Stutt um Tsuma - målet mitt :^]

Av Lucas
Nov. 2, 2025

Gå attende til artikkeloversyn

Posted in:
  • gil_icon Kløngjing

(Denne teigen skreiv eg fyrst 2022.10.09, men eg la han aldri ut av ukjende grunnar. Her er han i alle fall!)

Tsuma er eit kunstmål eg tok til å emna på fyrst i desember 2021. Det gjekk fyrst gjenom eit stìg der eg prøvde å få alle dei rare idéane mine til å sameinast, men det greidde eg ikkje, so då gav eg upp ei stund. Seinare utpå sumaren tok eg til å arbeida på eit nytt utkast av målet, og no trur eg det endeleg hev teke form.

Eg hev laga mange kunstmål sidan den gong eg fyrst vart huga på mål, men fåe hev eg kome noko langt med. Tsuma er nog det fyrste av kunstmåli mine eg kjenner eg er glad i. Det er langt frå perfekt, og det manglar myyyyykje fyrr eg kann segja at det stend på eigne føter, men det er nog det målet eg er mest nøgd med til no. I dette innlegget vil eg dryfta stutt um målet, kva som sermerkjer det og kva eg vil med det i framtidi.

’wehu obá ígalwe!

Yversyn

Då eg fyrst byrja på målet sette eg upp nokre mål for korleis det skulde sjå ut. Desse var:

  • Evidensialitet i ei eller onnor form
  • Infiksering
  • Syllable-timed stress
  • Pro-drop, men utan personbøygjing av verb, a là det japansk hev.
  • Head-finality, d.v.s. at hovudi kjem sist
  • Naturalisme

Etter som målet vaks og eg måtte ta fleire og fleire avgjerder, dreiv målet undan dei upphavlege måli eg sette. I dag hev nog ikkje tsuma slik syllable-timed stress (uviss kva eg eingong meinte med det), og infikseringi liknar nog mest på det ein helder kallar metatese.

Slik tsuma er i dag, er substantivi bøygde i fire tal og åtte kasus, og dei kann òg ta pronominale åtfeste (affiksar). Verbi er bøygde i tvo aspekt og tri evidensiale kategoriar. Dei hev òg tvo framtidmerke. I tillegg hev målet ulike taleregister, merkte med ymse fyrefeste på verbi. Refleksive og kausative former kann òg dannast morfologiskt.

Ljodvoksteren er greinleg enkel. Målet hev eit typiskt vokalsystem med fem vokalar og lengdskiland. Serskilt for konsonantane er ei eigi palatalrad og laterale afrikatar, men som med mykje anna er det ein del ymsing i målføri.

Ljodvoksteren

Noko eg trur er nogso typologiskt sereige for tsuma er at målet skil millom klanglaus og klangfør lateral affrikat, d.v.s /t͡ɬ/ ~ /d͡ɮ/. Eg hev rota umkring på wikipedia og funne mål med slike skilnader, men det er ganske so sjeldan. So er det visst vanlegare med aspireringsskilnad i slike affrikatar, altso er det vanlegare med /t͡ɬʰ/ ~ /t͡ɬ/.

Tsuma hev palatalane /ɲ, ʎ, c, ɟ/. Som nordlending kjende eg jo at eg måtte ha med dei. Skal ein ha godtmål, må ein ha palatalar! Men, rett nog kann ein segja at dei ikkje finst i ein yverordna analyse av målet, og då tenkjer eg fyrst og fremst på ein fleirdialektal analyse. Hovudanalysen byggjer nemleg på midlandsmålføre (ikkje dei norske!), som altso hev alle desse palatalane. Men i vestlege målføre hev dei /nj, lj, t͡ʃ, d͡ʒ/ i staden, og då gjev det truleg meir meining å analysera konsonantane som //nj, lj, tj, dj//. Men, her diskriminerer eg dei andre målføri litegrand. Kann henda gjer eg um på fonologien ein dag, og då kann det vera at denne fleirdialektale analysen vinn fram.

Når det gjeld morfofonemikk, er konsonantmutasjon, metatese og e-/o-stomnar dei viktigaste sermerki. Gamaltsuma hadde friare fonotaktikk, noko som opna ymse konsonantklyngjor, men med tidi vart desse forenkla. Denne forenklingi hadde ulikt utfall alt etter um konsonantklyngja stod fyrst i ordet, eller um ho hadde vokal framfyres seg. Soleis vart *dwohæ til dohe "tre", medan *tiwa-dwohæ vart tsibohe "skog". Dette er altso noko den som lærer tsuma berre må pugga.

Metatese fekk målet då partiklane u (perfektiv) og i (akkusativ) vilde verta ein del av ordi framfyre seg. Men då dei heldt på å verta halvvokalar /-w/ og /-j/ gjekk det ikkje so bra. Frå gamalt av hev tsuma havt eit sterkt hat mot ordfinale konsonantar. Ein fær gjerna ha CV- og CVCV-strukturar, men aldri aldri ALDRI noko som CVC eller CVCVC!!! Men so tala folk so fort, og det var vanskelegt å halda u og i fråskilde frå ordi fyre... Kva var løysningi? Vel... Kva um vi berre skuvar vokalane inni ordstomnen, slik at *uma-u (>*uma-w?) vert umwa? Ja! Det kann vi gjera! Men... når u vert ein del av ordstomnen, skiftar det trykket til sistestavingi, for hovudregelen er jo at trykket landar på næst siste staving... Då bryt heile systemet ned! Dette er galenskap!!! eller! Kva um vi lengjer sistevokalen, for tunge stavingar fær jo alltid trykk... Ja, det kann vi gjera... Og no heiter det umwá (sjå.PERF).

Dette er berre ein smakebit på alt rotet som kom til då eg avgjorde at målet skulde ha metatese. Eg trur eg hev kartlagt alle tilfelli og reglane som skal til for at heile dette brigdet gjev meining, men eg er ikkje heilt sikker på um det verkeleg gjer det. Men det er løgjelegt å halda på med, i alle fall. :}

Dette med e-/o-stomnar er lettare. Det handlar berre um at tsuma apokoperte dei midtre vokalane /e/ og /o/ i utljod, men so dukkar dei upp att når ein set på ymse formativar. Som oftast er det tri endingar, alt etter um ordet enda på -e eller -o i gamaltsuma, eller um ordet enno endar på ein vokal.

Formverket

Tsuma skil tri evidensiale kategoriar i verb: direct, inferred og reported (kva vert desse på norsk???). Den fyrste kategorien, direct, er bruka i dei fleste tilfelle. Han fyresegjer at informasjonen er ålmennkjend, eller at dette er noko talaren sjølv hev vitna. Den andre kategorien, inferred, vert bruka um ting talaren trur. Dette kann vera ting talaren meiner er sannsynlegt frå det som er visst, endå um denne kunnskapen kann vera avgrensa. Den tridje kategorien, reported, vert bruka um informasjon talaren hev høyrt eller vorte fortald. Alle desse kategoriane er merkte i beggje aspekti:

Verbet "å kverva" bøygt etter aspekt og evidens.
Imperfektiv Perfektiv
Direct tsébet tsébetwo
Inferred tsébetoné tsébetoné
Reported tsébetogu tsébetogu

Som de ser, er skilnaden millom imperfektiv og perfektiv tapt i inferred- og reported-formene.

Substantivi er bøygde i 8 kasus: nominativ, akkusativ, dativ, lokativ, ablativ, komitativ, instrumentalis og abessiv. Um ein reiser langt nog attende i tid, vil ein sjå at alle desse kasusi hev leksikalske kjeldor. Akkusativen -(i)y- og -i kann sporast attende til verbet ilæ, som enno finst i det yngre målet som il "å gripa tak i". Komitativen -(o/e)bye gjeng attende til substantivet *byælo, som tydde "kamerat" eller "kompis". I forne dagar var det nog ein preposisjon, men seinare gjekk det yver til å verta bruka etter substantivi, truleg i analogi med postposisjonane som det var mange fleire av. Abessiven sprang ut av komitativen ved at neittingsendingi -du vart lagt attpå kasusendingi, slik at ein fekk tydingi "ikkje med", ergo "utan".

Skrifti

Tsuma hev òg sitt eige skriftsystem! Skrifti kom til Nyéweho (nemningi på talarane av tsuma) frå ókogy-talande folk (kunstmålet åt Tlidugi, som voneleg vert skrive meir um i framtidi). Ókogy skil seg sterkt frå tsuma på alle måtar, so det var vanskelegt å få det til å høva. Men med tidi vart skrifti tilmåta slik at ein kunde skriva tsuma med det, endå det gjorde tok skrifti ganske langt burt frå utgangspunket sitt i Ókogy-målet.

tsumaskrift_konsonantar

tsumaskrift_vokalar

Skrifti verkar slik at ei staving er bygd upp av ein konsonant med ein vokal yver seg. Lange vokalar er merkte med eit strok yver vokalen, og lange konsonantar er soleis merkte med eit strok under konsonanten. Som de ser, finst det ikkje eigne teikn for klangføre konsonantar. Desse er merkte med ein sirkel under konsonanten. Når fyrstestavingi byrjar på ein vokal, stend han utan nokon konsonant under seg. /o/ fungerer som ein "inherrent vowel", og er ikkje skriven minder han kjem fyrst i ordet eller når han er lang. Då vil konsonantteiknet hevjast upp på same høgd som vokalane. Og sjølvsagt skriv ein frå høgre til vinstre.

Her er eit par døme på skrifti i bruk. Målet i desse dømi er nog ganske utdatert no, men eg hev ikkje makta å retta upp i det enno.

frosk

Her trur eg det stend noko um at froskar likar å eta blomstrar, men minnet er vagt...

Hev kje snøring kva som stend her, men det er sikkert kjempepoetiskt.

Kva vil eg emna meir på i framtidi?

Etter kvart vil eg utvikla fleire dottermål i tsuma-ætti. Eg er allereide i gang med idémyldring til dottermåli, t.d. nasale vokalar, blandingsmål, utdøydde målgreiner, framvokster av nye verbmodus og mykje anna. Men for at det skal verta mogelegt å utvikla noko dottermål må eg fyrst få grammatikken til eit punkt der eg kjenner at han er nokorlunda heilskapleg.

Ellers var det intet.

Det var alt eg hadde. Håpar det vart interessant lesnad or dette!