Noko um ljodvoksteren i midt-helgelandske målføre

Av Lucas
Oct. 6, 2022

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • bok Mål

Det tok ei stund fyrr eg kom på nokon tittel til denne artikkelen. Eg er langt frå den fyrste som hev gruvla på ljodvoksteren i midt-helgelandsken. Den fyrste til å skriva noko umfattande var nog Vilhjelm Riksheim, som skreiv avhandlingi "Ljodvokstren i Vefsn-målet". Der jamfører han målføret med gamalnorsken, og peikar på kva som hev vorte kva i dei og dei høvi. Uppgåva er i grunnen berre ei lang uppramsing av ljodsamsvar, og ikkje nokon djuptgripande fonologisk analyse. Det finst ei nyare avhandling, nemleg "Fonemikken i Vefsn-målet" som ofta stend i litteraturtilvisingar. Denne hev eg aldri lese, men eg håpar å få gjort det ein dag.

Fyremålet med denne artikkelen er å sjå på nokre av dei mest sentrale emni som kjem upp i ordskifte um midt-helgelandsk ljodvokster, nemleg lenisering og apokope. Eg skal òg ta upp nokre emne eg sjølv interesserer meg for, nemleg retroflekse og palatale konsonantar og statusen deira i målføret. Her brukar eg nemningi vefsnmål berre um målføret i Vefsn, Grane og Hattfjelldal, medan midt-helgelandsk er bruka som ein samnemnar for målføri på heile Midt-Helgeland. På grunn av denne avhandlingi hans Riksheim, hev det lenge vore vanlegt å bruka "vefsnmål" um alle målføri i dette umrådet, endå det ikkje er heilt rett å segja. Håbæ dåger lære någo nytt!

Lenisering

Lenisering er godt kjend i lingvistikken. Eg tvilar på at ein finn ei einaste målætt i verdi som ikkje hev det i nokor form. Ganske enkelt kann ein segja at lenisering er ein prosess som gjer konsonantar meir sonore (d.v.s. klangfulle). I norsk samanheng handlar det oftast um ein yvergang frå klanglaust til klangført stogg etter vokalar, d.v.s. at /p t k/ vert /b d g/ i t.d. gaba, eda og koga for gapa, eta og koka. I nordgermansk er dansk mest kjend for dette, med former som vide /viːðə/ frå norrøn vita. Men fenomenet finst både i norske og svenske målføre, og visstnog òg på færøysk (berre spør Falch).

Alle kjenner til "den blaude kyststriba", men ikkje mange veit at òg selbumålet i trøndelag hev dette, men rett nog ikkje i like stor mun. Der hev dei visst former som subbe, fødd og kogge for supa, føter og koka. Like fullt skriv Øyalf Endresen i "Verbalbøyinga i Selbumålet" at dei leniserte konsonantane "har kan hende aldri vore heilt gjennomførte i eldre mål heller".

I vefsnmålet derimot, må ein nog segja at leniseringi var fullgjord i eldre mål. Men her skriv forfattarane mykje ulikt. Tokutte umgrip som "halvstemd" og "millomting" støyter ein på yveralt, og det er sjeldan greidt å segja just kva forfattarane hev meint. Trass i det verkar det som alle er samde um at midt-helgelandsmåli fær samanfall millom klanglause og klangføre stogg etter vokalar, slik at taper (notid av å tapa) og tabbe (m., "misgrip") beggje vert lydande som taːb̥e. Her ser ein altso at lange klangføre stogg fær yvergang til stutte, "halvstemde" stogg, som soleis lengjer vokalen fyre.

Vilhjelm Riksheim skildrar leniserte konsonantar som "halvt klanglause, slik som på grensa millom linne og harde kons. på sørlandet". Øyvind Jensen meiner at dei i vefsnmålet kann verta heilt klangføre, soleis subbæ, i skøddæ og Ameregæ for supa, i skotet (vedskjulet), og Amerika, men at dei oftare er heilt klanglause i leirfjordsmålet (som vert tala lengre ut mot kysten). Her hev vi altso yvergang til langt klangført stogg som i selbumålet. Sjølv hev eg aldri støytt burti former som desse. På Facebook (den fremste plattformi for målgransking!) hev eg sett former med lang vokal og stutt klangført stogg, men då fyrst og fremst frå øyværingar og sjeldan frå vefsningar. Eit stutt søk i ei lokalgruppa for Herøy syner former som sad, någo og belled (bilæte) for det som elles gjerna vert skrive sat, nåko og bellet i gruppor for innlandskommunane Vefsn, Grane og Hattfjelldal. I innlandsgruppone finn ein former som skuke, dak og nytele for skugge, dag og nydeleg. Soleis verkar det som tendensen er klangføre stogg utmed kysten, og klanglause stogg på innlandet. Men var det verkeleg anten det eine eller det andre i tradisjonelle midt-helgelandske målføre? Um vi tek for godt det Riksheim skreiv i 1921, at dei er "halvt klanglause", korleis kann realiseringi då ha vore?

Eg hev vore so lur at eg greidde å finna fram til ei stutt undersøking av Olaf Husby ved NTNU under tittelen "En akustisk analyse av leniserte konsonanter på Dønna, Helgeland". Her kjem han med kvalitetsmålingar på leniserte stogg. Denne framstillingi hev eg stole beint frå undersøkingi hans:

Kvalitative skilnader på ulike typar stogg av ein informant frå Dønna
Klanglaus Lenisert Klangfør
Lukkelengd Lang Stutt Stutt
Klangførsla Nei Nei ~ Delvis Ja
Aspirering Sterkare Veikare Veikare

Målingane hans Husby syner at dei leniserte stoggi hev likskapar med både klanglause og klangføre stogg. På eine sida er dei for det meste klanglause, og på andre sida er dei stutte og uaspirerte, som dei klangføre stoggi. Og når dei vaklar millom klanglaus og delvis klangfør, er det ikkje rart at vi finn so mykje ymsing i korleis helgelendingar skriv desse plosivane. Med delvis klangfør meiner Husby at stogget kann vera klangført i den innleidande delen av lukkefasa åt stogget. Eg skal ikkje ganga nærmare innpå denne undersøkingi, men um de tykkjer det verkar interessant tilrår eg sterkt at de kikar på ho sjølve. Eg hev lagt ved lenkja nedst i artikkelen. :D

Forsking av denne typen er noko vi verkeleg treng meir av. Husby skriv sjølv at arbeidet hans berre var meint å vera ei innleiding på eit større arbeid. So her er det berre å hiva seg rundt!

Fri apokope

Mange nordnorske målføre hev noko som heiter kategoribunden apokope. Vi ser jamt at apokopen råkar sume ordklassar hardare en andre, t.d. er det mykje vanlegare med apokope i infinitiv en med apokope av substantiv.

Spursmålet ein då må stilla seg sjølv er kvifor det er slik. Når ord som baka og kaka rimte på gamalnorsk, korleis kann dei få ulikt utfall, slik at eine vert bak' og andre held seg meir eller mindre uendra? Kann henda hev det noko å gjera med at norsk er eit SVO-mål, der verbet ofta kjem framfyre objektet. Sist i setningi er det god plass til å tala endingi fullt ut, men midt inni setningi er det ikkje alltid like god plass. Serleg um ein snakkar kjapt.

Midt-helgelandsmåli hev apokope dei òg, men det er merkande at fullformene er haldne ved like jamsides stuttformene. Ein kann soleis høyra fullformi gangæ og stuttformi ga' frå same person i same utsegni. Hovudregelen er at fullformi kjem til uttrykk når det er "nog rom" til å tala ho fullt ut, t.d. no må du etæ!. Men um eit anna ord kjem i vegen, fær ein stuttformi i staden: no må du et' kaksneiæ di!.

Det kann tenkjast at det er vekslingar som desse som skapte den kategoribundne apokopen ein finn elles i nordnorsk, og at dei midt-helgelandske målføri er eit døme på korleis systemet kunde ha sett ut i heile landsluten i eldre tid. Det er just dette Eldar Heide kjem fram til i artikkelen sin "Syntaksavhengig a-infinitiv i eldre nordnorsk". Her syner han attpåtil døme på a-infinitiv i nordnorske reglor.

Den frie apokopen i midt-helgelandsk er helder ikkje bunden til berre infinitivsendingi. Han finst òg i notid av e-verb, t.d. kvøLe ~ kvøL', tøLe ~ tøL', og i supinum av nokre sterke verb, t.d. vøre ~ vør', børe ~ bør'. Attpåtil talord kann ha stuttformer og fullformer! Dei var ni stykkjæ på båtæ, men når klokka er 20:45 og ein spør kor mykje ho er, fær ein i svar at ho er kvart på nie.

Retrofleksar og palatalar - fonem eller allofonar?

Som vitskapsfolk elles, er lingvistar sers glade i å kategorisera ting. Det gjeld serleg fonologien, der ljod ofta er inndelte i ulike kategoriar alt etter kor viktige dei er i målet. For nordmenn er ljodi /f/ og /p/ tolleg ulike, og vi skil lett millom dei. Mange av ordi våre er fråskilde berre ved skilnaden millom desse tvo ljodi, t.d. og , å pakka og å fakka, fest og pest, o.s.b. Difor segjer vi at desse ljodi er fonemiske. Men kva med /k/-ljodi i t.d. katt og skatt? I fyrste ordet, um du held handi di framfyre munnen din medan du segjer ordet, vil du kjenna urlite luft etter /k/-en. Men um du gjer det same med ordet skatt, vil ein ikkje få det same luftpustet som i fyrste ordet. I røyndi er dei tvo ulike ljod, nemleg [kʰ] og [k], men sidan skilnaden millom dei ikkje er viktig for å skilja millom ord på norsk, segjer vi at dei er allofonar av same fonem.

Det finst ei rad mål der skilnaden millom [kʰ] og [k] er kjempeviktig for å skilja millom ord, og sameleis finst det mål der skilnaden millom [p] og [f] ikkje er viktig i det heile, slik at ein kann sjå dei som allofonar av same fonemet.

Mange hev sikkert høyrt nemningar som "tjukke" og "djupe" konsonantar i tale um norske målføre, kann henda serleg nordanfjellske målføre. Som austnorsken hev nordnorsk retroflekse konsonantar, d.v.s konsonantar som vert uttala ved at tungaspissen bøygjer seg attyver i munnen, t.d. i ord som burte, mars og surna. Den tjukke l-en er nog den mest sereigne av desse. Den vitskaplege nemningi på denne konsonanten er retrofleks flapp [ɽ], og han dukkar upp etter stogg i t.d. blå, og etter vokalar i t.d. sol. På Helgeland kjem han òg av gamalnorsk /rð/, t.d. i bord og hard. Nordnorsken hev òg palatale konsonantar, og i kvardagstale segjer ein ofta at konsonantane hev "j-klang". Ord som mann, kall og nytt er døme på det.

Spursmålet eg då vil leggja fram er: kva status hev desse i midt-helgelandske målføre? Er dei fonemiske eller allofoniske? Med andre ord, brukar ein desse ljodi til å skilja millom ord, eller er dei berre uttalevariantar av same fonem?

Allofonar er ofta fyresegjelege. T.d. veit vi at /k/ er realisert som [k] etter /s/, men som [kʰ] når han stend åleina i starten av eit ord. Finn ein slike reglar for retrofleksane? Veldig ofta, ja. Vi veit at konsonantane /t d n s l/ vert til [ʈ ɖ ɳ ʂ ɭ] når dei kjem i kontakt med /r/, og dette gjeld òg på tvers av ordgrensor, slik at d-en i "ser du meg?" vert retrofleks [ɖ]. Men kva med palatalane? Finst det reglar for dei? Det stutte svaret på det er njæaeøh. Det finst definitivt tendensar. Ofta ser vi at lang /t d n l/ vert palatal [c ɟ ɲ ʎ] etter vokalane /ɪ ʏ œ ɛ ɑ ɔ ʉ/. Men dette er berre tendensar. Sambandi /n l/ + /d/ i t.d. kald, and og strand held seg stundom som alveolare, men ikkje i t.d. hald, stand og band. Andre ord fær aldri palatal konsonant, slik at sunn "helsesam" fylgjerett hev [n] og bøttæ hev [t].

Og kva med tjukk-l? Han er fyresegjeleg når han kjem etter stogg og når han kjem frå gamalnorsk /rð/. Men etter lang vokal er det ikkje alltid greidt å segja. Det finst ein handfull ordpar som [øːl] "øl" og [øːɽ] "varme", [fɑːlɛ] "fårleg" og [fɑːɽɛ] “ferder” og [hɑːlɛ] "hale" og [hɑːɽɛ] "harde". Ordet "mogeleg" kann vera både [mʉːlɛ] og [mʉːɽɛ].

Det same er tilfellet for palatalane. I nokre ordpar er skilnaden millom alveolar og palatal artikulasjonsstad det einaste tydingsskiljande elementet, t.d. [gɔt] "gått" og [gɔc] "godt", [kʰɑl] "kald" og [kʰɑʎ] "kall".

Når fordelingi av desse konsonantane ikkje er heilt fyresegjeleg og dei dannar minimale par, meiner eg det er grunn nog til å segja at dei er fonemiske konsonantar i midt-helgelandsken. Å forklåra korleis det vart slik vert nog vanskelegt. Ein kann tenkja seg at ein gong i tidi var dette ei ljodendring som var på gang, men at ho aldri vart fullførd.

Ende

Dette vart mykje lengre en eg hadde tenkt meg, og eg hadde sikkert ikkje tronge å ganga so "pedagogisk" til verks... Kannskje lyt eg senda dette til Årdbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal, i ei eller onnor form. Der hev det vore mange dialektartiklar gjenom åri, og då trur eg dette høver godt inn...

Um du på eit eller anna vis greidde å pløgja deg gjenom heile dette rotutte blogg-innlegget, vil eg takka deg for tolmødet ditt. :X

Tilvisingar

En akustisk analyse av leniserte konsonanter på Dønna, Helgeland. Olaf Husby. (PDF) https://docplayer.me/16249351-Pa-cupa-spaellae-de-luto-om-daken.html

Verbalbøyinga i selbumålet. Øyalf Endresen. https://www.nb.no/items/367edb627d4fe2bb423a7877452d720f?page=125

Helgelandsmålet i Leirfjord. Øyvind Jenssen. https://www.nb.no/items/e2ee806c377d63e8274a98788c1957bf?page=0

Ljodvokstren i Vefsn-målet. Vilhjelm Riksheim. https://www.nb.no/items/079f90dc205b9d43d9a7cf3d12d58ab7?page=0