(Detta var eit stykke eg skreiv til årbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal, men som vaks seg litt for stort og tungt og difor vart liggjande på disken. No legg eg det ut her so det fær lufta seg litt)
Når me pratar um dialekt, er spyrjeordi noko av det fyrste folk dreg fram. Det er nok ikkje so merkelegt, sidan dette er ord me brukar ofte og lettare legg merke til når me høyrer folk frå andre delar av landet snakka. Dei ordi me brukar oftast er sokalla funksjonsord, ord som utfører ulike grammatiske uppgåvor i språket. Spyrjeordi høyrer til i denne gruppa, og då er det ikkje underlegt at dei er nokre av dei eldste ordi me hev. Likevel tyder ikkje det at dei er verna mot endringane som hender elles i språket.
Fyremålet med dette stykket er å dryfta spyrjeordi i vefsnmålet, både i dag og fyrr i tidi. Eg kjem til å visa til mellom anna Far etter Fedrane av Reidar Svare (både I og II) og Norsk Ordbog av Ivar Aasen, for å få innsyn i korleis målføret var på fyrr 1900-talet. Um fagmålet i dei komande dryftingane vert for tungt, kann ein hoppa til uppsummeringi i slutten og lesa hovudpunkti til artikkelen der.
Det hende store umveltingar i dialekten vår når industrialiseringi kom i gang i Mosjøen på 50-talet. Det er i den samanhengen ein må skyna skilnadene millom det tradisjonelle vefsnmålet og den formi av dialekten me høyrer mest av i dag. I denne delen tek fyre seg spyrjeordi me brukar i dag, for å spora dei tilbake til ordformene ein høyrde frå ‘gamalvefsningane’.
'Kva' heiter stort sett ke. Formi er unekteleg helgelendsk, og gjer det lett å heimfesta helgelendingen på kartet. Tidlegare heitte det kve med /ʋ/, men denne formi kann knapt høyrast i dag. Formi dukkar upp både tidt og ofte hjå Reidar Svare:
For ‘kven’ hev me kem, og det same sa ein òg i eldre vefsnmål: «Ho Randi skynnæ se å sku sjå kem dæ va.» (Svare, 1950, s. 23) For ordet ‘korleis’ finst det fleire former. I dag er korsn og kersn vanlege i nærsagt alle aldersgruppor, men eldre folk brukar òg korleis eller korleis’n. Ingen av desse formene fanst tradisjonelt i målføret, og Ivar Aasen skriv sjølv at ‘korleis’ er «et nyere ord» (Aasen, 1873). Hjå Reidar Svare finn me aldri korsn, kersn og korleis(’n); i staden er kor bruka.
Her hev me altso ein bruk av ordet kor i tydingi ‘korleis’. Denne bruksmåten finst enno i dag i ordlag som «kor dæ går?», men i seinare tid har han vore i nedgang. Når me fyrst brukar ordet på den måten i dag, legg me ofte til partikkelen leis’n heilt i enden av setningi, t.d. kor vi ska gjer dæ leis’n? Mange brukar òg ke i slike samanhengar (t.d. ke dæ gjekk leis’n?), og dette er nok òg nyare bruk. So lyt det nemnast at det tidlegare fanst mange måtar å uttala kor. Vilhjelm Riksheim listar upp desse variantane i 1921: kor, kår, kør og kur (Riksheim, 1921, s. 35). I dag er det formi kor som hev vunne fram.
I gradspursmål brukar ein òg ordet kor. Eit døme frå Reidar Svare er: «E va kje store kar’n, men e minnest kor hardt dæ gjekk inn på oss då dene ótinæ kom.1» (1967, s. 78). Nyare bruk av dette ordet er i stadspursmål2, t.d. kor han va ifrå?, ofte med samansetningar som korhæn eller korifrå, men i det tradisjonelle målføret hadde ein berre ordet k(v)ar3 til dette fyremålet: «Dæ får no va dæ sammæ kvar e kjem når e e daud, bære e kjem dit han Almdals-Jørn e» (Svare, 1967, s. 140).
For ‘kvifor’ hev me òg mange uttalevariantar. Dei eg hev merkt meg er keffør, koffør, keffer og koffer. Desse formene er samansetningar millom kva eller kor og preposisjonen for. Samansetningane er nok relativt nye, sidan dei ikkje er å finna i tekstane til Reidar Svare. I staden finn me seiemåtar som desse:
So kann det vera fint å nemna at me hev uttrykk som kor dæ va skaft, som bokstavleg tyder ‘korleis var det skapt?’, dvs. ‘korleis vart det til at det vart slik?’, og kor dæ høvde, som kann umsetjast som ‘korleis inntrefte det seg slik?’. Beggje desse uttrykki var mykje bruka der me i dag helder hadde sagt keffør eller liknande (Øksendal, s. 503).
Til spursmål um tid hev me spyrjeordet når. Me hev òg samansette former som keti, korti og nårti. Tradisjonelt heitte det berre nå utan /r/: «Nå du no går ut, sa høld-kòno, ska du ta mæ de soplinnen og sæt i dør-gøto» (Svare, 1950, s. 22), «dæ føstæ han Jakob gjorde nå ’n kom, va å sjå i mjølkjesto.» (Svare, 1950, s. 47). Aasen nemner òg forme som nårtid og kvat tid, so det er ikkje urimelegt at desse går eit stykke tilbake. Men eg hev likevel ikkje funne døme på dei i bøkene til Reidar Svare.
Til sist, hev me uttrykk som kva for ein og kva slags. Bokmål og mange norske målføre hev eigne ord for dette, som hvilken og hokken (òg bruka for ‘kven’), men nynorsk og tradisjonelt vefsnmål brukar andre spørjeord for å få fram den same tydingi. Når k(v)e står framfor eit substantiv, får me denne tydingi:
Det var òg vanlegt å bruka kve slags, kve førslags eller kve før ein:
I dag kann òg former som kelass og keførlass høyrast. I yngre målbruk vert allstødt korsn og kersn bruka slik, t.d. korsn båt? Korsn type? Dette er vanlegt i heile Nord Noreg i dag, so det kann vera me har fått denne bruken frå andre nordnorske målføre
Alle ordformene me hev dryfta skal på papiret kunna sporast tilbake til former i det gamalnorske målet, men dette er oftare lettare sagt en gjort. Denne bolki jamfører dei vefsnske formene med dei gamalnorske, for å sjå um me kann sjå nokon samanhengar.
Ragnvald Iversen legg fram i Senjen-maalet: lydverket i hoveddrag at ke-formi i senjamålet (og då venteleg andre nordnorske målføre) må koma frå ei eldre sideform *hvet av hvat, etter same mynster som þat ‘det’, som hadde sideformi þet (som er der me har nynorsk det frå) Ein kunde òg ha tenkt seg at /e/-vokalen kjem frå ei samandraging av ‘kva er’, dvs. *ka e’ > ke’, men dette meiner Iversen er umogelegt, sidan nordnorsk likar betre ordstillingar som ‘kva det er?’ i spyrjesetningar. Eg veit ikkje um eg heng heilt med på denne tankerekkja, sidan setningsstrukturar av slaget ‘kva det er?’ ikkje fanst på gamalnorsk. Det kann lett ha vore slik at samandragingi hende fyrr nordnorsk fekk slike strukturar. I tillegg synest eg ein skal vera svært varsam med å rekonstruera sideformer som *hvet som ikkje er nedskrivne nokon stad, utan å ha veldig gode grunnar til det. Og kann henda viktigast av alt: vefsnmålet hev formi dæ for ‘det’, venteleg frå gamalnorsk þat, og i gamle Leirfjord hadde ein attpåtil uttalen da. Kvifyre skulde me då ha hatt hvet? Me kjenner allereide þet frå gamalnorske tekstar, og når *hvet då ikkje er stadfest i det heile, gjer det det endå vanskelegare å tru at ei samansetning som þat – hvet skulde vore mogeleg.
Det eg ser på som ei litt rimelegare forklåring, er at k(v)e anten er frå ordet hverr ‘kven, kva for ein, kva’, eller at vokalen i k(v)e i det minste påverka det. Dette ordet er det same som hev gjeve oss nynorsk kven (frå akkusativ hvern), og kunde òg brukast i nærare tydingi kva på gamalnorsk. Jamfør dette dømet, der ordet er bøygt i dativ for å få tydingi ‘med kva’ eller ‘for kva’.
| Ek | vil | vita, | hverju | þú | vil | bǿta | bróður | minn |
| Eg | vil | vita, | med.kva | du | vil | bøta | bror | min |
Ordet misser som regel den tvenne r-en i dottermåli, jf. islandsk hver og færøysk hvør. Me veit at vefsnmålet kann missa r-en i funksjonsord, som med når > nå’. Då er det ikkje utenkjelegt at utviklingi kann ha gått noko som hverr > *hver > *kver > kve’. Fleire trønderske målføre hev òg former som ker for ‘kva’, som synest å stytta upp mot dette. Og når ordet kann brukast som ‘kva for ein’ (jf. «kve dag» (Svare, 1950, s. 179)) just som gamalnorsk hverr, synest eg ikkje dette er ei heilt urimeleg slutning å draga, endå um kva òg kann brukast soleis i mange målføre.
Kem er frå hveim (eigenleg dativ, dvs. ‘for kven, med kven, av kven’), og kor speglar hversu, som òg vart bruka for ‘korleis’ og ‘kor (mykje)’, men manglar /s/-en.5 Svensk hev òg ei slik form, hur (eldre huru), som dels er vorti utgreidd som ei bøygingsform hwaru av eldre svensk hwar (austleg variant av gn. hverr), men òg som ei avstytting av ei ikkje-nedskrivi form hwarnwegh ‘korleis’, som speglar islendsk hvernig ‘korleis’ (frå hvern veg ‘på kva for ein måte’) (SAOB, 2025). Aasen gjeng innpå mykje av det same i utgreidingi si av kor i Norsk Ordbog:
Ordets Opkomst er dunkel, da det vanskelig kan henføres til noget gammelt Ord, som hvé, hversu, eller hvar (s. kvar). Snarest kunde det opfattes som en Forkortning af kvaaro (G.N. hváru), Dativ af kvaart, i Betydn. hvilket. Jf. Sv. huru og G.N. at hváru, = “kor som er”. (Aasen, 1873)
Sjølv synest eg ikkje det er urimelegt at kor berre er ei avstytting av hversu. Me fann alt i gamalnorsk tid sideforma hvorsu, og norske målføre er fulle av kortformer som koss. Kann henda gjekk utviklinga noko som hversu > hvorsu > *kvoro > kor, men dette er rein spekulasjon frå mitt hald.
Upphavet til ordet k(v)ar er beint fram. Ordet er det same som gamalnorsk hvar, og hadde same funksjon, nemleg som stadspyrjeord. Den sjeldnare formi kvarst kann vera frå gamalnorsk hvart, som er frå tidlegare hvar at ‘kvar til’, med yvergangen rt > rst, som slettes ikkje er ukjend på nordnorsk.6 Elles kann ein tenkja seg at ordet er ei samandraging av kvar stad.
Til sist hev ein dei spyrjeordi som er beine samansetningar, dvs. kor-leis og kvi-for. Upphavet til keffør og koffør hev me allereide dryfta; dei er truleg samansetningar av ke/kor og før. Korleis(’n) er helder ikkje noko problem, -leis er kjent frå andre adverb (jf. annleis, sameleis, soleis, framleis) og hev samanheng med leid (som i ‘veg’ eller ‘retning’), og -’n er ei adverbending som dukkar upp yveralt i norske målføre (jf. der ne ‘der (borte)’ og so-ne ‘so, soleis, slik, sånn’). Men korsn og kersn er mindre greide. Ein kunde lett ha tenkt seg at ordi er frå hversu ‘kor, korleis’, men då hadde me venta at korsn/kersn var vanlegt i eldre mål, og som nemnt verkar det som vefsningar fyrr i tidi berre sa kor for ‘korleis’. Det er kann henda rimelegare at korsn og kersn er avstyttingar av korleis(’n) og keleis’n, som elles er svært vanlege former på Helgeland. Jamfør denne veldig grove lista med nedteikningar av tradisjonelle/eldre former for ‘korleis’ frå Helgeland, henta frå Setelarkivet:
Det einaste dømet med finn på korsn her er frå Rødøy, nord på Helgelandskysten. Og her finst formi jamsides andre former som keless’n og korless’n. Då kan det verka som korsn, kersn og liknande avbrigde er avstytte former som korleis’n og keless’n. Me finn til og med eit slags millomsteg her, kels’n i Rana, som synest å stytta upp under dette. Korleis /ls/ vart til i keless’n > kersn er mindre klårt, men det kann vera i mynster etter korsn, som venteleg hev r-en sin frå korleis’n. For å vera litt meir teknisk, fær /kuʂɳ ̩ / venteleg retrofleks uttale på grunn av den retroflekse l-en i /kuɭɛɪ̯ sn̩/, dvs. /kuɭɛɪ̯ sn̩/ > */kuɭsn̩/ > */kuɭʂɳ ̩ / > /kuʂɳ ̩ /. Formi /kɛsn̩/ er vanleg i ranværingsmål, og me ser millomformi /kɛlsn̩/ i nedteikningane frå Rana. /kɛʂɲ ̩ / er då høgst sannsynleg analogisk etter /kuʂɳ ̩ /.
I denne artikkelen hev eg prøvt å gjeva ei yversyn yver spyrjeordi i både det gamle vefsnmålet og vefsndialekten i dag, og sett dei i samanheng med dei gamalnorske formene. Det er mykje ymsing, både i nyare og eldre tid, og dette gjer det vanskelegt å halda styr på alle formene. Men aller sist ynskjer eg å uppsummera hovudpunkti mine når det gjeld spyrjeordi i vefsnmålet.
Kve er den eldre formi av ke. Eg legg fram at ordet er frå gamalnorsk hverr ‘kven, kva for ein, kva’, og stør upp under dette med at me finn liknande former som trøndersk ker. I dag kann formi brukast med partikkelen leis’n for å danna tydingi ‘korleis’, t.d. ke dæ går leis’n?
Kem er frå gamalnorsk hveim, og er upphavleg dativ, dvs. ‘for kven, med kven, av kven’.
Kor, i dag bruka um stad (kor ifrå?), grad (kor mykje?) og stundom for ‘korleis’ (kor dæ går?), var tradisjonelt berre bruka for ‘korleis’ og som spyrjeord i gradspursmål. Formi hadde tidlegare fleire uttalevariantar: kor, kør, kår, kur. Det næraste motsvaret i gamalnorsk er hversu, som kan tenkjast å vera upphavet til formi. I dag kann ordet koma fyre med partikkelen leis’n, t.d. kor dæ går leis’n?
K(v)ar og kvarst er dei gamle spyrjeordi for stadspursmål, jf. nynorsk kvar. I dag hev kor teke yver etter bruken av hvor på bokmål.
Keffør og koffør er nyare former som speglar nynorsk kvifor og bokmål hvorfor. Dei finst òg med -fer, dvs. keffer, koffer. Tradisjonelt bruka ein helder uttrykksmåtar som kve […] føre, kor dæ va skaft og kor dæ høvde.
Korsn, kersn og korleis(’n) er nyare former som speglar nynorsk korleis. Dei fyrste tvo er truleg avstyttingar av korleis’n og keless’n, som elles er vanlege former i helgelandsmål. Dei kann brukast for kva for ein, t.d. korsn bil?, og dette er truleg teke frå andre nordnorske målføre. Tradisjonelt mål bruka helder k(v)e (t.d. kve dag), k(v)e førslags (t.d. kve førslags karæ) og k(v)e før ein (t.d. ke før ein let ‘kva for ein farge’).
Tavla under gjev full yversyn yver alle formene og kva målsteg dei høyrer til.
Me ser altso at det er store endringar som hev gjenge fyre seg i desse ordi, både frå gamalnorsk til eldre vefsnmål, og frå eldre vefsnmål til dialekten i dag. Samstundes som noko av ymsingi i det gamle målføret ser ut til å ha dotte ut, t.d. kvar ~ kvarst og kor ~ kør ~ kur ~ kår som stort sett berre heiter kor i dag, hev me likevel fenge mykje formvariasjon på andre umråde, t.d. korsn ~ kersn ~ korleis’n eller kor/ke […] leis’n.
Som forklåringar på endringi, kann ein trekkja fram faktorar som industrialisering, sentralisering og urbanisering. Alle desse faktorane fører til auka kontakt millom folk. Systemet i det tradisjonelle vefsnmålet liknar stort sett meir på det gamalnorske, men dei seinare formene ser ut til å nærma seg dei bokmålske. Her må samfunnsutviklingi ha vore den største drivkrafti bak endringane. Likevel er restane frå det eldre målføret mange, og slettes ikkje burte frå talemålet i Vefsn i dag. Vi får no sjå kor dæ bi leis’n i framti’n…