarane /n, t, d, s, l/ er laminale pre-alveolarar (eller denti-alveolarar eller berre dentalar, um du vil), dvs. [n̪, t̪, d̪, s̪, l̪].
  • Stoggi /p, t, k/ er aspirerte i framljod, men ikkje etter vokalar, t.d. /tɑ̌ːkæ/ - [tʰɑ̌ˑg̊æ] 'taka', men /ʉːt/ - [ʉʏˑd̥]. Dette gjeld òg millom ordgrensor, so at 'er du?' vert [eːd̥ʉ], med undantak av når ordet hev serskild tyngd, t.d. 'er du der?' [eˑd̥ʉˈdaːɾ]. I bymåli kann dei vera aspirerte i utljod og lett aspirerte i innljod.
  • Palatalane /ɲ, c, ɟ, ç, ʎ/ er pre-palatale. /ɟ/ er fonem kringum Mosjøen og Sandnessjøen, men finst nog ikkje korkje som fonem eller allofon hjå talarar med meir utprega lenisering (sjå del um lenisering); i staden hev dei [ɟ̊], som fell i hop med /c/. Difor må nok /ɟ/ helst sjåast som eit diafonem ⫽ɟ⫽, som anten er realisert som /ɟ/ eller /c/ i ulike variantar. [c, ɟ] kjem oftast frå samanstøyting millom høge vokalar og /t, d/, men mange ordpar kann ikkje forklårast av denne regelen, og difor hev eg analysert dei som fonem.
  • Velarane /ŋ, k, g/ er truleg pre-velare som elles i mykje norsk.
  • Dei leniserte stoggi [b̥, d̪̥, d̺̥, ɟ̊, ɖ̥, g̊] er uaspirerte og i regelen klanglause. For sume talarar kann dei verta urlite klangføre (serleg i gamle ner-Vefsn og utpå kysten, um det folk skriv stemmer). Fonemisk høyrer dei til fonemi /p, t, c, k/ (med [d̪̥, d̺̥, ɖ̥] under /t/). Ein kann skriva dei som [p, t, t̺ c, ʈ, k], men sidan folk verkar å meina at dei kann verta litt klangføre, hev eg valt å skriva dei som [b̥, d̪̥, d̺̥, ɟ̊, ɖ̥, g̊]. Det er dette som hev vore hævdi fram til no både i Norvegia og IPA. Fyre og etter frikativar skriv eg dei likevel som [p, t, t̺ c, ʈ, k] (t.d. [skɑft]), for her er dei alltid heilt klanglause.
  • /ɽ/ er den einaste av retrofleksane som hev fonemstatus, resten er allofonar dana frå /ɽ/ + alveolar. Ljodet må analyserast som allofon for å forklåra ordpar som [sæ̌ːlæ̞] - [ʋæ̌ːɽæ̞], [fø̌ːlæ̞] - [fɶːɽæ̞], [kʰʉːl] - [kʰʉːɽ], [sɑːl] - [hɑːɽ] , osb. Dessutan trengst han for å forklåra dei andre retrofleksane, som i tradisjonelt mål berre vert laga frå /ɽ/ og aldri /l/ eller /ɾ/.
  • [f] er allofon av /ʋ/ når han kjem fyre /t/, t.d. [jæft] for /jæːʋ-t/ 'gjævt'. Etter /t/ og /k/ er han gjerna [ʋ̥~f], t.d. /kʋiːt/ - [kʰʋ̥iːt̪].
  • /ç/ kann vera [c͡ç] og denne uttalen ser ut til å vera eldst i målføret. Eg hev valt /ç/ for å få symmetri med dei andre frikativane.
  • Framfyre /j/ kann /s/ verta dregen urlite bak, soleis [s̠j] eller attpåtil [ʃj]. Uttalen [sʲj] er den vanlegaste i tradisjonelt mål.
  • /kn-/ var tradisjonelt [c̚ɲ̥] eller [ɲ̥], men uttalen [kn] hev for lengst teke yver.
  • Lateralane /l, ʎ/ hev klanglause allofonar fyre klanglause stogg; /kʋìːlt/ - [kʰʋ̥iːl̥tʰ], /ɑʎc/ - [ɑʎ̥cʰ]. I ord der gamalnorsk hadde /tl/ i innljod hev tradisjonelt mål [ʎ̥]. Her analyserer eg det som /cʎ/ (sjå lut um konsonantklyngjor).

Fonemi som ein kann henda ikkje skulde tru at er fonem

Labialane, alveolarane og velarane er kjende som fonem i all norsk, so eg orkar ikkje å ramsa upp minimale par av typen par - bar og kul - gul, men post-alveolarane (her samleumgrip for palatalane og retrofleksane) er sereigne for nordanfjellske målføre og soleis er ikkje funksjonen deira like kjende for alle (ikkje eingong for meg sjølv). Her legg eg fram /ɲ/, /c/, /ɟ/, /ç/, /ʎ/ og /ɽ/ som eigne fonem.

Minimale og halv-minimale par for post-alveolarane
/ɲ/ - /n/ - /ŋ/ /çøɲ/ 'tjørn' /çøn/ 'kyn' /søŋ/ 'syngja'
/c/ - /t/ - /ç/ /sɽʉ̌cæ/ 'slutta' /sʉ̌tæ/ 'sutta' /sty̌çæ/ 'stykke' (fl.)
/ɟ/ - /d/ - /t/ /lɑ̌dæ/ 'lada' /hɑ̌ɟæ/ 'hòdda' /hɑ̌tæ/ 'hattar'
/ç/ - /t/ - /c/ /ʋěçe/ 'vekkja' /jéte/ 'gjetet' /ěce/ 'etter'
/ʎ/ - /l/ - /ɽ/ /kɑʎ/ 'kall' /kɑl/ 'kald' /kɑɽk/ 'kalk'
/ɽ/ - /l/ - /ɾ/ /øːɽ/ 'ỳl' /øːl/ 'øl' /øːɾ/ 'deg' (høfleg tiltale)

Lenisering gjer at lange klangføre stogg ikkje kann finnast i innljod og utljod etter fonemisk lange vokalar, so um talaren hev dette, vil /ɟ/ finnast som fonem, di han på lik linja med /b, d/ og /g/ i dei same stodone fær samanfall med dei klanglause motpartane. Tradisjonelt Vefsnmål vil soleis hava [l̪ɑ̌ˑd̥æ] 'lada' og [hɑ̌ˑɟ̊æ] 'hòdda', som fonologiskt vert analysert som /lɑ̌ːtæ/ og /hɑ̌ːcæ/.

Dette lagar eit lite hòl i fonemtavla der alle dei andre stoggi hev ein klangfør motpart, sjølv um /c/ ikkje hev det. Dette er ikkje so rart, for di det same er tilfellet for /ç/. Her skulde ein ha havt ein klangfør frikativ/affrikat der skriftmålet hev <ggj> eller <gg> fyre fremre vokalar, men i staden finn vi berre [çː~c͡çː]. Orsaki er den same som med /c/; lenisering gjorde at [c͡ç] og *[ɟ͡ʝ] fall i hop. Ikkje yverraskande er det at nord på Helgeland der dei ikkje hev lenisering, kann ein enno høyra [ɟ͡ʝ]. Brønnøymålet i sør hev [ʝː] i staden, so dei tok det hinvegen og slo ljodet i hop med /j/-fonemet.

Stutt um konsonantklyngjor

Stavingsstrukturen i midthelgelandsmåli skil seg ikkje merkande frå det ein finn elles i nordnorsk. Reglane i teigen hess Tlidugi dekkjer nok det meste her, burtsett frå at /j/ ikkje kann koma etter like mange klyngjor. Samband av typen /knj/ eller /skrj/ finst til dømes ikkje.

/ɽ/ er som /ɾ/ og kann koma etter dei fleste stogg og frikativar. Soleis er fonetisk [ʂɭ-] faktisk /sɽ-/ fonemisk, for di ein treng /ɽ/-en for at /s/ skal vera retrofleks. Derimot er det [-sl-] i innljod, so her hev ein /-sl-/. Veldig sjeldan kann klyngjor ha /l/ etter stogg i staden for /ɽ/. Dei einaste ordi eg hev notert dette i er /sy̌klæ̞/ 'sykla' og /dɑ̌ːgle/ 'dagleg'.

I eldre mål hadde /kn-/ i framljod ein sereigen uttale. Hovuddraget verkar å vera at stogget ikkje vart slept og at nasalen vart klanglaus palatal, dvs. [c̚ɲ̥] eller [ɲ̥], men han kann òg vera alveolar [t̚n̥] (eller [n̥]?) i fylgje Riksheim. At den gamle uttalen i regelen ikkje byrja med velar gjer at eg hev lyst å analysera han som /cɲ/, men so finst ikkje /c/ i framljod elles. Dessutan var uttalen [kn] vanleg allereide i 1917 (og i dag er han einerådande), so å velja /kn/ trur eg er like so greidt.

I nokre få ord finst [ʎ̥] for seg sjølv etter vokalar, t.d. [tʰɑ̀ʎ̥ɔt]. Ein kann nog analysera det som eitt eige fonem, men ljodet hev so lite umfang at det truleg ikkje er tenlegt. Det er meir elegant å lata alle dei klanglause lateralane vera allofonar (som elles er tilfellet fyre /t/ og /c/) en å ha /ʎ̥/ som den einaste fonemiske klanglause lateralen. Kjell Øksendal argumenterer for at ein skal analysera han som /cʎ/ underliggjande, so det er det eg gjer her. Han kjem med nokre akustiske analysar som skal stydja upp under dette. Han syner at det lèt til det kann vera eit slags uslept stogg fyre, dvs. [c̚ʎ̥]. Um dette stemmer, danar det ein fint mynster med /kn/ som gjer umlag det same.

Fonologiske prosessar for konsonantane

For å betre greida ut konsonantane må vi innum ulike fonologiske reglar som finst i midthelgelandsmåli.

Retroflektering

Retroflektering lagar apikale konsonantar frå samanstøyting millom apikalane /ɾ/ og /ɽ/ og alveolarane /n, t, d, s, l/. /ɾ/ lagar alveolare apikalar og /ɽ/ lagar post-alveolare apikalar. Regelen kann vi formulera soleis:

  • Apikal + koronal > apikal koronal

Nokre døme:

Døme på retroflektering
Fonemisk trans. Fonetisk trans. Skriftform
/hɔːɾn/ [hoːn̺] horn
/bǔɾte/ [bǔt̺ːe̞] burte
/siːɾdʉː/ [siːd̺ʉ] ser du?
/æ̌ːɾle/ [ɛ̌ːl̺e̞] ærleg
/fɔɾs/ [fɔs̺ː] foss (gn. 'fors')
/gæːɽn/ [gæːɳ] galen
/fæːɽt/ [fæːʈ] fælt
/hæːɽdʉː/ [hæːɖʉ] herder du?
/heiɽs/ [hɛɪ̯ʂ] hals

I "yngre" mål (dvs. næstan alle fødde etter den andre helvti av det nitjande hundradåret) fell dei alveolare apikalane saman med den post-alveolare apikale radi. Skilet millom dei vert nøytralisert, og utfallet er som regel at alle vert realisert som post-alveolare.

Tidlegare var eg sers skeptisk til at det finst/fanst eit skilje millom apikale alveolarar og apikale post-alveolarar (eller supradentalar og kakuminalar, som bokheimen kallar dei). Dei verka rett og slett for like ljodleg til at ein skal kunna halda uppe noko slikt yver tid. Men i upptak av vefsningar frå 50-talet synest eg å høyra at der ein hev samband med /ɾ/ og alveolarar er utfallet mykje meir fremre (dvs. mindre retroflekst) en i dag. Då lèt det til at den post-alveolare realiseringi av /ɾC/ er av nyare dato. Det skulde helder ikkje vera forbausande at midthelgelandsken hev/hadde eit slikt skilje, i og med at det er velkjent frå t.d. trønderske målføre. Men kven veit, kann henda lingvistøyro mine høyrer det dei ynskjer å høyra :V

Lenisering

Lenisering tek stavingar med lange klangføre stogg og gjer dei stutte og klanglause, som gjer at stavingar av typen CVC: vert CVˑC. Dette fører til samanfall av stavingar med lang vokal og stutt stogg. Døme på ord som fær samanfall er rodd og rot, tagg og tak, mådde og måte.

No som eg hev fenge lese noko av avhandlingi hans Øksendal er eg urlite betre utrusta til å greida dei ut. Etter Øksendal er dei leniserte stoggi for det meste klanglause, men skildringar frå andre målgranskarar (m.a. Øyvind Jensen) tyder på at dei kann verta klangføre. Målingar av Olaf Husby syner at stoggi serleg kann ha noko klang i starten av artikulasjonsfasa. I eldre upptak høyrest dei òg stundom veldig klangføre ut. Men i bokheimen vert det ofta poengtert at dei ikkje er det sama som vanlege klangføre stogg og at dei er noko anna. Vi kann skjematisera eigenskapane åt dei fonetiske stoggi soleis:

Kjennemerki åt dei ulike stoggi
Klangført stogg Lenisert stogg Klanglaust stogg
Stengelengd Langt Stutt Stutt
Klang Nei Delvis Ja
Aspirering Sterk Veik Veik

Lenisering endrar fordelingi til stoggi slik at klangføre stogg fonologisk berre kann finnast i framljod og i ymse konsonantklyngjor, t.d. etter slag i ord som [ɑɽg] 'elg' og [bæɾg] 'berg'. Fonemisk er det dei klanglause stoggi som tek yver der det tidlegare var lange klangføre stogg, t.d. /lɑːp/ for 'labb'. Dette er urlite arbitrært, ein kann sikkert like gjerna velja dei klangføre stoggi, t.d. /lɑːb/. Men sidan leniserte stogg i regelen verkar å vera klanglause, vel eg dei klanglause stoggi /p, t, c, k/.

Vokallengdi vert påverka av lenisering. Fonemisk vert vokalen lang, slik at skilet med lange klanglause stogg (t.d. takka og lìppa) vert halde ved like. I fylgje Hallfrid Christiansen vert lengdi fyre leniserte stogg 'indifferent' (dvs. ikkje heilt lang men ikkje heilt stutt), som eg tolkar som at vokalen vert halvlang [Vˑ]. Nokre av målingane som Kjell Øksendal gjorde i uppgåva si ser ut til å stydja upp mot dette. Dette er ei ganske fin forklåring på kvifor folk Øyvind Jensen uppfatta det som at stogget vert langt i leniserte ord, t.d. i hermingane i dørgøddn 'i dørgòta', dågger 'de/dykk' og subbæ 'supa'. Lengdi på vokalen vert ikkje uppfatta som lang (di han er halvlang), og stogget vert ikkje uppfatta som fortis (di det er uaspirert), og soleis vert det tolka som kvantiteten [stutt vokal] + [langt klangført stogg] av den som høyrer utanifrå.

Lenisering hev lenge vore truga rett og slett for di det vik so mykje frå det normale kvantitetssystemet i norsk. På 50-talet skriv Gunvor Svartvasmo at dei leniserte stoggi [b̥, d̪̥, d̺̥, ɟ̊, ɖ̥, g̊] forsvann tidleg frå Mosjø-målet. Der vart dei avløyste med vanlege norske kvantitetstilhøve, slik at den "indifferente" vokalen vert lang og det leniserte stogget aspirert, t.d. [stʉˑg̊] 'stygg' > [stʉːkʰ].

Ein ting eg må få sjekka: eg minnest å ha sett minimale par som [ɾɑ̌ˑg̊æ] 'raka' - [ɾɑ̌ːgæ] 'raga'. Um det stemmer kann det tyda på at stutte klangføre stogg ber seg annleis åt, men nett korleis dette verkar veit eg ikkje. Kann henda det er noko som var vanleg for dei med "mindre" lenisering?

Palatalisering av alveolarar

[c] og [ɟ̊] (yngre [ɟ]) kjem ofta frå samanstøyting millom diftongane /ei, øʉ̯, øy/ og vokalane /i, y, ʉ/ + /t, d/, fyrst og fremst når ord vert bøygde. Mykje av breidsla deira i målet kjem frå denne prosessen.

Palatalisering av stogg
Fonemisk form Fonetisk form Skriftform
/bɾei/ + /-t/ [bɾɛcː] breidt (av 'breid')
/gɾei/ + /-de/ [gɾɛ̌ˑɟ̊e̞] (yngre [gɾɛ̌ɟːɛ]) greidde (av 'å greida')
/ɾøʉ/ + /-t/ [ɾœcː] raudt (av 'raud')
/fɽøyt/ + /-te/ [fɽœ̌cːe̞] fløytte (av 'å fløyta')
/øy/ + /-de/ [œ̌ˑɟ̊e̞] (yngre [œ̌ɟːɛ]) øydde (av 'å øyda')
/fɽiː/ + /-de/ [fɽǐˑɟ̊e̞] (yngre [fɽǐɟːɛ]) flidde (av 'å fli')
/knyːt/ + /-te/ [kny̌cːe̞] knytte (av 'å knyta')
/spyː/ + /-de/ [spy̌ˑɟ̊e̞] (yngre [spy̌ɟːɛ]) spydde (av 'å spy')
/bʉː/ + /-de/ [bʉ̌ˑɟ̊e̞] (yngre [bʉ̌ɟːɛ]) budde (av 'å bu')
Palatalisering av velarar

Denne prosessen palataliserer /ŋ, k, g/ til [ɲ ç j]. Det hender hovudsakleg der det frå gamalt var ein fremre vokal i andrestavingi. Ovringi kjem gjer seg synleg i mange bøygjingar av substantiv og verb, men òg i andre ord, t.d. adverbet lenge som er [lě̞ɲːe̞]. Andre døme er:

Upalatalisert Palatalisert
/ŋ/ - /ɲ/ /sæŋ/ [sæŋː] 'seng' /séɲæ/ [sé̞ɲːæ̞] 'sengi'
/ǔŋæ/ [ǔŋːæ̞] 'ungar' /ʉ̌ɲen/ [ʉ̌ɲːe̞n] 'ungen'
/k/ - /ç/ /tɑːk/ [tʰɐ̞ˑg̊] 'tak' /tɑ́ːçæ/ [tʰá̝ːçæ̞] 'taket' (dat.)
/spɾɔːk/ [spɾɔˑg̊] 'språk' /spɾɔ́ːçe/ [spɾɔ́ːçe̞] 'språket'
/g/ - /j/ /lɑːk/ [lɐ̞ˑg̊] 'lag' /lɑ́ːje/ [lá̝ːje̞] 'laget'
/lǐːkæ/ [lǐˑg̊æ̞] 'liggja' /lǐːe/ [lǐːe̞] 'lege'

Vokalismen

Fonemtavla tek utgangspunkt i analysen hans Øksendal, medan allofonien for det meste byggjer på skildringane hans Riksheim og det eg sjølv kann høyra i upptak av eldre vefsningar. Her vert det mykje meir spekulasjon di det er vanskeleg å falsifisera og verifisera nokre av påstandane åt Riksheim. Allofonien hev normert seg kraftig i yngre mål, so difor hev eg med ei tavla med allofonane mine attåt dei gamle.

Vokalfonemi
FONEMI Fremre urunda Fremre runda Midtre Bakre
Høg /i/ /y/ /ʉ/ /u/
Millom /e/ /ø/ /ɔ/
Låg /æ/ /ɑ/
Diftongar /ei/ /øy/ /øʉ/
Tradisjonell vokalallofoni
Fremre urunda Fremre runda Midtre Bakre
Høg [i], [iː] [y], [yː] [ʉ], [ʉː ~ ʉʏ̯ː] [u], [uː]
Millomhøg [e̞], [eɛ̯ː] [øœ̯ː]
Millomlåg [ɛ], [ɛː] [œ], [œː] [ə], [ɞ̞], [ɞ̞ː] [ɔ], [ɔː]
Låg [æ], [æː] [ɶ], [ɶː] [a̝], [a̝ː] [ɐ̞], [ɐ̞ː]
Diftongar [ɛɪ̯] [œʏ̯] [œʉ̯]
Yngre vokalallofoni
Fremre urunda Fremre runda Midtre Bakre
Høg [i], [iː] [y], [yː] [ʉ], [ʉː] [u], [uː]
Millom [ɛ], [eɛ̯ː] [œ], [øœ̯ː] [ɔ], [ɔː]
Låg [æ], [æː] [ɑ], [ɑː]
Diftongar [ɛɪ̯] [œʏ̯] [œʉ̯]

Utgreiding av vokalane

Tradisjonelt vefsnmål:

  • Alle vokalfonemi kann vera lange og stutte. Når vokalen er stutt, vert konsonanten fonetisk lang, t.d. /dø̌teɾ/ - [dœ̌tːe̞ɾ] 'dotter'. Fyre /ɽ/ kann vokalen berre vera stutt um det er ein konsonant etter, t.d. /bɑɽg/ 'belg'. Nasalar kann ha skiftande lengd; dei kann vera noko stuttare, t.d. /sěnæ/ - [sě̞nˑæ] 'sine' og /kɔ̌mæ/ - [kʰɔ̌mˑæ].
  • /e(ː)/ og /æ(ː)/ fell saman i [ɛ(ː)] fyre palatalar.
  • /ɔ(ː), ø(ː)/ og stundom òg /ʉ(ː)/ fell saman som [ɞ̞(ː)] fyre palatalar.
  • /eː/ og /øː/ er lett diftongiserte, dvs. [eɛ̯ː ~ eə̯ː] og [øœ̯ː ~ øə̯ː].
  • /æ(ː)/ er [ɛ(ː)] fyre /ɾ/.
  • I fylgje Riksheim er /ɑ(ː)/ ålmennt uttala [ɐ̞(ː)], men kann vera [ɑ(ː)] for sume talarar.
  • /ɑ(ː)/ er [a̝], [a̝ː] fyre palatalar og /ɾ/.
  • [œ] er den vanlege uttalen av stutt /ø/. Riksheim skriv at fyre /ɾ/ er /øː/ uttala som [œː]. Han skriv at han er noko lægre fyre /ʋ/, kann henda [œ̞ː], t.d. [sœ̞ːʋ] 'søv'.
  • I fylgje Riksheim vert /ø(ː)/ lægd til [ɶ(ː)] fyre apikale post-alveolarar (kakuminalar). Elles vekslar han "sporadisk" med [œː], serleg fyre velarar verkar det som.
  • [ə] er allofon av /e/ fyre /ɽ/ i tonlett stoda, t.d. /skǔnkeɽ/ - [skǔŋkəɽ] 'skunkla'.

For dei fleste i dag er det nok helder den "standardnorske" allofonien som gjeld:

  • Dei stutte midtre vokalane /e, ø, ɔ/ er lægre en dei lange motpartane, dvs. [ɛ, œ, ɔ̞]. [ɛ] tek plassen til tidlegare [e̞]. Realiseringi er nog ikkje so ulik, berre at tradisjonell [ɛ] (allofon av /æ/ fyre /ɾ/ og /e/ fyre palatalar) hadde ulik breidsla og kann henda var litt opnare. No er stutt /e/ alltid [ɛ].
  • /æː/ hev same realisering fyre /ɾ/ som i andre stodor, dvs. [æː].
  • [ɞ̞(ː)] vert slegen i hop med anten [øœ̯ː] eller [ɔː], litt avhengig av talaren og vokalen i den ikkje-palataliserte formi. Til dømes, sidan den ubøygde formi av [lɞ̞́ːçe̞] 'lòket' er [lɔːg̊], er det liklegare at [ɞ̞ː] vert endra til [ɔː].
  • /ɑ(ː)/ er [ɑ(ː)] i alle stodor, inkludert fyre palatalar og /ɾ/.
  • /øː/ er kann henda litt lægre fyre apikale post-alveolarar eller høyrest litt slik ut på grunn av kor tunga flyttar seg, men eg tvilar på at han er noko lægre en [œː]. Elles er nok /øː/ alltid [øœ̯ː ~ øə̯ː].
  • Resten er det same.

/eː/ og /øː/ er lett diftongiserte, men ulikt Tlidugi er min /ɔː/ ikkje serleg diftongisert.

vokalar_singu

Utvikling av F1 og F2 i /eː/ og /øː/
F1 startpunkt F1 endepunkt F2 startpunkt F2 endepunkt Avstand millom F1 og F2
/eː/ 436hz 522hz 2031hz 1809hz 1595hz > 1287hz
/øː/ 425hz 447hz 1515hz 1323hz 1090hz > 876hz
/ɔː/ 436hz 423hz 781hz 787hz 345hz > 364hz

Nokre punkt um kva desse tali tyder:

  • Høg F1 = lægre vokal.
  • Låg F1 = høgre vokal.
  • Liten avstand millom F1 og F2 = meir bakre vokal.
  • Stor avstand millom F1 og F2 = meir fremre vokal

Avstanden millom F1 og F2 minkar tydeleg og um lag like mykje i /eː/ og /øː/, i tillegg til at F1 stig, som tyder på at dei opnande og sentraliserande. Avstanden aukar litegrann for /ɔː/, som tyder på at han òg er litt sentraliserande, men endringi er so liti at eg hev valt å ikkje taka umsyn til ho.

I upptaket høyrest det ut som at ein diftongerte desse vokalane i eldre mål òg. I tillegg ser det ut til at /ʉ(ː)/ kunde verta diftongisert, kann henda til [ʉʏ̯ᵝː]. Dette kann ein høyra godt i ordet 'ut', som er synt i spektogramet nedanfyre (endå um det ikkje er so synlegt her). Her byrjar F1 på 380hz og F2 på 1450hz, og dei endar på 375hz og 1627hz høvesvis, dvs. diftongen gjeng framyver i munnen.

diftong u

Vanskar med skildringane hans Riksheim

Riksheim skil millom "europæisk u" og skrå 'u' i ljodskrifti. Um fyrstnemnde skriv han at "u er ikkje like att i munnen som europeisk u" og um sistnemnde skriv han at "u er vanleg trong u, ikkje fullt so framskoten som i austlandsk". Um breidsla deira skriv han at "u hev yvertaket ved lette småord, som lang vokal fyre [ɟ̊], og i ordet slutt; elles rådet u". Vidare skriv han at ein òg hev u fyre velar i t.d. uggane og skugge.

Med utgangspunkt i dokumentet hans Felix med tilsvarande IPA-teikn for Norvegia-teikni, skal 'u' vera [ʉ], og 'u' vera [u]. Norvegia o er då [u̞], og då endar ein upp med par som [stuːæ] 'stua' og [sku̞ːæ] 'skoen' (dat.). Det tykkjer eg er ganske uliklegt; eg trur at når Riksheim brukar 'u', meiner han eigenleg ein vokalkvalitet som er meir fremre. I upptak frå 40-talet (lenkja nedst i teigen) hev dei ordi som Riksheim skriv med 'u' (t.d. omule, stuæ, ut) ein vokal som læt klårt sentral, og andre eg hev spurt tykkjer det same. For å vera sikker, glytta eg på vokalane med programet Praat:

Formantar til høge midtre og bakre vokalar
F1 F2 Avstand på F1 og F2 Ord
Europæisk u, "[u]" 406hz 1312hz 906hz 'stuæ'
Trong 𝘶, "[ʉ]" 410hz 1251hz 841hz 'kuæ'
Vanleg 𝘰, "[u̞]" 392hz 1199hz 807hz 'ho'

Her ser ein at avstanden millom F1 og F2 er størst for den europeiske u-en, altso er han minst bakre, tvert motsett av det Riksheim hævdar! 'u' er altso den fremste av alle desse. Avstanden millom F1 og F2 er minst for vanleg o, som tyder på at dette er den attarste av desse tri. Trong u er ein stad imillom her, men eg mistenkjer at dette berre er naturleg ymsing (pls faktasjekk meg). Soleis kann vi slutta med at både "europæisk u" og "trong u" er [ʉ]. Det som skil seg frå normalnorsk her er at [ʉ] faktisk er sentral, og ikkje meir fremre som på austnorsk. Vanleg o kann nok vera [u̞]; når eg jamfører min /u/-vokal med den danske (som truleg er nærmare kardinal [u]), so høyrest han høgre ut en min. Men skilnaden er so liten at eg skriv han berre som [u].

Men, sjølvsagt, det upptaket eg byggjer på her er frå 20 år etter Rikheim gjorde granskingi si, so kann henda europæisk u hadde falle heilt og fullt i hop med trong u sidan då...

Sterke og linne vokalar

Vokalane /æ, u/ og /ɑ, ɔ/ vekslar med kvarandre i tonlett stoda, alt etter um det kjem ein konsonant etter eller um vokalen stend i utljod. Soleis heiter det /ʉ̌ːtu-fø̌ːɾe/ for 'utanfyre', men /ʉ̌ːtɔn-ifrɔː/ for 'utanifrå'. Likeins er det med /dɑ̌ːgæ/ - /dɑ̌ːgɑn/. Ein kann segja at /æ/ og /u/ er "sterke" vokalar di det er dei ein finn i tonlett utljod, og at /ɑ/ og /ɔ/ er "linne" vokalar di ein finn dei i tonlett innljod. Underliggjande kann vi sjå dei som variantar av same ljodet, kann henda eit slags diafonem. Vekslingi kann skjematiserast slik:

Veksling millom /æ, u/ og /ɑ, ɔ/
Diafonem Sterk vokal Linn vokal
⫽o⫽ ⫽ʋeːk⫽ + ⫽-o⫽ > /ʋěːku/ 'vika' ⫽ʋeːk⫽ + ⫽-on⫽ > /ʋěːkɔn/ 'vikone'
⫽a⫽ ⫽daːg⫽ + ⫽-a⫽ > /dɑ̌ːgæ/ 'dagar' ⫽daːg⫽ + ⫽-an⫽ > /dɑ̌ːgɑn/ 'dagane'

Dette gjeld faktisk for einstava ord òg. I retteleg tradisjonelt mål heiter /dæː/, /jæː/ og /skæː/ for 'det', 'ja' og 'skal'. Når ordet fær meir tyngd i setningi, kann den linne vokalen koma fram; soleis /dɑː/, /jɑː/ og /skɑː/. Merk at her hev vi med ord som ofta er tonlette å gjera. Dette gjeld ikkje alle einstava ord med /ɑː/, t.d. stuttformene ta 'taka', la 'lata og va 'vera'.

Det som er løgjelegt med dette er at sørhelgelandsk hev /ɔ/ for diafonemet ⫽o⫽ i beggje desse høvi; soleis /ʋěːkɔ/ 'vika' og /ʋěːkɔn/ 'vikone'. Men for ⫽a⫽ skil dei millom [ɑ] og [a], akkurat som midthelgelandsken gjer.

Tonemi og høgtone

Midthelgelandsmåli, ulikt sørhelgelandsmåli, skil tvo tonem; einstavingstonelag og tvostavingstonelag. Øksendal skildrar dei slik:

  1. Jamn stiging upp og so ned.
  2. Liten boge ned og so rett upp i fyrste del. So jamt ned med eit lite uppstig i den fallande delen på slutten.

Teikna kann ser dei slik ut:

tonem_øksendal

Tonelagi mine ser nok ikkje heilt slik ut. Her er tonelægjet mitt i ordi trui og truga i Praat:

tonem_singu

Kann henda um ein ser dei på skrå vert dei meir slik Øksendal skildrar dei. Her ser vi at tonem 1 byrjar med ein høg tone som fell ned på ein låg tone i andrestavingi. Tonem 2 gjeng urlite upp i fyrstestavingi, fyrr han fell i andrestavingi. Med toneteikn kann vi skildra dei soleis:

  1. V́.V̀
  2. V̌.V̂

Difor skriv eg V́ for tonem 1 og V̌ for tonem 2.

Noko som gjeng att i litteraturen er at tonefallet i målføret er "på veg nordover". Tradisjonelt hadde vefsnmålet mindre utprega høgtone, som ikkje er rart med tanke på at det er yvergangsmål frå lågtonemål (sørhelgelandsk) til høgtonemål (nord-helgelandsk). I hovuduppgåva si nemner Kjell at når eldre folk herma etter gamlingane frå då dei vaks upp, kunde det låta som noko som var korkje høgtonemål eller lågtone; noko midt imillom. At den meir utprega høgtonen min påverkar tonelagi mine er ikkje uliklegt, so det er nok ikkje rart at dei ikkje samsvarar heilt med tonelagi slik Kjell førde dei ned.

Dømetekst

Fonemisk transkripsjon:

/dæː ʋɑː ŋ̩gɔŋ tuː fɑ̌ːtikɑ̌ʎæ sɔ ʋɑː pɔː sýːæ ɔ fěskæ kʋěitæ/; /diː hɑː nǿʉstɑn sěnæ i bɾeːc stɑɲɑn i fjæ̌ːɾn/. /en dɑːg sɔ fæk di sɽiːk bæteɾle stuːɾ i kʋěitæ/, /ɔː diː dɾuːg uː up ɔːt nøʉstǿːɾn ɔːt deɲ ein kɑ́ʎɲ̩/; /hɑɲ skʉː byːt kʋěitu/. /hɑɲ tuːk dɔː ɔː kɑ̌stæ dæː fěitɑst ǐɲum nøʉstǿːɾæ/, /føɾ hɑɲ měɲce ɑt deɲ ɑɲeɾ ʋiʎ tɑː dæː sɔː lɔːg ʉ̌ːte/. /ɔː dɔː n̩ ʋɑː fæ̌ːɾti sɔː sɑː n̩/: "/nuː eː dæː sɔː ɾæt byc bɔ̌ːte føɾ gʉːt ɔː meɲesje sɔː dæː kɑɲ biː/," /ɔː sɔː bɑː n̩ hɑɲ tɑː kʋeː n̩ ʋǐʎe/. /deɲ ɑɲeɾ tuːk dæː sɔː ʋɑː ǐɲe/. - /mæn dɔː ʋɑɾt n̩ ɑɾg/; /hɑɲ sʋuːɾ ɔː bɑɲɑst pɔː ɑt dæː ʋɑː bæ̌ːɾe çyːʋstěkɔɾ kʋɑːɾ eɲ ɲ̩ snʉːc seː/, "/ɔː jɑːkʉ skɑː ʋiː byːt umɑt/!"

Fonetisk transkripsjon (eldre mål):

[dæ̞ ʋɐ̞ ŋ̩gɔŋ tʰuː fɐ̞̌ːtikʰǎ̝ʎːæ̞ sɔ ʋɐ̞ pʰɔ sýʷːæ̞ ɔ fě̞skæ̞ kʰʋ̥ɛ̌ɪ̯d̥æ̞]; [di hɐ̞ nœ́ʉ̯stɐ̞n sě̞nːæ̞ i bɾɛˑɟ̊ stǎ̝ɲːɐ̞n i fjæ̌ːn̺]. [e̞n dɐ̞ːg sɔ fækː ti ʂɭiˑg̊ bætːe̞l̺e̞ stuːɾ i kʰʋ̥ɛ̌ɪ̯d̥æ̞], [ɔ ti druːg u upː ɔˑd̥ nœʉ̯stœ́ːn̺ ɔˑd̥ dɛɲ ɛɪ̯n kʰá̝ːʎɲ̩]; [ha̝ɲː skʉ byʷˑd̥ kʰʋ̥ɛ̌ɪ̯d̥u]. [ha̝ɲː tʰuˑg̊ dɔ ɔ kʰɐ̞̌stæ̞ dæ̞ fɛ̌ɪ̯d̥ɐ̞st ǐɲːum nœʉ̯stœ́ːɾæ̞], [fœɾ ha̝ɲː mɛ̌ɲce̞ ɐ̞t tɛɲ ǎ̝ɲːe̞ɾ ʋiʎː tʰɐ̞ dæ̞ sɔ lɔːg ʉ̌ˑd̥e̞]. [ɔ tɔ n̩ ʋɐ̞ fɛ̌ːt̺i sɔ sɐ̞ n̩]: "[nu e dæ̞ sɔ ɾætː pycː bɔ̌ˑd̥e̞ fœɾ gʉˑd̥ ɔ mɛɲːe̞sʲje̞ sɔ d̥æ̞ kʰa̝ɲː biː]," [ɔ sɔ bɐ̞ n̩ ha̝ɲː tʰɐ̞ kʰʋ̥eɛ̯ n̩ ʋǐʎːe̞]. [dɛɲ ǎ̝ɲːe̞ɾ tʰuˑg̊ d̥æ̞ sɔ ʋɐ̞ ǐɲːe̞]. - [mæn dɔ ʋa̝t̺ n̺̩ a̝ɾg]; [ha̝ɲː sʋuːɾ ɔ bǎ̝ɲːɐ̞st pʰɔ ɐ̞t tæ̞ ʋɐ̞ bɛ̌ːɾe̞ çyʷːʋstě̞kːɔɾ kʰʋ̥a̝ːɾ ɛɲ ɲ̩ snʉˑɟ̊ se], "[ɔ jɐ̞ˑg̊ʉ skɐ̞ ʋi byʷˑd̥ umɐ̞tː]!"

Originalteksten i Norvegia:

kveito

Ende

Eg veit kje kva eg skal skriva her :D

Ting eg vil leggja til seinare:

  • Fonetisk transkripsjon av korleis eg hadde uttala dømeteksten, til jamføring.
  • Spektogram av ymse konsonantgreidor som /kn/ og /cʎ/
  • Hev kje teke stort umsyn til lìpperunding her, kann henda segja noko um det.
  • Ein lut um korleis vokalar ter seg rundt ymse konsonantar.
  • Ein lut um lengjing av vokalar i bundi form eintal av substantiv.
  • Ikkje alle allofonane i kons.-tavla vert forklara, mmmm

Kom gjerna med tilbakemelding og segj ifrå um de finn feil og slikt. Det set eg mykje pris på.

Kjeldor

Ljodvokstren i Vefsn-målet. Vilhjelm Riksheim. https://www.nb.no/items/079f90dc205b9d43d9a7cf3d12d58ab7?page=0

Helgelandsmålet i Leirfjord. Øyvind Jenssen. https://www.nb.no/items/e2ee806c377d63e8274a98788c1957bf?page=0

En akustisk analyse av leniserte konsonanter på Dønna, Helgeland. Olaf Husby. https://docplayer.me/16249351-Pa-cupa-spaellae-de-luto-om-daken.html

Vefsn bygdebok III. Kjell Øksendal (440-509). https://www.nb.no/items/697a572daec8087c32de55927551c34c?page=437

Dialektprøver fra Vefsn, 1948. NRK. https://www.nb.no/items/d4e99245883897c1a860b4a946cb9c19

Fonemikken i Vefsnmålet, 1970. Kjell Øksendal.

Transkription av de nordiska dialektalfabeten till IPA (Femte versionen). Felix Marklund.