Detta er eigenleg næstan berre natsjos. Eg fann det på og var utruleg stolt og so er det berre natsjos med lasanjeplator. Men det er veldig godt :))) vanleg lasanja er ofte litt for tungt for meg, men denna er ganske lett. Uppskrifti er òg etter måten kjapp å laga, og mesteparten av tidi skal det stå i omnen.
Uppskrifti lagar tvo digre porsjonar.
Du treng:
Av reidskapar:
- Ei eldfast form og omn å ha ho i
- Ei litt stor steikjepanna
Av innhald:
- 1 agurk
- 1 boks krem frésj
- 1 boks kilibaunor (400g)
- 1 ganske stor lauk
- 1 gulrot
- 1 søtpaprika
- Tomatar i fljotande form
- Lasanjeplator
- Litt riven ost
Av krydd:
- Kumen
- Malen ingefær
- Kvitlaukspulver
- Paprikapulver
- Kajennepepar
- Oregano
- Kanel
- Salt og pepar
- Buljong um du vil
- Kva enn du likar som høver i kili :)
Gjerd:
- Hakk lauk, gulrot, og paprika i den rekkjefylgja og ha deim i panna. Steik til det ser bra ut.
- Ha i baunor og tomat. Ha i all slags krydd (men litt mindre salt en du vil ha, sidan det skal vera salt andre stader) til du tykkjer det smakar litt sterkare en det du vil eta til slutt. Det skal vera litt søtt, so um det ikkje er det, kann du ha i ketsjup. Det skal vera ein god lut væska uppi no - ha i vatn um det er for turt - og so let du det koka ut medan du gjer klårt resten.
- Skjer agurken i tunne skivor, og legg deim ut på skjerefjøli. Ha salt på deim - detta skal trekkja vatnet or deim.
- Finn fram den eldfaste formi, og ha litt bittelitt væska i botnen - t.d. tomatsaus, fløyte, eller begge - og legg ned eitt lag med lasanjeplator.
- Spreid krem frésj utetter heile laget med plator.
- Ta eit kjøkenpapir og turk burt væska som hev kome ut av agurkplatone - legg deim so uppå kremfrésjen i eit nytt lag. Agurklaget treng ikkje vera serleg tett - det held kann vera um lag like mykje tomrom som agurk.
- Ha på eit lag med saus.
- So gjer du alt umatt og umatt til formi er full og du etter all von hev brukt upp all sausen og all kremfrésjen. På toppen hev du riven ost og nokre klattar med kremfrésj.
- Ha det inn i omnen på 180C i typ 25 min eller til det ser bra ut.

Namnam :)
Det smakar ganske som natsjos, og pga agurken er det ikkje like tungt og fyldig som vanleg lasanja. Truleg er det litt sunnare òg sidan det ikkje er noko kjøt.