Nynorsk Runeskrift med Kinateikn

Av tlidugi
Feb. 11, 2023

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • bok Mål
  • gil_icon Kløngjing
  • dirtsekk (sekk med drit) Drit

新北道ᛋᚴ写ᚾᛁ文ᛘᛁᚦ秦字ᚾ

For å øva meg på kinateikn hev eg teke til å skriva norsk for meg sjølv med kinateikn for alle røtene. Systemet liknar det japanske, der teikni stend for tydingsrøter som kann ha ymse uttalor etter stoda, og der ljodskrift kring teikni kjem med grammatisk informasjon som hjelper lesingi. I denna teigen skal eg greida ut korleis detta systemet verkar.

Dømetekst

怎ᛚᛁᛁᛌ看ᛦ它ᛐᚢᛐ写ᛁᛙᛁᛐᛓᛚᛁᛆᚿᛐ? ᛌᛚᛁᚴ。 ᛁᚴ喜ᚱ它ᚭᚴ,但它ᛁᚱ少ᛐ。。。 厚。但它走ᛦ好,ᚠᚭᚱ字果喜ᚱᛁᚭ厚ᛁ人ᛦ,哈々。今会ᛁᚴ发ᛆ它ᛓᛆᛐᛁᛌᚴᚭᚱᛐ。能发ᛆ某ᚿ说ᛦ«ᚴᚢᛚᛐ»或某ᛐ。它有ᛁᚢᚭᚱᛁ好。

(Merk at det eigenleg ser yverraskande bra ut, og at ein fær den same effekten som japansk, der mindre viktige ting er ljodskrift, og det ein helst skal få med seg når ein skumles er store teikn.)

Runone

Millomalderrunone er det seinaste stiget av runor, og det som er lettast å nytta for dei som er vane med nynorsk i latinsk skrift. Stavnaden fylgjer i utgangspunktet nynorsk skrift etter måten beint fram - ein skriv lange konsonantar tvo gonger, ein skriv ut naseljod fyre andre konsonantar, og ein merkjer ikkje gamle lange vokalar. Stumme bokstavar er med, men stum d eller t er skrive med ᚦ (med undantak av stumme d-ar inni røter, som i blad eller glad). Trykkveike -e og -o er gjenomført skrivne som -ᛁ og -ᚢ av di dessa ser mest ulike ut. Systemet ser altso slik ut:

Runa
Fonem /f/ /v/ /ʉ/, /ʉː/, /ʋ/ /Ø/ /o/, /ʊː/ /r/ /k/, /ɕ/ /g/, /j/ /h/ /n/ /i/, /e/ /j/ /e/, /eː/ /p/ /s/ /t/ /b/ /m/ /l/ /ø/ /d/ /ɑ/, /ɒː/ /æ/ /y/, /yː/

I tillegg til dessa hev (transkribert R) sere morfologiske bruk som eg kjem attende til.

Kinateikni

Eg er enno ikkje serleg god på kinesisk, og eg lærer same kva berre høgkinesisk, men teikni ein vel lyt vera gamle, og heldst ta frå klassisk kinesisk. Men sidan detta er mest for at eg skal læra meg teikn, er eg ikkje so streng på det. Av same grunn nyttar eg forenkla teikn.

Sidan norsk hev fleire bøygjingsklassor en japansk, treng attåtskrifti vår (d.e. runone) òg å vera litt meir innfløkt. Sidan same teikn kann verta lese som fleire ulike ord, treng me runor som slær fast kva uttala som er meint. Etter alt hell gjer bøygjingsklassone detta lettare - ofte er ikkje tvo moglege uttalor i same bøygjingsklassa, so um runone fær fram klassa, kjem uttala av seg sjølv.

Namnord

Teiknet 字 (zì) tyder teikn, bokstav. Me kann nytta det til å skriva ei heil rekkja ord som hev med slike ting å gjera, og me fær fram skilnadene med runor som syner bøygjingsklassa, eller til nauds med ei runa som berre syner konsonanten ordet skal slutta på. Slike naudhjelpsendingar trengst berre når det er fåre for forvirring.

Døme på ulike ord skrivne med 字 er:

Ord Uttala Ending Bøygjingsklassa
字ᚿ teikn -n Inkjekyn med -n-ending
字ᛚᛁᚦ teiknet -net Inkjekyn med -n-ending
字ᛆ runa -a Lint hokyn
字ᚢᚱ runor -or Lint hokyn
字ᛚ symbol -l Inkjekyn (lånt)

Sameleis er det med 狗 (gǒu), 猫 (máo), og 人 (rén), som i rekkjefylgja tyder hund, katt, og menneske:

Ord Uttala Ending Bøygjingsklassa
hund Ingen Sterkt hankyn
狗ᛆ bikkja -a Lint hokyn
狗ᛕ kvelp -p Sterkt hankyn
katt Ingen Sterkt hankyn
猫ᛆ kjetta -a Lint hokyn
猫ᛚᛁᚿᚴ kjetling -ling Sterkt hankyn
猫ᛌ pus -s Sterkt hankyn
人ᛁ menne -e Lint inkjekyn
人ᛆ menneskja -a Lint hokyn
人ᛆᚱ personar -ar (fleirtal) Sterkt hankyn
北人 nordmann Samansett Samansett sterkt hankyn
语人 målmann Samansett Samansett sterkt hankyn

Sume endingar hev eigne kinateikn - -ing er skrive med 性 (xìng), -na er skrive med 化 (huá), og -ande er 可 (kě). Dessa vert det truleg fleire av etter kvart som systemet mognar. Soleis:

Ord Uttala
字性 teikning
厚化 tjukna
学可 lærande

For å skriva umljodsfleirtal av namnord nyttar ein som ending. Denna endingi er òg nytta for andre fleirtalsformer med tonelag 1 (dvs. der -er som ending kjem av gamalt -R). Soleis fær ein:

Ord Uttala
mann
男ᛦ menn
broder
兄ᛦ brøder

ᛦ er òg nytta for notid av verb - det stend det meir um i verbluten.

Verb

Verb er noko meir innfløkte en namnord, men fylgjer det same systemet. Kvar ending i kvar bøygjingsklassa er skrive på same måte alltid - der detta ikkje er nog til at ein aldri les feil, legg ein på ekstra ljodskrift. Ein kann vera meir regelrett i skrifti her en ein er i tala og med latinske bokstavar - til dømes kann ein nytta -te for fyrrtidsendingane -te, -de, og -dde. For verb er det lettast å syna detta med ein gjenomgang av alle klassone:

Verb Nemneform Notid Fyrrtid Ferdig fyrrtid
A-verb -ᛆ -ᛆᚱ -ᛆᚦᛁ -ᛆᚦ
måla 漆ᛆ 漆ᛆᚱ 漆ᛆᚦᛁ 漆ᛆᚦ
E-verb -ᛆ -ᛁᚱ -ᛐᛁ -ᛐ
tenkja 想ᛆ 想ᛁᚱ 想ᛐᛁ 想ᛐ
J-verb -ᛁᛆ -ᛦ -ᛐᛁ -ᛐ
telja 计ᛁᛆ 计ᛦ 计ᛐᛁ 计ᛐ
Stuttverb -ᛆ -ᚱ -ᛐᛁ -ᛐ
达ᛆ 达ᚱ 达ᛐᛁ 达ᛐ
Sterke verb -ᛆ -ᛦ -ᛁᚦ
skjota 射ᛆ 射ᛦ 射ᛁᚦ

Påfunne norske teikn

Sume gonger er det høvande og moro å finna på norske teikn for ting. Eg hev ikkje mange enno, men til dømes for henda kann ein laga eit teikn med radikalar (teiknluter) som tyder hand og tala. Hand er der for ljodi (fleirtal av hand og verbet hender er like), og taleluten er der di noko som hender er noko ein talar um. Teiknet ser slik ut:

henda

Sidan poenget er at eg skal læra meg kinateikn, lyt eg ikkje laga for mange av dessa. Men sidan eg mest handskriv med detta systemet, er det veldig lett å laga :3

Ting eg ikkje hev nemnt

Det eg hev lagt fram her lyt vera nog til at ein sjølv kann fylla inn alle hol. Adjektiv, til dømes, fylgjer dei same prinsippi som alt anna, og det som stend att av avleidingsendingar eller småord kann ein velja å skriva med teikn eller runor fritt (eller etter kva eg kjem på).

Ordbok

Her kann eg skriva inn norske lesingar av teikn som kann henda ikkje er heilt sjølvsagde.