Det er mange ting eg ikkje skynar heilt med målføret i heimetraktene mine. Men likevel hev eg som regel greidt å arbeida meg fram til eit eller anna svar; det finst stort sett svar på kvifor ting i målet er slik dei er. Emnet eg skal ta fyre meg i dette innlegget er undantaket. Utfallet av denne vokalen hev ikkje interessert meg stort, noko som er nogso merkelegt i og med at fordelingi i mitt eige talemål ikkje gjev meining utan vidare. I eine ordet hev eg /o/ (t.d. orka) som er det mest venta, men i eit anna eit kann eg ha /ø/ (t.d. lov). Målet med denne artikkelen er å utforska denne fordelingi. Sjølv um eg kannskje ikkje fær noko konkret svar, vil det likevel vera ei stìg i rett leid.
Metoden hev vore nogso enkel; eg hev samla inn ei liti lista med gamalnorske ord med /o/ i seg, som òg hev refleksar i det tradisjonelle vefsnmålet (som skil seg noko frå mitt eige talemål, som representerer eit yngre målstìg). Etter alt håp skal det då vera mogelegt å sjå etter mynster i ordlista, og soleis kunna setja upp reglar som skildrar fordelingi ein finn i ho.
Ikkje fyrr no nyleg lærde eg at /o/ slik vi kjenner han på gamalnorsk, ikkje fanst på frumnordisk i det heile. Eg siterer det Odd Einar Haugen skriv i Norrøn Grammatikk i Hovuddrag: "Overgangen u > o er av særleg interesse, fordi urnordisk ikkje hadde nokon kort o".
Det kom som ei stor yverrasking for meg. Fyrst gruvla eg på um dette kunde vera noko sereige for frumnordisk, og som soleis ikkje galdt resten av germansk. Men nei, eit glytt innum Wikipedia fortel oss at frumgermansk var likeins (som eg hev illustrert so fint i dei stolne wikipedia-tavlone nedanfyre). Vi hadde altso alle desse fine pari: /i/ - /i:/, /e/ - /e:/, /u/ - /u:/ og /ɑ/ - /ɑ:/. Men når vi kjem til det midtre-bakre umrådet i vokalromet, finn vi berre den lange vokalen /o:/ (og rett nog ein yverlang variant /o::/). Um det var slik at germansk ikkje hadde nokon stutt /o/ i utgangspunktet, kvar er det vi fær norrøn /o/ ifrå?
Her fylgjer Haugen upp med dette: "Etter a-omlyden vart dette holet i systemet fylt, (...). Vi reknar at a-omlyden har vore verksam i perfektum partisipp av 2., 3. og 4. klasse av sterke verb, t.d. *brutanaʀ > *brotenaʀ > brotinn av brjóta st.vb". Med andre ord ættar all /o/ på norrønt frå frumgermansk */u/, og /o/ uppstod ikkje fyrr /ɑ/ i dei fylgjande stavingane drog ned /u/-vokalen til /o/. Det er altso dette som er a-umljod.
Inntrykket mitt er at gamalnorsk /o/ ikkje er like vanleg som alle dei andre vokalane, men det kann fort vera feil. Men um det stemmer at han er sjeldan, kann ei forklåring på det vera at han er ein relativt ny vokal i det norrøne målstìget. Det hev vist seg å vera relevant for innsamlingi mi. I alt greidde eg å samla inn litt yver 50 ordformer med tilsvarande refleksar i vefsnmålet, men eg hev sjølvsagt ikkje bruka so lang tid på dette. Ein finn truleg fleire berre ein leitar lengre.
I ordsamlingi mi er det tvo hovudrefleksar av gamalnorsk /o/. Den vanlegaste er enkelt og greidt /o(:)/. Den næst vanlege er /ø(:)/.
Eg hev òg funne tvo smærre gruppor. Den tridje gruppa hev ein vokalrefleks som er vorten skildra som "millom å, ø og o ein stad" i litteraturen. Uttalen skal visst variera mykje frå person til person, men frå det litle eg hev høyrt, høyrest han ut som ein låg, sentral vokal. Eg hev valt å bruka IPA-teiknet [ɞ] um han. Den fjerde gruppa hev /u(:)/ som refleks. Berre 6 ordformer i samlingi mi soknar til denne gruppa.
For dei tvo smærre gruppone er det lett å sjå samanhengen. Det er tydelegt at [ɞ] må vera ein allofon fyre palatalar. Vilhjelm Riksheim skildar han som "den vanlege uttalen av o fyre pal.". Då tek eg det for godt at han soknar til /o/-fonemet, utan å utforska det vidare. For /u(:)/-refleksen verkar det som eit regelbunde utfall fyre gamalnorsk /-rð/. Vi hev for lite data til å slutta noko utifrå dei resterande ordi. Kannskje dei er døme på sporadiske endringar?
I dei andre ordi er det nog fleire høve som spelar inn. Jamt yver ser vi /ø(:)/-refleksar der det gamalnorske ordet hadde frikativane /f/, /s/ og /ð/ etter. Ein finn han og fyre likvidane /r/ og /l/, og fyre stoggi /t/ og /p/ (som vert utsett for lenisering etter lange vokalar, slik at realiseringi vert [d̥, b̥]). Her er det verdt å nemna at det tradisjonelle målføret ser ut til å ha hatt ein lang allofon [œː] fyre [ʋ], [ɽ], [s], [d̥] og [b̥]
Den vanlegaste refleksen /o(:)/ ser ut til å vera den realiseringi fyre gamal /g/, /k/, /m/, /n/ (um vi fyreset at når refleksen er /u(:)/, er det sporadiskt og ikkje ein del av hovudregelen). Elles ser vi at når vokalen er stytta i lange stavingar, finn vi han fyre gamal /l/, /r/, /p/, /t/, /k/, /g/, /f/.
Samsvaret eg no hev skildra (utan smågruppone) kan skjematiserast slik som eg hev gjort i tavla under. Tavla syner fram døme på kva samband som er attestert.
Her er ein freistnad på å systematisera tendensane samlingi.
Stutte stavingar
Her er det fire undantak.
Lange stavingar
Her er det òg nokre uklåre ting.
Nett no legg eg det veldig ope; vi ser tendensar i den litle ordsamlingi mi, men det er mykje motstridande informasjon. For å få tydelegare skildringar på fordelingi av refleksane av gn. /o/ treng ein truleg:
Det var alt eg hadde for no!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!